Denne artikkelen er produsert og finansiert av NIBIO - les mer.

Å styve betyr å hugge topp og greiner av ståande lauvtre, eller å felle eit tre. På biletet er styvde asketre i Sogndal.

Før i tida hogde bøndene på Vestlandet toppen av treet for å gi dyra mat. No er styving kulturarv 

På Vestlandet har gardbrukarar i hundreår skore tre på denne måten for å skaffe ekstra fôr. 

Styving er ein urgammal måte å skjere tre på for å stimulere til ny bladvekst. Det blir framleis gjort mange stader – særleg på Vestlandet. 

Det er fleire grunnar til det. Det har mellom anna blitt innført tilskot for styving av tre som eit ledd i å verne kulturlandskapet og ta vare på biologisk mangfald.

Forskarane har no sett nærare på den moderne styvingspraksisen i Vestland fylke. Studien kombinerte intervju og spørjeundersøkingar retta mot bønder som styvar i regionen.

Tradisjonelt gav styving ekstra fôr frå tresjiktet. Det gjorde det mogeleg å utnytte ressursar frå områder som ikkje eignar seg for beite og hausting av gras. Blada vart fôr og greinene vart brukte til verktøy, staur og ved. 

– I dag er den økonomiske avkastninga av fôrproduksjon frå styving likevel for låg til at det er lønnsamt for bonden, fortel NIBIO-forskar og samfunnsøkonom Anna Birgitte Milford.

Forskarane ville finne ut kva som motiverer bønder til å halde fram med styving. Styvar dei fordi dei får tilskot for å gjere det, eller er det andre forhold dei ser på, som viktigare?

Forskarane har også vore opptatte av å undersøkje kva økosystemtenester styving bidrar med. Det er mellom anna bioressursar, kulturell verdi og bevaring av biomangfald. Utfordringar knytt til styving vart òg adresserte.

Se video om styving.

Ein del av kulturarven vår

Styvde tre blir ofte uthola i midten i yngre alder enn tre som ikkje er skjøtta. Uthola lauvtre er eit spesielt verdifullt leveområde for ei rekkje artar.

Forskarane fann at motivasjonen for å halde ved like styvde tre for nokon ligg i at trea kan forhindre erosjon og gi dyra ly. 

For dei fleste bøndene derimot var verdiar knytte til kulturarv og estetikk trekt fram som viktigare.

– Fleire av bøndene vi intervjua, fortalde at dei set pris på eit landskap med styvde tre. Det representerer kulturarven vår. For desse var det hovudårsaka til at dei held oppe styving som praksis, fortel NIBIO-forskar Jørund Johansen som gjennomførte dei aller fleste intervjua.

Forskarane fann ut at motivasjonen til bøndene for å styve strekk seg forbi tilskota dei får.

– Gardbrukarane såg få ulemper med styving. Sjølv om tilskotet dei får for å styve er absolutt velkomme, uttrykte dei aller fleste ein vilje til å halde fram med styving uavhengig av økonomisk støtte, legg Johansen til.

Styving er ein tradisjonell teknikk der dei øvste greinene på eit tre vert kutta. Berre stammen og nokre få hovudgreiner står att. På biletet ser me ein styvd ask som står i Fykse utanfor Øystese i Kvam kommune.

Styving bidrar til auka biomangfald

Gamle tre er svært viktige for biologisk mangfald. Eit styvd tre har auka sannsyn for å bli gammalt grunna den estetiske verdien og fysiologien til treet.

– Styva tre har ei relativt lita krone på ei låg og tjukk stamme. Det gjer treet meir robust mot vêr og vind. I tillegg blir styvde tre ofte uthola i midten i yngre alder enn tre som ikkje er skjøtta. Uthola lauvtre er eit spesielt verdifullt leveområde for ei rekkje artar, fortel NIBIO-forskar og økolog Fride Høistad Schei.

Ho legg til at styvde tre i jordbrukslandskapet er viktige levestader for lav, mosar, sopp og insekt. Det fremjar dermed biomangfaldet i området. 

– Nettopp biomangfald vart framheva av fleire bønder som ein viktig faktor for å føre vidare praksisen, seier Schei.

Studien avslørte også at fleire bønder som styvar, gjerne lar greiner og kvistar bli liggjande i haugar på utsida av åkeren. Kvisthaugane gir struktur til landskapet og gir dyr mogelegheiter for å etablera bo- eller hi-områder.

– Det som er interessant å merke seg her, er at gardbrukarane gjer dette trass i råd om det motsette frå fylkesmannen som utskriv tilskot til styving. Han oppmodar til å halda det styvde området «ryddig og fint», seier Schei.

– Det kan verke som om måla om å verne biomangfald sat opp mot det estetiske aspektet ikkje heilt går opp her. Det er ikkje uvanleg for forvaltninga av kulturlandskap.

Ho fortel at dette er eit tema forskarane har diskutert med representantar frå statsforvaltaren i Vestland, med ei oppmoding om at det blir gjort endringar i framtidige råd.

Styvde tre i jordbrukslandskapet er viktige levesteder for lav, mosar, sopp og insekt, og fremjar biomangfoldet i området. Her ser vi eit kulturlandskap med styvingstrær i Ulvik.

Tilskotsordninga bør haldast oppe

Her står fleire av deltakarane i prosjektet føre eit styvd tre i Ulvik.

Anna Birgitte Milford seier at studien har vore nyttig av fleire grunnar. Han har mellom anna kunnet seie noko om framtida for styving som tiltak. Det har også gitt forskarane mogelegheit til å peike på måtar som aukar effekten av tiltaket.

– Resultata tyder på at å dele kunnskap om styving som ein del av kulturarven vår, og opplyse både gardbrukarar og andre om fordelane styving kan ha for biomangfaldet, kan vere ein god strategi for å halde oppe styving som praksis, seier ho.

– Dei eksisterande økonomiske støtteordningane har nok også ei betydning her. Det kan hende at nokon hadde styva uansett, men utan tilskotet hadde det kanskje skjedd meir sporadisk og utan særleg stor etablering av nye styvde tre.

Forskarane trur dermed at det er nødvendig å halde oppe tilskotsordninga for gardbrukarar som styvar.

– Og så kan ein jo vurdere å forandre litt på tilrådingane knytt til rydding av kvisthaugar frå landskapet. Det er absolutt betre for biomangfaldet å la desse liggje i staden for å brenne dei, legg Schei til.

Referanse:

Anna Birgitte Milford mfl.: «Historical signs in the landscape»: Ecosystem services, motivation and challenges of pollarding in Western Norway. Agroforest Syst, 2024. Doi.org/10.1007/s10457-024-00994-9

Om forskningsprosjektet ROTATE

  • Bruk av tradisjonell kunnskap for å stoppe tap av biodiversitet i skog (Application of traditional knowledge to halt biodiversity loss in woodlands) er eit større tverrfagleg samarbeidsprosjekt mellom tsjekkiske og norske forskarar.
  • Målet med ROTATE er å støtte det biologiske mangfaldet av organismar knytt til tradisjonelle former for skogbruk som har opphørt eller er i rask tilbakegang. Gjennom tverrfagleg samarbeid innan forsking og praktisk gjennomføring søkjer prosjektet å gjenopplive tradisjonelt skogbruk for å verne og styrkje dette biologiske mangfaldet.
  • Prosjektpartnarar er NIBIO, the Czech University of Life Sciences Praque, Biology Centre (CAS) og IBOT. Norsk prosjektansvarleg er Fride Høistad Schei, forskar ved NIBIO.

Animasjonsfilmar om tradisjonell drift av lauvtre og skog

Som ein del av formidlinga frå prosjektet ROTATE, har det blitt produsert tre animasjonsvideoar. Den første omhandlar styving, medan dei to andre omhandlar raking av lauv og stubbelauving. Sjå videoane her eller på NIBIOs YouTube-kanal:

NIBIO på YouTube.

Powered by Labrador CMS