Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Grønnsaker og frukt på en kjøkkenbenk
Alle deltakarane starta med tre veker med streng diett.

Fedmeoperasjon eller ei – medisin virka like bra for pasientar med kraftig vekttap

Halvparten av pasientane vart opererte, medan den andre halvparten gjennomførte streng diett. Ingen av dei viste særleg endra legemiddelopptak.

Ein gastrisk bypass-operasjon er ei form for fedmekirurgi der tynntarmen vert fjerna. Samstundes vert magesekken redusert til 35 milliliter. Det tilsvarar ei tidels brusflaske av liten storleik.

– Tynntarmen er eit viktig organ for opptak av legemiddel. Dermed er det av interesse å finna ut korleis opptaket av legemiddel endrar seg etter ein gastrisk bypass-operasjon, seier forskar Markus Herberg Hovd ved Farmasøytisk institutt på Universitetet i Oslo.

Portrett Markus Herberg
– Det var heilt avgjerande for undersøkinga at deltakarane gjennomførd, seier Markus Herberg Hovd.

Han har studert ein transportør av legemiddel som sit på levra, OATP1B1. Denne transportøren er eit protein som pumpar legemiddel inn i levra. 

Dei fleste transportørar verkar berre i ei retning, så det er andre transportørar som pumpar ut restane etter at legemiddelet har blitt brote ned i levra.

Teke opp i tynntarmen

– Vi tok utgangspunkt i ei gruppe pasientar med sjukeleg overvekt. Dei vart fyrst sette på ein streng diett i tre veker, fortel Hovd.

– Deretter fekk halvparten ein endå strengare diett, medan den andre halvparten gjekk gjennom ein gastrisk bypass-operasjon. Ved å samanlikna dei to gruppene etter to år kunne vi undersøkja og skilja effekten av streng diett, vekttap, og gastrisk bypass-operasjon.

Då dei gjorde det, fekk dei seg ei lita overrasking. Pumpeeffekten av transportøren viste ingen forskjell av betydning verken mellom dei to gruppene eller samanlikna med før dietten og eventuell operasjon vart gjort.

– Vi ga pasientane eit legemiddel som spesifikt vert transportert av OATP1B1, men vi fann så godt som ingen effekt. Det var uventa, for veldig mange legemiddel og næringsstoff blir tekne opp i tynntarmen, seier Hovd.

Kan ikkje samanlikna

– Det einaste var at pumpeevna til OATP1B1 verka litt høgare hjå dei som var opererte. Men vi trur ikkje det eigentleg har å gjera med transportøren. Det har heller med at blodtilførsla til levra aukar som fylgje av vekttapet.

Han forklarar at når ein går ned i vekt, tømmer levra seg for masse feitt og sukker. Heile samansetjinga av kroppen endrar seg når ein kvittar seg med masse feitt.

Sjølv om det var lita endring å spora hjå pasientane i denne undersøkinga, kan han likevel ikkje seia noko sikkert om korleis transportøren fungerer hjå desse pasientane samanlikna med personar som ikkje har hatt fedme.

Rosar deltakarane

– Sjølv om du går ned til normalvekt, er det ikkje som om du har vore normalvektig heile tida. Det kan for eksempel liggja att feitt mellom organ og i blodårer som ein ikkje blir kvitt så lett.

Tidlegare forsking har vist at fedmekirurgi ikkje fører til betydeleg nedgang i aktiviteten til det viktigaste enzymet for nedbryting av legemiddel

No har altså Hovd gjort tilsvarande funn med ein annan innfallsvinkel. Han rosar deltakarane som gjennomførte to år med streng diett.

– Det var heilt avgjerande for undersøkinga at dei gjennomførte og fekk det same vekttapet som dei som vart opererte. Utan dei ville vi ikkje kunna seia om effekten – eller den manglande effekten, som det viste seg – hadde noko å gjera med fedmeoperasjonen eller ikkje.

Referanse: 

Markus Hovd mfl.: Neither Gastric Bypass Surgery Nor Diet-Induced Weight-Loss Affect OATP1B1 Activity as Measured by Rosuvastatin Oral Clearance. Clinical Pharmacokinetics, 2023. Doi.org/10.1007/s40262-023-01235-5

Powered by Labrador CMS