For mange unge menneske er mykje av det sosiale livet sterkt knytt opp mot kommunikasjonsteknologiar, særleg mobil og internett.
Desse nye kommunikasjonsformene kan ha fleire viktige sosiale funksjonar, og dette ser ein i særleg grad hos unge døve menneske.
Viktig i kvardagen
Internett og mobiltelefoni er i dag ein naturleg og integrert del av kvardagen og det sosiale for svært mange menneske. Internett og særleg facebook ser ut til å ha ein særleg appell til nordmenn, og dette gjeld ikkje berre ungdom.
Kva kan denne teknologien gjere for oss i det sosiale og kva implikasjonar har den for døve menneske spesielt? Gjennom masterprosjektet “Nettsosialisering, hørsel og tilhørsel” har eg prøvt å finne svar på dette.
Integrerande
Døve har ofte vore dei fyrste til å ta i bruk ny kommunikasjonsteknologi. Fordi døve ofte bur spreidd er det gjennom nye teknologiar vorte lettare å opprette og oppretthalde kontakt og fellesskap mellom døve.
Døve sin bruk av internettkommunikasjon aukar det translokale (og det transnasjonale) aspektet ved døvefellesskapet og styrkjer det.
For unge døve som er utan eit sosialt nettverk av døve på sin heimstad er internett eit essensielt verktøy for å kunne opprette og oppretthalde kontakt med døve andre stader.
Dette er viktig med tanke på kjensla av tilhørsel og fellesskap med menneske som er like ein sjølv. På denne måten er internettkommunikasjon med på å integrere også desse ungdomane i eit døvefellesskap.
Frigjerande
På same måte som døve utan eit døvemiljø kjenner det frigjerande å bli integrert i eit døvefellesskap gjennom nettkommunikasjon, kan døve som er del av eit døvefellesskap kjenne det frigjerande å kunne bevege seg utanfor døvemiljøet.
Internett er ein informasjons- og kommunikasjonskanal som kan opne opp verda for døve. Døve ungdomar kan enklare delta på nye arenaer og få tilgang til menneske, informasjon og ressursar som dei spelar på i sin eigen utviklings-, og identitetsformingsprosess.
Dei kan enklare kome i kontakt med, og bli venner med høyrande ungdomar, og dei kjenner seg meir på lik linje med annan ungdom.
Nye roller og auka fridom
Internett og nettkommunikasjon kan vere med på å endre menneske sine oppfatningar av seg sjølv og andre menneske, og identitetsprosessen til menneske blir påverka av dei nye kommunikasjonsteknologiane.
Unge døve har i dag ein større fleksibilitet med tanke på venner og omgangskrets. Der vektlegging av forskjellar mellom døve og høyrande var viktig for tidlegare generasjonar av døve, er kanskje fokus på likskap, normalisering og individualitet viktigare i dag.
Menneske i dag har større mogelegheit til å individuelt forme sine sosiale nettverk og kven ein identifiserer seg med. Døve, og ungdom generelt kan i større grad ta eit aktivt grep om sin eigen identitetsutviklingsprosess.
Samtidig er identitet i dag vorte ein meir komplisert og arbeidskrevjande prosess. Blant unge døve kan vi sjå teikn til ein ny type kulturell døvheit, der identitet er meir situasjonsbestemt og fleksibel grunna nye sosialiseringsformer.
Mogelegheiter og avgrensingar
Nettsosialisering er ikkje det same som møte ansikt til ansikt, og kan aldri erstatte sosiale band ein har til andre menneske i kvardagen.
Men når fysiske møte mellom menneske ikkje er mogeleg og språklege hindringar gjer ansikt til ansikt kommunikasjon vanskeleg, kan nettkommunikasjon gjennom skrift vere eit godt alternativ til utveksling av tankar, meiningar og kjensler.
Sjølv om ny teknologi og nye kommunikasjonsformer har ført til ein romleg og kulturell frigjeringsprosess i det moderne samfunnet, er menneske likevel ikkje frigjorde frå sosiale strukturar og fysiske kjenneteikn.
Unge døve opplever gjerne å vere meir lik annan ungdom når dei er på nett, men det vil samtidig vere aspekt ved døvheita som hindrar assimilering med høyrande. Stigma kring døvheit er òg verksamt på nett, men i mindre grad enn i kvardagen.
Internett og nettsosialisering er eit mangfaldig fenomen og har mange ulike sider ved seg. Om all aktivitet på internett er like sunn er heller tvilsamt, og det finst mange uheldige verknader av overbruk og “feil” bruk av internett og data.
Ein uheldig verknad av eit slikt “internettverksbasert fellesskap” kan vere at unge isolerer seg frå kvardagssosialisering og blir oppslukt av nettet sitt meir sekundære sosialiseringspotensiale. Dette må ein ta på alvor.
På den andre sida kan internett vere med på å auke ungdom sine mogelegheiter for deltaking på nye arenaer og etablering av sosiale relasjonar. Det er vorte enklare å ha kontakt med andre som er like i verdiar og interesser, trass i hindringar skapt av geografisk avstand, alder, sosial posisjon, kultur og språk.
Samtidig er det òg vorte enklare å nå menneske som er ulike ein sjølv og å få nye impulsar.
Grenser mellom grupper
Dei nye kommunikasjonsformene, ein auka informasjonstilgang og auka kommunikasjon mellom menneske er med på å endre dei sosiale og kulturelle grensene mellom grupper.
Når døve i auka grad opplever det enklare å ta kontakt og kommunisere med høyrande gjennom ny teknologi, kan dette vere med på å auke den gjensidige forståinga mellom dei to gruppene.
Det opnar òg for andre menneske å identifisere seg med, og kan vere med på å endre rammene for tilhørsel og kategorisering av menneske. Dette gjeld ikkje berre forholdet mellom døve og høyrande, men òg forholdet mellom andre minoritetsgrupper og majoriteten.
Sosiale og kulturelle grenser vil nok ikkje forsvinne grunna ny kommunikasjonsteknologi, men det vil kunne bli definert nye former for ekskluderings-, og inkluderingsformer i kulturelle grupper.
Fellesskap mellom døve kan få nytt innhald, og forskjellane mellom døve og høyrande kan bli definert på andre måtar.
Referanse:
Eimhjellen, Ivar Sognnæs: Nettsosialisering, hørsel og tilhørsel. Om unge døve sin bruk av internett. Masteroppgåve i sosiologi, Sosiologisk institutt, Universitetet i Bergen, 2007.