Annonse

Jan Terje Faarlund får svensk prestisjepris

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Språkprofessor Jan Terje Faarlund er tildelt den svenske Gaud Rausing-prisen, melder Uniforum.

– Eg er overraska, overvelda og glad for tildelinga, seier Faarlund i ein kommentar på nettsidene til Institutt for lingvistiske og nordiske studium.

Jan Terje Faarlund er professor i nordisk språkvitskap ved UiO, og han er den andre norske forskaren som får denne æra sidan prisen blei oppretta. Faarlund får Gad Rausing-prisen for innsatsen han har gjort for deskriptiv og teoretisk lingvistikk og hans evne til å formidla forskinga vidare til eit breitt publikum.

Prisen er på 1 million svenske kroner og blir delt ut kvart år til ein nordisk forskar som visa til framifrå forskingsinnsats innanfor humaniora.

Powered by Labrador CMS