Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.
Fleire vegar til målet for treffsikker kreftmedisin
Nye legemiddel er ofte gode alternativ til tradisjonell cellegift i kreftbehandling, men vi veit ikkje når det er riktig å bruka dei.
Cellegift er ei vanleg behandlingsform mot kreft, men har alvorlege biverknadar som håravfall, utmatting og nedsett immunforsvar.
Men for rundt ti år sidan kom ei ny gruppe medisinar på marknaden som alternativ til dagens cellegiftbehandling.
– Denne gruppa heiter antistoff-legemiddelkonjugat, forkorta til ADCar etter det engelsk namnet, seier forskar Astrid Medhus ved Institutt for kreftforsking, Radiumhospitalet.
– Dei siste åra har betre teknologi og kunnskap ført til ei stor satsing på å utvikle nya ADCar.
Minimera skade på friske celler
Forskjellen på tradisjonell cellegiftbehandling og ADCar er som forskjellen mellom haglejakt og skarpskyting.
Cellegifta angrip cellene i heile kroppen, men kreftcellene toler angrepet dårlegare enn friske celler.
ADCane er designa til å berre angripa kreftcellene.
Dei består av tre hovudkomponentar: antistoff som kan gjenkjenna bestemte markørar på celler, ein giftkomponent og ei kopling som bind dei to saman, forklarar forskaren.
Verkar ikkje alltid
– Kreftceller har fleire av slike markørar enn friske celler har, forklarar Medhus.
Når ein ADC gjenkjenner markøren på ei kreftcelle, bind han seg til markøren og blir tatt opp av cella. Fyrst når ADCen er inne i kreftcella blir gifta frigjort og kan drepa cella.
På denne måten kan ein minimera skade på friske celler.
– ADCar har hatt stor suksess i mange kreftformer, men det er ikkje alltid dei verkar. Per i dag veit vi ikkje kva pasientar som vil dra nytte av denne nye behandlingsforma, seier Medhus.
Majoriteten får ikkje noen effekt
Talet på pasientar som får effekt av ADCar er vanlegvis mellom 20 og 50 prosent. Det betyr at det for majoriteten av behandlade pasientar ikkje har nokon effekt.
– Det fekk oss til å sjå nærare på detaljane i korleis desse legemidla fungerer Utgangspunktet vårt var at det ikkje er nok å få cellegifta fram til kreftcella. Gifta må óg inn i cella for å ha nokon effekt, seier Medhus.
– Så vi har sett på ei gruppe protein som heiter Rab-GTPasar. Dei styrer opptak og transport inne i cella, og fungerer som portvaktarar i transporten.
Forstår ikkje fullt ut rolla
Undersøkingane til Medhus og teamet hennar har bekrefta mistanken om at det ikkje er nok å få gifta fram til kreftcella, men at høge nivå av riktig portvaktarprotein kan vera viktig for å gi betre effekt av ADCen
– Ikkje berre det, men vi såg óg at når overflatemarkør ikkje klarte å føreseia respons på ADC-behandlinga, kunne desse Rab-GTPasene bli brukt i staden for.
– Vi meiner derfor at for å finna ut om ein pasient vil ha effekt av ein ADC, må ein sjå på nivåa av Rab-GTPasane i tillegg til overflatemarkøren. Eg understrekar at vi enno ikkje fullt ut forstår kva rolle Rab-GTPase spelar for opptaket av ADCer. Men vi veit at rolla er viktig, seier Medhus.
Sett saman som legoklossar
Utvikling av nya ADCar skjer i rakettfart. Medhus fortel at dei store legemiddelfirmaa innan onkologi, altså kreftbehandling, jobbar med å utvikla nye ADCar.
– Så handlar det om korleis ein set komponentane saman, litt som legoklossar. Korleis desse klossane vert sette samen har mykje å seia for korleis ADCen fungerer, og derfor óg kva Rab-GTPasar som er viktige for at han skal fungera, seier Medhus.
– Vi meiner at behandlinga har to steg, og at steg to, å få gifta inn i cella, er litt oversett. Det vert som å gå: kvart steg vert lenger om du brukar begge føtene.
Les også disse sakene fra Universitetet i Oslo:
forskning.no vil gjerne høre fra deg!
Har du en tilbakemelding, spørsmål, ros eller kritikk? TA KONTAKT HER