Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Overfiske kan vera ein årsak til at ein bestand kollapsar, men det kan vera andre årsaker òg.

Kva skjer med fiskebestandar etter ein kollaps?

Sjølv om ein fiskebestand kjem seg att etter ein kollaps, kan ikkje kunnskapen frå før kollapsen brukast på den nye bestanden.

Frå tid til annan skjer det at ein bestand vert så kraftig redusert på kort tid at det vert kalla ein kollaps. Det kan gjelda fugl og fisk så vel som landdyr, forklarar forskar Joël Durant ved Centre for Ecological and Evolutionary Synthesis (CEES) på Universitetet i Oslo.

– Det mest kjende tilfellet er kollapsen i canadatorsken utanfor Newfoundland i 1992. På få år vart ein bestand som i mange år var blitt fiska kommersielt, nesten borte. Liknande kollapsar har blitt observert i andre fiskeartar òg, fortel han.

– Blant forskarar har diskusjonen gått: er det alltid overfiske som er årsaka? Kan det snarare vera temperaturendringar i havvatnet? Andre endringar i miljøet til fisken?

– Vi ville undersøka kva som skjer med ein bestand etter ein kollaps, seier Joël Durant.

Påverka på same måte?

Alt for ti år sidan arbeidde Durant med ein vitskapeleg artikkel som skulle sammenfatta diskusjonen, men han fekk den aldri publisert. Spørsmåla låg likevel og murra i bakhovudet hans.

– Så fann vi ut at vi ville undersøka kva som skjer med ein bestand etter ein kollaps, ikkje berre fokusera på kva som forårsaka den, seier han.

– Vil ein bestand som byggjer seg opp att etter ein kollaps, bli påverka av ytre faktorar på same måte som før kollapsen?

54 bestandar av 42 artar

For å svara på dette trengde dei store mengder data om mange fiskebestandar. Dei tok i bruk databasen RAM Legacy. Han har data på meir enn 1.000 kommersielt drivne fiskebestandar.

– Vi måtte sila ut bestandane som var aktuelle for vårt formål. Dei måtte sjølvsagt ha gått gjennom ein kollaps. Det måtte vera gode nok data frå både før og etter kollapsen.

Til slutt sat dei att med 54 bestandar fordelt på 42 ulike artar. Dei analyserte korleis bestandane vart påverka av fiske, temperatur og rekruttering før og etter ein kollaps.

Avgrensa til tre faktorar

– Det finst andre faktorar som òg spelar inn på bestanden. Korleis det står til med byttedyra fisken lever av til dømes. Og omvendt: korleis står det til med eventuelle predatorar som jaktar på denne arten? Det hadde vore interessant å undersøkja, seier Durant.

– Men kvar nye faktor vi introduserer, reduserer mengda av tilgjengelege bestandar med gode nok data. Så vi har avgrensa oss til desse tre.

Det tydelegaste funnet var at etter ein kollaps vert den nye bestanden mindre påverka av fiske enn den gamle bestanden vart.

– Men ofte er det slik at etter ein kollaps vil fisket etter den arten eller bestanden bli strengare regulert, så det kan vera ei nærliggjande tolking. Og då er det ikkje ein eigenskap i bestanden, seier Durant.

Kan bli påverka om temperaturen stig

– For temperatur og rekruttering varierte endringane meir frå før til etter kollapsen. Størst var utslaga blant dei pelagiske fiskane. Det er dei fiskane som lever i dei frie vassmassane og ikkje langs botnen. Ikkje berre varierte utslaga frå art til art. To ulike bestandar av same art kunne òg ha ulike resultat.

For styresmaktene som skal regulera fiske, betyr funna at det vert vanskelegare å laga modellar som føreseier utviklinga i bestanden og kor mykje den toler å bli utnytta.

Det vil vera nødvendig å laga eigne modellar for kvar enkelt art, kanskje til og med for kvar enkelt bestand.

– Men uansett vil ikkje modellane gje nokon gode prediksjonar. Modellane er gode ut frå dei data vi har i dag, men dataa vil kunna forbetrast, og dei vil kunna endrast, forklarar Durant.

– La oss seia at modellen er presis for ein havtemperatur mellom to og seks grader, Men om havtemperaturen stig ut over det vindauga, kan det påverka fysiologien til fisken. Det kan påverka stoffskiftet, det kan påverka egglegginga. Dermed vert modellen som verka fint mellom to og seks grader, sett ut av spel.

Referanse:

Joël M. Durant mfl.: Large biomass reduction effect on the relative role of climate, fishing, and recruitment on fish population dynamicsScientific Reports, 2024. Doi.org/10.1038/s41598-024-59569-4

Powered by Labrador CMS