Annonse
Svampebotnar i djuphavet er sårbare og har stor betydning for heile stoffkrinsløpet i havet. Her er ein svampebotn på 600 meters djup i Schultz-massivet, vest for Bjørnøya. (Foto: Hans Tore Rapp, UiB)

EU-støtte til unikt marint prosjekt

Universitetet i Bergen (UiB) vert koordinator i eit EU-støtta forskingsprosjekt som skal kartlegga svamp i Nord-Atlanteren. Prosjektet skal utforska lite kjende djuphavshabitat og kan gi både miljømessige og medisinske vinstar.

Prosjektet SponGES: Deep-sea Sponge Grounds Ecosystems of the North Atlantic får 10 millionar euro eller kring 90 millionar norske kroner i støtte over fire år av EU sitt forskings- og innovasjonsprogram Horisont 2020 (H2020). UiB vert koordinator i prosjektet, der 18 andre universitet og senter er med som partnarar, mellom andre Bedford Institute of Oceanopgraphy og Universitetet i Uppsala. 

– Svampebotnar kan samanliknast med korallrev. Det er sårbare og sakte veksande miljø, som er truga av mellom anna klimaendringar, fiskeri, olje og gass, seier Hans Tore Rapp, professor ved Institutt for biologi ved UiB.

Powered by Labrador CMS