Denne artikkelen er produsert og finansiert av Havforskningsinstituttet - les mer.

Pigmentet som gjev maneten blåfargen sin, vernar mot det sterke sollyset han vert utsett for i havoverflata.
Dette er bidevindsseglaren som dukka opp langs kysten. – Det er uhyre sjeldan han dukker opp langt nord, seier manetforskar Tone Falkenhaug.

Sensasjonelt besøk av manet i Noreg: ­– Dette er ein uhyre sjeldan gjest

Bidevindsseglaren har drive til norskekysten. Det har berre hendt éin gong før.

 – Eg vert berre meir og meir fascinert over denne arten, seier manetforskar Tone Falkenhaug.

Den siste veka har ho fått inn to observasjonar av den særeigne maneten bidevindsseglar.

Han har berre vorte observert i Noreg éin gong før for over ti år sidan. I 2011 dukka han nemleg opp på vestsida av Lofoten.

Gjennom portalen Dugnad for havet vart han meldt inn 7. september ved øyane Tromlingene på Sørlandet og 10. september ved Bulandet og Værlandet i Vestland.

– Maneten lever i alle verdshava, men i varmare havområde – i tropiske og subtropiske område. Det er uhyre sjeldan han dukker opp langt nord, men med spesielle vindforhold kan han drive langt, forklarar Falkenhaug.

Han er òg nyleg observert i Sverige – då for aller første gong.

Manetforskaren fortel at bidevindsseglaren (Velella velella på latin) er ein utruleg spennande skapning.

Pigmentet som gjev maneten blåfargen sin, vernar mot det sterke sollyset han vert utsett for i havoverflata. Denne bidevindsseglaren har drive til Vestlandet, til Bulandet og Værlandet.
Pigmentet som gjev maneten blåfargen sin, vernar mot det sterke sollyset han vert utsett for i havoverflata. Denne bidevindsseglaren har drive til Vestlandet, til Bulandet og Værlandet.

Lever på opent hav

Lenge trudde ein at bidevindsseglaren var ein kolonimanet, som er småmaneter som består av mange enkeltindivid. Men Falkenhaug forklarar at dette er ei feiloppfatning som heng igjen frå eldre forsking. Nyare forsking syner nemleg at bidevindsseglaren er eitt individ.

Som andre småmanetar har han ein fase som fastsitjande polypp og ein fase som frittsvømmande manet.

– Men bidevindsseglaren lever midt ute på opent hav, og der er det langt, langt ned til havbotnen. Dette har han løyst med å heller bruke overflata som underlaget han festar seg til, seier forskaren.

Endå bidevindsseglaren kan vere til forveksling lik maneten portugisisk krigsskip, så høyrer dei altså til to ulike grupper manetar.

Portugisisk krigsskip er ein kolonimanet, kjend for å ha ei neslegift som svir veldig om ein får nærkontakt med tentaklane hans.

Bidevindsseglaren har òg neslegift, men ho er så svak at du nok ikkje brenn deg om du får ho på fingrane.

Eit uløyst mysterium

Den vesle maneten ser nesten ut som ei lita jolle med seglet til topps. Sjølv om ein kallar det eit segl, så er det meir som ein kjøl – polyppen sit nemleg opp-ned.

– Når polyppen ser oppover mot himmelen, ser han eigentleg ned mot havdjupet, seier Falkenhaug.

Seglet let maneten drive dit vinden fører han. Det er også difor han har fått namnet sitt bidevindsseglaren på norsk, og på engelsk «by the wind sailor».

Men dette seglet er ikkje berre praktisk for maneten. Det er òg spennande for forskarane.

Nokre bidevindsseglarar har nemleg segl som er vridd mot venstre, medan andre har eit som er vridd mot høgre.

– Dette er eit lite mysterium som til no ikkje er løyst. Ein teori er at vridninga samsvarar med kva vind som dominerer i området maneten er, forklarar Falkenhaug.

I California, som ligg på vestsida av Amerika, er det ofte nordleg vind. Der dominerer dei venstrevridne bidevingsseglarane. Vindretninga og seglposisjonen gjer då at manetane vert dytta ut frå land.

– Uvanlege vindforhold, som under El Niño eller ein veldig sterk pålandsvind, kan då òg føre til massestranding av desse manetane. Det har vore observert i år.

Det er nok også slik maneten har enda opp langs norskekysten – han har drive på tvers av verdshava med nokre uvanlege vindkast og straumforhold. Manetane som no har vore på besøk, er truleg den venstrevridne varianten.

Har sin eigen sukkerfabrikk

Bidevindsseglarane lever av små dyreplankton og kan òg forsyne seg av småfisk. Desse får han fatt i ved hjelp av korte tentaklar på undersida. Når han driv i overflata over verdshava, kan det av og til vere vanskeleg å få fatt i mat.

Men maneten har gjerne «niste» – ein liten sukkerfabrikk heilt for seg sjølv.

Han kan nemleg leve i symbiose med algen zooxantheller, som vanlegvis teamar opp med korallar.

Algen har fordel av dette gjensidige nytteforholdet fordi han får næringsstoffa som maneten skiller ut. Bidevindsseglaren på si side får sukkeret som algen produserer gjennom fotosyntese.

– Slik kan maneten overleve midt ute på opent hav der det er lite mat.

Sjølv er bidevindsseglaren fôr for nokre typar fisk, som månefisken, men òg for nokre artar nakensnigel.

Truleg overlever ikkje bidevindsseglarane som dukkar opp langs norskekysten – her er det nok for kaldt i vatnet.
Truleg overlever ikkje bidevindsseglarane som dukkar opp langs norskekysten – her er det nok for kaldt i vatnet.

Har du sett ein slik?

Endå Tone Falkenhaug vart enormt entusiastisk av den sjeldne manetobservasjonen, så hadde ho vorte meir overraska for 20 år sidan enn det ho vart no.

– Eg vert mindre og mindre overraska over dei spesielle observasjonane vi får inn, sidan vi har sett at ting endrar seg i havet – og det gjeld ikkje berre for plankton. At ein og annan art som kan drive på tvers av verdshava dukkar opp, er eit naturleg fenomen, men klimaendringane vil bidra til at vi oftare får slike gjester.

Om du får auge på ein bidevindsseglar – så oppfordrer ho til å registrere funnet ditt på dugnadforhavet.no.

Powered by Labrador CMS