Annonse

Får studentbustader ved Realfagsbygget

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Studentsamskipnaden i Bergen (SiB) får løyvd pengar til å byggje 140 nye studentbustader. Halvparten av dei kjem mellom Realfagsbygget og det planlagde Entek-bygget, skriv På Høyden.

Det er stortingsrepresentant Erik Skutle (H) som kjem med opplysningane i ein lekkasje til Bergensavisen.

– Studentsamskipnaden får ikkje alt dei har bede om, men Kunnskapsdepartementet tildeler 42 millionar kroner til bygging av 140 bustader, seier Skutle til BA.

Pengane er ein del av ei løyving på 359 millionar kroner som skal gå til bygging av 1300 studentbustader i heile landet.

Powered by Labrador CMS