Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Illustrasjonsfoto viser portrett av ung kvinne som ser trist ut.
Dialektisk åtferdsterapi (DBT) blir nytta i behandling av personar med kronisk suicidalitet, sjølvskading og emosjonelt ustabil personlegdomsforstyrring.

Denne behandlingsmetoden kan hjelpe unge som skadar seg sjølve

No undersøker forskarar om effekten av behandlinga kan vare heilt inn i vaksenlivet.

Å klare å regulere kjenslene sine er viktig for å ha eit godt liv. Det hjelper oss både i utdanning, i jobb og i relasjonar til andre menneske. Men for mange er kjensleregulering vanskeleg.

– Strevar ein mykje med dette, er ein særleg sårbar for å utvikle ei rekke psykiske plagar. Hos nokon unge fører det til at dei skadar seg sjølve over tid, seier Iselin Solerød Dibaj, forskar ved Nasjonalt senter for selvmordsforskning og -forebygging (NSSF).

Ho har studert kva effekt dialektisk åtferdsterapi (DBT) har på unge som skadar seg sjølve og korleis dei har det fleire år etterpå. 

DBT er ein variant av kognitiv åtferdsterapi der ein prøver å oppnå åtferdsendring samtidig som aksept og validering av kjensler står sentralt.

Ungdomane som fekk DBT-behandling for 15 år sidan, var tidleg ute. Iselin Solerød Dibaj ønskjer å finne ut korleis dei har det i dag.

Metoden blir nytta i behandling av personar med kronisk suicidalitet, sjølvskading og emosjonelt ustabil personlegdomsforstyrring.

Første studie globalt med kontrollgruppe

Då 77 norske ungdomar vart rekrutterte til å delta i ein langtidsstudie av DBT i perioden 2008-2012, var norske forskarar tidleg ute. 

Globalt var dette første såkalla randomiserte kontrollerte studien av DBT-A, altså dialektisk åtferdsterapi for ungdom. 

Halvparten av ungdomane fekk standard oppfølging i barne- og ungdomspsykiatrien med individuell behandling og familieterapi. Den andre halvparten fekk DBT-A med individuell behandling og ferdigheitstrening. Der øvde dei på regulering av kjensler og åtferd saman med foreldra. Mengda behandling var omtrent lik for begge gruppene. 

Alle som deltok i studien, var pasientar i barne- og ungdomspsykiatrien. 

Det var eit kriterium at dei hadde skada seg sjølve over tid, altså utført repetert villa eigenskade. Dette er eitt av fleire kriterium for å få diagnosen emosjonelt ustabil personlegdomsforstyrring, som på engelsk heiter borderline.

Ungdomane måtte i tillegg oppfylle to andre kriterium som trengst for å få denne diagnosen. Nokon hadde diagnosen, andre ikkje. 

Frå omdiskutert til stuerein diagnose

– På denne tida var det omdiskutert å diagnostisere unge med emosjonelt ustabil personlegdomsforstyrring. Det vart hevda at dei kunne bli stigmatiserte. I tillegg opplevde mange fagfolk det vanskeleg å setje ein slik diagnose i ein periode av livet der emosjonell ustabilitet er relativt vanleg, seier Dibaj. 

I dag er ein samde i at denne diagnosen kan bli gitt også til unge, påpeikar ho. Iallfall i forskingsmiljø. Dei det gjeld, kan oppleve upassande sinne, impulsivitet og hyppige humørsvingingar.

– Ungdomar som får dette, strevar. Det går ut over både skule, relasjonar og familieliv. Nokon prøver også å ta livet sitt. Gjev vi rett diagnose, kan vi også gje rett behandling.

Varig god effekt på sjølvskading

Den norske studien har vore viktige for behandlingstilbodet. Dei første resultata kom i 2014. Dei tyda på at DBT-A hadde betre effekt enn standardbehandling for sjølvskading, depresjonssymptom og sjølvmordstankar gjennom den 19 veker lange behandlingsperioden.

For dei andre parametrane – symptom på personlegdomsforstyrring og ei oppleving av håplausheit – målte forskarane like stor betring hos begge grupper.

Eitt år etter behandling var effekten på sjølvskading framleis sterkast i DBT-A-gruppa. Effekten på depresjonssymptom og sjølvmordstankar var no like god i begge grupper: Pasientane i kontrollgrupa hadde her opplevd stor betring i løpet av året som var gått og slik tatt igjen DBT-A-pasientane.

Tre år etter behandling vart pasientane følgde opp på nytt gjennom intervju og spørjeskjema, slik det var blitt gjort også tidlegare. Resultata var dei same som etter eitt år: DBT-A hadde ein betre effekt, men berre på sjølvskading. 

Har blitt ein vanleg praksis

Dei norske funna samsvarer med funn gjort av Elizabeth McCauley og kollegaer i USA i 2018. Dei tyda på at DBT-A er effektiv behandling mot sjølvskading og også sjølvmordsforsøk i unge pasientgrupper. 

I dag er DBT-A blitt vanleg praksis i behandling av norske ungdomar. Men det ein framleis veit lite om, er kva effekt behandlinga har på lang sikt. 

Dibaj har no gjennomført alle intervju med studiedeltakarane frå 2008-2012, som i dag er 25-30 år. I tre timar har ho snakka med kvar enkelt og gjort grundige diagnostiske vurderingar, i tillegg til at dei har svart på spørjeskjema. 

– Dei fleste har vore positive til å delta. Mange seier at det opplevast meiningsfullt og viktig å kome attende, seier ho. 

Har fått sjå svara sine i kakediagram

Etter intervjua har deltakarane fått tilgang til ein mobil-app som stiller spørsmål på tilfeldige tidspunkt fleire gonger dagleg gjennom ei veke. 

Dei har blitt spurte om mellom anna trong til sjølvskading og sjølvmordstankar. Dei har også fått spørsmål om ei rekke ulike kjensler – både positive og negative – og om kva dei har gjort for å handtere kjenslene og tankane sine. 

Deltakarane har fått tilbod om å få sjå sine eigne svar i etterkant.

– Mange synest at det er moro og motiverande å sjå sine eigne opp- og nedturar skisserte i kakediagram og fargekart, seier Dibaj.

Målet er eit godt liv

Sjølv veit ho ikkje kva behandling den enkelte ho har intervjua, har fått. Og ho kan ikkje seie noko om resultata førebels. Dataa blir analyserte i desse dagar og vil bli publiserte vitskapeleg fortløpande.

Eitt spørsmål er om den betringa som vart registrert dei første tre åra etter behandlinga, har vart ved. Eit anna spørsmål er om pasientane i dag regulerer kjenslene sine på ein betre måte enn før – og om det her er skilnad på dei to gruppene.

– Forhåpentleg er det ikkje berre slik at dei skadar seg sjølve mindre enn før. Kanskje har dei også blitt betre til å møte problem, snakke med menneske rundt seg og handtere kjenslene sine. Målet er jo ikkje berre at ein skal fjerne det vanskelege, men også at ein skal byggje eit godt liv, seier Iselin Solerød Dibaj. 

Referanser:

Lars Mehlum mfl.: Dialectical Behavior Therapy for Adolescents With Repeated Suicidal and Self-harming Behavior: A Randomized Trial. J Am Acad Child Adolesc Psychiatry, 2024. Doi.org/10.1016/j.jaac.2014.07.003 

Lars Mehlum mfl.: Long term effectiveness of dialectical behavior therapy versus enhanced usual care for adolescents with self-harming and suicidal behavior. J Am Acad Child Adolesc Psychiatry, 2019. (Sammendrag) Doi.org/10.1111/jcpp.13077

Lars Mehlum mfl.: Dialectical Behavior Therapy Compared With Enhanced Usual Care for Adolescents With Repeated Suicidal and Self-Harming Behavior: Outcomes Over a One-Year Follow-Up. J Am Acad Child Adolesc Psychiatry, 2016. Doi.org/10.1016/j.jaac.2016.01.005

Elizabeth McCauley mfl.: Efficacy of Dialectical Behavior Therapy for Adolescents at High Risk for SuicideA Randomized Clinical Trial. JAMA Psychiatry, 2018. Doi.org/10.1001/jamapsychiatry.2018.1109

Artikkelen er oppdatert med nytt illustrasjonsfoto 24.04.24 kl. 12:00.

 

Powered by Labrador CMS