Denne artikkelen er produsert og finansiert av Havforskningsinstituttet - les mer.

Denne vesle sjøhesten har vore på symjetur på Vestlandet. Det er uvanleg.

Sjøhestar langs norskekysten gjev forskarane hakeslepp

I løpet av ein dryg månad har tre sjøhestar langs norskekysten vorte melde inn til havforskarane.

I midten av november tikka det inn ei registrering på Dugnad for Havet som gjorde at havforskar Gro van der Meeren sette teen i halsen. 

Ein død sjøhest utanfor Hvaler.

Kunne dette vere sant? 

Sjøhestar høyrer ikkje heime i norske farvatn, og dei er elendige symjarar som ikkje har for vane å ta seg ein tur til nordlege strok. Dei har knapt vorte vitskapeleg dokumenterte på våre breiddegrader på fleire hundre år. 

– Eg fekk heilt hakeslepp og sette himmel og jord i bevegelse, seier van der Meeren. 

Ein ønskedraum

Den første observasjonen kom ikkje åleine. Nokre dagar seinare kom ei ny registrering. Nok ein død sjøhest var funnen, denne gongen i fjæresteinane ved Farsund. 

Ein liten månad seinare: ein fridykkar sender inn bilete av ein liten, symjande sjøhest utanfor Sotra. 

– For mange dykkarar har det jo vore ein ønskjedraum å støyte på sjøhestar i norske farvatn, men det har jo stort sett vore berre ein draum, seier van der Meeren. 

– For mange dykkarar har det jo vore ein ønskjedraum å støyte på sjøhestar i norske farvatn, men det har jo stort sett vore berre ein draum, seier Gro van der Meeren.

Fakta om sjøhest

Sjøhestar er fisk i nålefiskfamilien som har ein karakteristisk knekk i nakken og sym oppreist i vatnet.

Det er ei rekkje sjøhest-artar, men oftast er dei tropiske eller subtropiske.

I Europa er det mest to artar: langsnuta sjøhest (Hippocampus guttulatus) og kortsnuta sjøhest (Hippocampus hippocampus). Begge har den kjende nordgrensa si rundt Storbritannia. Dei har etablert bestand i Den engelske kanalen, og det er kjende gytebestandar. Sjøhesten er også kjend frå Fastlands-Europa nord til Tyskebukta.

Dei er ikkje gode symjarar, men nyttar halen til å halde seg fast i algar eller sjøgras.

Uhyre sjeldan

Biskop Erik Pontoppidan skildra sjøhest langs norskekysten tilbake i 1752, men i moderne tid er slike funn uhyre sjeldne. 

Frå tid til anna har det kome inn registreringar i Dugnad for Havet, men aldri nokon som har late seg validere. Anten har innsendar mangla bilete, eller så har forskarane sett at det ikkje er ein sjøhest, men heller ei hav- eller ei tangnål. 

– Desse tre registreringane er dei første vi har fått inn der vi kan seie sikkert at det er sjøhestar, seier van der Meeren. 

I Europa finst to artar – langsnuta sjøhest (Hippocampus guttulatus) og kortsnuta sjøhest (Hippocampus hippocampus). 

Dei førekjem mellom anna rundt Dei britiske øyar – frå Den engelske kanal og opp til Shetland. Men det er eit heilt hav mellom dei sedvanlege britiske ålegras-habitata til sjøhestane og til Sotra, så korleis dei har enda opp på noregsbesøk no, veit forskarane ikkje. 

Meld frå om du ser ein sjøhest

Om du finn ein død sjøhest, ta gjerne vare på eksemplaret og kontakt forskarane slik at dei kan granske individet. For å bevare individet, legg det i ein boks i frysaren. 

Dersom du støyter på ein sjøhest som er i live: Opptre med varsemd. Ta bilete og meld frå via Dugnad for Havet, men unngå å forstyrre sjøhesten. 

Du ser at ein sjøhest er stressa ved at han: 

  •  Står oppreist i vatnet over botnen med hallen krølla opp, og snuten pressa ned mot brystet. 
  •  Vender seg bort, krøllar seg saman, legg seg flatt på botnen eller sym vekk. 
  • Mørknar i fargen. 
  •  Pupillane utvidar seg eller vekslar mellom å vere tronge og utvida.

Skal DNA-analysere individa

Nøyaktig kva sjøhestart kvart individ er, er endå ikkje klarlagt.

Dei to daude sjøhestane er sende til Stavanger Museum, som skal sørgje for at dei vert DNA-analyserte. 

Den vesle Sotra-turisten fekk symje vidare, etter å ha posert for fotografen.

– Men vi har sendt bileta til ein ekspert i Kroatia, og han meiner to av dei kan vere langsnuta sjøhest, seier van der Meeren.

For å vere sikre, lyt forskarane først ha eksemplara føre seg. Då kan dei telje haleringar eller finnestrålar, samanlikne hovudlengd og snutelengd, og registrere kjenneteikn som ikkje vert tydelege på bilete, eller ta nettopp ein DNA-test. 

Visste du at…

  • Det er sjøhesthannane som rugar egga? Sjøhesthannane ber egga i ein hudpose på magen, og «føder» ungane etter at dei vert klekte. 
  • Sjøhestane er gode på å gøyme seg? Sjøhestar kan endre farge etter omgjevnadane sine og brukar denne kamuflasjen til å gøyme seg. 
  • Sjøhestar sopar i seg maten? Sjøhestar et små krepsdyr og fangar dei ved å suge dei i seg når byttet kjem nært nok snuten. 

forskning.no vil gjerne høre fra deg!
Har du en tilbakemelding, spørsmål, ros eller kritikk? TA KONTAKT HER

Powered by Labrador CMS