Denne artikkelen er produsert og finansiert av Havforskningsinstituttet - les mer.

Spekkhogger spiser nise i Hardanger
Dei merkte spekkhoggarane høyrer til ein flokk som vert kalla 280s. Dette er fordi 280 er ID-nummeret til matriarken i flokken.

Forskarar har merkt nise-etande spekkhoggarar

Havforskarane har satellittmerkt to spekkhoggarar med storvaksen appetitt. Ser du dei? Sei frå!

Ein solskinsdag seint i april legg havforskarane frå kai i Skånevik med ein småbåt.

Folk, ferjer og forskarkollegaar har hatt augo på stilk dei siste dagane. Dei har varsla om at no er den vesle spekkhoggarflokken tilbake langs vestlandskysten. 

Havforskarane har leitt etter denne gjengen i fleire dagar, men har kome litt for seint – gong etter gong. 

Men på den aller siste kvelden i felt snur lukka og dei slår to forskingsfluer i ein smekk.

To spekkhoggarar – ein hanne og ei hoe – får kvart sitt vesle satellittmerke på ryggfinnen. Forskarane tek også med seg ein biopsi – ei lita hud- og spekkprøve. 

Dette satellittmerket skal avsløre vandringsrutene til desse store rovdyra. 

Og spekkprøvene skal vise følgjene av det som er ein heller uvanleg diett. 

Hval med merke
Det er forskar Audun Rikardsen frå UiT Norges arktiske universitet som har merkt dei to spekkhoggarane. Han har lang erfaring med å merke både spekkhoggar og andre kvalar.

Sporar kor spekkhoggarane sym

Merkinga er eit samarbeid mellom Havforskningsinstituttet (HI) og UiT Norges arktiske universitet. Biopsiane skal verte analyserte av Norwegian Orca Survey (NOS).

Det mor og ein veslevaksen son frå ein ganske spesiell flokk som no er merkte.

Merket sit fast i opptil tre månadar. Deretter losnar det og fell av på eiga hand. Erfaringar frå tidlegare merking syner at det einaste sporet den vesle satellittpassasjeren etterlet seg, er eit arr som gror og forsvinn etter få veker.

– Men medan merket sit på, får vi kontinuerleg informasjon om kvar spekkhoggarane er, forklarar HI-forskar Carla Freitas.

Fleire gongar om dagen sender merket oppdatert posisjonsdata via satellitt.

All denne posisjonsdataen forskarane samlar, skal dei bruke inn i fleire prosjekt. Inkludert eit EU-prosjekt. I det granskar forskarane kva dei viktigaste leveområda er for rovdyra på topp i Skagerrak.

Og ja, Skagerrak er eit stykke frå vestlandskysten, men satellittmerka skal syne kor vidt desse områda heng saman. Ferierer desse spekkhoggarane i vest også i sør?

Her kan du følgje spekkhoggarane si vandring. Merk: Dette er ikkje sanntidsposisjon, men med to dagar forseinking.

Nisejegarar

Desse spekkhoggarane har no ein passasjer som tystar om kor dei dreg. Men i tillegg har forskarane teke ein liten biopsi frå dei.

Desse hud- og spekkprøvene tystar om kva spekkhoggarane har fått i seg. 

– Spekkhoggarane høyrer til ein ganske spesiell familie. Han vert kalla 280s, forklarar forskar Eve Jourdain frå NOS. Ho har følgt denne flokken i fleire år.

Spekkhoggarfamilien som vitjar vestlandskysten og sym i fjordane på våren, har nokså spesielle måltidsvanar. 

Dei fleste spekkhogger-grupper i Noreg har spesialisert seg på å ete fisk og særleg sild. Men desse et også sjøpattedyr. Dei et niser og sel, i alle fall medan dei er på vestlandsbesøk.

Forskerteam på båt
Lokale fotografar som Olve Vaagø Erdal (heilt til høgre) har vore uvurderleg hjelp for forskarane. Her er merketeamet på Vestlandet. Frå venstre: Audun Rikardsen, Eve Jourdain, Even Moland og Carla Freitas.

Den «forureinsa» spekkhoggaren

Om det er nise og sel på menyen, heller enn sild, så et spekkhoggaren på toppen av næringskjeda. 

Dette inneber at middagen gjerne kan innehalde meir miljøgifter, som vert konsentrerte oppover i næringskjeda. Når spekkhoggarar då i tillegg kan verte gamle, har dei tid til å samle opp fleire ugunstige stoff i kroppen i løpet av eit langt liv. 

Ser du ein av spekkhoggarane?

Forskarane har satellittmerkt to spekkhoggarar, men treng endå meir info. 

Om du ser ein av spekkhoggarane, ta bilete eller film og send dette til Eve Jourdain frå Norwegian Orca Survey: e.m.jourdain@ibv.uio.no 

Send då òg detaljane: dato, tid og stad. 

Merkinga er eit samarbeid mellom Havforskingsinstituttet og UiT Norges Arktiske Universitet.

Biopsiane skal verte analyserte av Norwegian Orca Survey (NOS). NOS samarbeider med UiO i det fireårige prosjektet MULTIWHALE, som granskar korleis kjemisk forureining og andre faktorar påverkar spekkhoggarar i Noreg. 

– Mange miljøgifter sit i feittet – og det er også feitt ungane får i seg når dei diar frå mor. Dette er difor ein dårleg kombinasjon og ein dårleg start på livet for kalvane, seier UiT-forskar Audun Rikardsen og held fram: 

– Spekkhoggarar er kanskje det mest forureinsa dyret på jorda. Difor er det særleg viktig å få meir informasjon om akkurat desse dyra og kor og når dei vert påverka.

Han peikar på at spekkhoggarane kan få dårleg helse. I verste fall kan dei slutte å produsere ungar. 

NOS har tidlegare undersøkt ein daud spekkhoggar-kalv frå same flokken, der førebelse resultat tydde på høge miljøgift-nivå (sognavis.no). 

Spekkprøvene skal late forskarane undersøke kor «forureina» desse nise-etande spekkhoggarane er. Dei skal også sjå om dei har høgare døyelegheit enn artsfrendane som heller et fisk.

Spekkhoggere under vann
Satellittmerkinga vil også kunne gje informasjon om kva og kor desse individa et når dei ikkje er å sjå for vestlendingar langs kysten.

Ligg ikkje på latsida

Til no syner satellittmerkene at desse spekkhoggarane ikkje ligg på latsida og at den vesle familien held saman. 

– Vi merkte desse spekkhoggarane i Åkrafjorden. Få dagar seinare dukkar dei opp i Fedafjorden hundrevis av kilometer unna, seier Freitas og held fram: 

– Så tok dei seg ein snartur ut i opent hav, mogelegvis for å ete litt fisk, for så å kome tilbake til fjordane. Dei beveger seg ganske raskt, truleg for at dei skal kome overraskande på byttet sitt.

Målet er at merkedataen, biopsiane og observasjonar frå publikum til saman kan gje forskarane endå meir innsikt i kvardagen til desse spekkhoggarane og korleis dei vert påverka av menneskeleg aktivitet.

– Med satellittmerke kan vi også identifisere stadar som er viktige for desse dyra når dei held seg i område der vi ikkje kan sjå dei. Dette er svært viktige data som styresmaktene seinare kan bruke som grunnlag for betre vern av enkelte område for forstyrrande menneskeleg aktivitet, seier Rikardsen. 

HI-forskar Carla Freitas peikar på verdien av at fleire forskargrupper samarbeider og i tillegg får observasjonar frå publikum:

– Dette let oss samle viktig informasjon for å verte meir kjende med desse spekkhoggarane og kunne bevare dei og leveområda deira.

Om prosjektet MARHAB

Satellittmerkinga er ein del av prosjektet MARHAB. MARHAB er ei forkorting for Improving marine habitat status by considering ecosystem dynamics. 

  • Det er eit EU-finansiert forskingsprosjekt som blir leia av Havforskingsinstituttet (HI). 
  • Samarbeidspartnarar er Göteborgs universitet, Sveriges lantbruksuniversitet, Danmarks Tekniske Universitet, Centre of Marine Sciences ved universitetet i Algarve, Portugal og franske National Centre for Scientific Research. 
  • MARHAB samarbeider med UiT og NOS i Noreg for auka kunnskap om viktige sjøpattedyr. 
  • MARHAB er eit fireårig prosjekt som starta 1. januar 2024 og blir avslutta i 2027. Totalbudsjettet er på 4,2 millionar euro. 

forskning.no vil gjerne høre fra deg!
Har du en tilbakemelding, spørsmål, ros eller kritikk? TA KONTAKT HER

Powered by Labrador CMS