-Svært nøgd med patentnei til menneskegen

Amerikanske høgsterett sa nei til patent på Jolies brystkreftgen. Bioteknologinemnda er glad for kjenninga.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Filmstjerna Angelina Jolie fjerna begge brysta etter ein gentest. No mister firmaet Myriad Genetics monopolet på denne brystkreft-testen. (Foto: Wikimedia commons)
Filmstjerna Angelina Jolie fjerna begge brysta etter ein gentest. No mister firmaet Myriad Genetics monopolet på denne brystkreft-testen. (Foto: Wikimedia commons)

I samarbeid med:



 

Denne saken er produsert av NRK.

Ein einstemmig amerikansk høgsterett erklærte nylig at det ikkje er lov å ta patent på menneskelege genar.

– Fleirtalet i Bioteknologinemnda er svært nøgd med dette resultatet, seier direktør Sissel Rogne til NRK.no.

– Dette stadfester eit viktig skilje, at ein ikkje kan få monopol på eit menneskeleg gen, og at eit gen er ikkje ei oppfinning, men ei oppdaging.

Dommarane trekte i rettsavgjerda eit tydeleg skilje mellom gen som finst i naturen og såkalla syntetiske gen som er skapt i eit laboratorium.

Bioteknologinemnda trur avgjerda vil kunne føre til at fleire bedrifter utviklar gentestar, slik at vi får billigare testar, nye bedrifter som kan lage diagnostikk og meir innovasjon.

_____________________

Les hele saken på NRK.no

Powered by Labrador CMS