Enkelt og effektivt reinhald
– Folk bruker ikkje alltid dei mest effektive metodane, og dårleg reinhald kan få negative konsekvensar for helsa, seier inneklima-professor ved Høgskolen i Oslo, Oddbjørn Sjøvold.
Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

– Når du skal gjere reint heime, kan du ta til med ein støvsugar med høgeffektivt HEPA-filter eller ein sentralstøvsugar. Gjer tilgjengeleg alle flatene du skal gjere reint på først. HEPA-filteret samlar opp små, ultrafine partiklar.
– Utan HEPA-filter kjem mykje av finstøvet tilbake til rommet. Same effekten oppnår du om du har ein sentralstøvsugar som tek alt finstøvet ut i det fri, seier Oddbjørn Sjøvold.
Mikrofibermopp effektivt

Når støvsuginga er gjort unna, kan du gå i gang med sjølve reingjeringa. Då er det ikkje så mange partiklar igjen på flatene som skal gjerast reine.
– Til reingjering i heimen er mikrofibermopp utruleg effektivt, spesielt om du fuktar han litt. Han skal berre vere fuktig, ikkje våt. Då kan det bli veldig reint.
– Til flekkar kan du bruke reingjeringsmiddel i tillegg, seier Sjøvold.
Farleg finstøv
– Kva slags skade kan fine støvpartiklar gjere?
– Finstøv som er mindre enn 5 mikrometer kan gå ned i lungespissane, og er det for mykje støv i lufta, kan slimhinnene tørke ut, og skape reaksjonar som er ubehagelege, med for eksempel influensasymptom.
– Å førebyggje med reinhald etter den metoden eg har gjort greie for er svært effektivt, framhevar Sjøvold.
Grønsåpe blir støv

– Kvifor ikkje vaske med grønsåpe?
– Då vert det lagt igjen ein fin film av grønsåpe på golvflata. Det er difor det luktar godt. Ein vaskar som regel ikkje med reint vatn etterpå.
– Filmen av grønsåpe tørkar etter kvart på golvet, og blir til partiklar av kjemikaliar, som igjen kjem opp i lufta som støv, og øydelegg inneklimaet. Grønsåpe er eit basisk kjemikalium.
– Bruk minst mogeleg kjemikaliar eller reingjeringsmidlar. På stove- og soverom er det som regel ikkje nødvendig med kjemikaliar eller så mykje fukt, seier Sjøvold.
Teppe samlar skit og støv
– Hugs at vegg- til veggteppe kan samle skit og støv, og når du går på det, vil støvet flyge opp. Det må ein god støvsugar til for å få godt reinhald av teppe. Ein bør også få vaska teppa skikkeleg regelmessig. Du må forvente kaffisøl, søl av mineralvatn og anna.
– Det festar seg i teppet, og utan vask av teppet blir det liggjande der, og kan gje grunnlag for vekst av mikroorganismar. Nede i teppet vil det ofte vere organisk støv der bakteriar og sopp kan trivast veldig godt.
– Vi som arbeider med inneklima rår frå bruk av teppe. Lause teppe kan derimot fjernast frå golvet og kan lett gjerast reine, seier Sjøvold.
Om du har varmepumpe, er det verd å vere merksam på at dei har ei vifte som bles varm luft inn i rommet, og om du ikkje har godt reinhald, og det er mykje støv, sirkulerer støvet rundt i rommet.
Reingjeringsmiddel bad

Elles kan luftreinsarar ta bort støv frå 1 mikrometer til 0,1 mikrometer. Utfordringa er å få reinsa luftreinsaren systematisk.
– I våtrom bør det brukast kjemikaliar. Vi må ha noko som fjernar hudfeitt som festar seg til flater på eit bad. Og det må fjernast med basiske reingjeringsmidlar (pH 7 – 12).
– På bad/WC er det viktig å veksle mellom basiske og sure reingjeringsmidlar. Kalksåpe må du ta med sure reingjeringsmidlar. Det kan danne seg kalksåpe i sluken, også på veggen. Det kan ikkje fjernast med basiske reingjøringsmidlar, seier Sjøvold.
– Du kan gjere reint ein gong med basiske rengjeringsmidlar, neste gong med sure. På denne måten vert vekst av bakteriar hindra meir effektivt og ein unngår vond lukt i bygget. Det er viktig at bakteriar ikkje vert resistente mot sure rengjeringsmidlar, men vert fort knekte av basiske.
– Bakteriane må ikkje få høve til å tilpasse seg. Sjå etter på emballasjen om du kan finne ut om reingjeringsmiddelet du kjøper er surt eller basisk. Folk flest bruker gjerne det same reingjeringsmiddelet heile tida, seier Sjøvold.