Denne artikkelen er produsert og finansiert av Havforskningsinstituttet - les mer.

Forskarar fann fleire makk i kvalar enn dei kunne telje. – Og godt er det!
Det betyr at til tross for den enorme påverknaden menneska har hatt på naturen, ligg forholda framleis til rette for makken.
– Kvalane er det endelege målet for kveis, også kalla makk, seier forskar Paolo Cipriani.
– Sjølv om vi finn dei i innvollane og kjøtet hos fisk, er fiskane berre eit transportmiddel kveisen treng for å komme seg høgare opp i næringskjeda, fortset han.
Kvalane er det første og siste steget i eit komplisert liv
Makken vi finn i mange fiskar og kvalar er parasitten Anisakis. I kvalane utviklar dei seg, parar seg og lagar tusenvis av egg.
Det er det siste stadiet i livet deira som går gjennom ei rekke vertar.
Egga forlèt kvalane saman med avføringa og klekker, før dei blir etne av små skaldyr som igjen blir etne av fisk.
Kvalane er øvst på næringskjeda og siste stopp i livssyklusen til kveisen.

Fann ei heil rekke kvalar og ei heil rekke makkar
I ein ny studie har forskarar frå Havforskingsinstituttet (HI), Universitetet i Roma og andre europeiske samarbeidspartnarar undersøkt magane til 34 stranda kvalar på leiting etter parasittar.
I dei fleste tilfella var pattedyra så fulle av kveis at det ikkje var praktisk mogleg å telje eller berekne graden av infeksjon. Vi snakkar tusenvis.
Hos kval er kveisen berre å finne i tarmsystemet – dei greier ikkje å gå inn i kjøtet og utgjer dermed ingen fare for menneske som likar kvalbiff.
Forskarane gjorde genetiske analysar av hundrevis av makkar frå totalt elleve kvalartar, som niser, delfinar, bardekvalar og spermkvalar.
Dyra stranda på kyststrekk langs Nordaust-Atlanteren og Middelhavet, i Noreg, Færøyane, Skottland, Spania, Italia og Hellas.

Forskarane kjenner no preferansane og utbreiinga til kveisen
– Vi har identifisert fem hovudartar av kveis og fann eit klart mønster for kva type kvalar dei føretrekker og kva farvatn dei held til i, seier Cipriani.
Anisakis simplex, som er vanlegast i Noreg, er for eksempel lite kresen når det gjeld både fisk og sluttvert. Men dei føretrekker delfinar og bardekvalar.
Andre artar av kveis, som Anisakis physeteris, fann forskarane berre i spermkvalar og dvergspermkvalar.
Dette forklarer forskaren som resultatet av millionar av år med utvikling og tilpassing. Den «korrekte» parasitten er han som endar opp i den spesifikke sluttverten.

Viser at næringsnetta er intakte
Forskar Paolo Cipriani er glad for å ha funne eit rikt mangfald av kveis i kvalane.
Han fortel at kveisen høyrer til i økosystemet. Det er eit godt teikn når vi finn dei som eit tydeleg innslag i næringskjeda, særleg i nordlege strøk.
– Til tross for den enorme påverknaden menneska har hatt på naturen, ligg forholda framleis til rette for kveisen. Det tyder på ein viss stabilitet i næringskjeda og at fleire kvalartar no hentar seg inn igjen etter utraderingane frå kvalfangsten på 1700-talet, seier Cipriani.
Dei nye funna lèt også forskarane følge med på endringar i framtida.

Slik ser forskarane etter kveis
Forskarar ved HI har allereie ei overvaking av parasittar i kommersielt utnytta fisk ettersom det angår forbrukarane.
For å følge opp med pattedyr har parasittologane og sjøpattedyrforskarane no gått saman om å undersøke kvalar og selar.
Selane er sluttvertar for andre kveisartar som er utbreidde i nordlege farvatn.
Referanse:
Paolo Cipriani mfl.: Distribution and genetic diversity of Anisakis spp. in cetaceans from the Northeast Atlantic Ocean and the Mediterranean Sea. Scientific reports 12, no. 1, 2022. Doi.org/10.1038/s41598-022-17710-1
Fikk du med deg disse sakene fra Havforskningsinstituttet?
-
Forskarane får perlesnor-maneta til å tenne på alle pluggar
-
Om fisk får ei perlesnormanet midt i fleisen, kan skadane utvikle seg til store innsøkk i vevet
-
Ørreten drar gjerne på harrytur til Sverige
-
Sugekopper, kroker og lysorganer – slik avslører blekksprut-detektivene ulike arter
-
Barentshavet: Slik påverkar varmare hav matvanane til lodde, torsk og plankton
-
Forskere fant 70 ekstra arter med miljø-DNA