Denne artikkelen er produsert og finansiert av UiT Norges arktiske universitet - les mer.

Troy Saghaug Broderstad, førsteamanuensis i samanliknande politikk, Institutt for samfunnsvitskap.
Forskar Troy Saghaug Broderstad meiner det er vanskeleg å slå fast ein gong for alle kvifor folk stemmar som dei gjer.

Valforskar: – Det er irrasjonelt å stemme

Det seier forskar Troy Saghaug. Han undersøkjer kvifor folk stemmer som dei gjer. Har politikk vorte ein marknad kor vi shoppar parti?  

– For eit superrasjonelt individ vil ikkje innsatsen det krev å gå ned å stemme veie opp kva du får igjen, seier Troy Saghaug Broderstad, førsteamanuensis ved UiT Norges arktiske universitet.

Han har ein doktorgrad i samanliknande politikk og har forska på veljarframferd, altså kvifor og korleis folk stemmer, i Noreg og Europa.

Men Broderstad er klar på han vil du skal gå og stemme, altså. Det er jo essensielt for at demokratiet vårt skal fungere. Dei fleste stemmer jo òg av ei kjensle av plikt eller for å kjenne at ein deltek i samfunnet.

– Men om ein kan ha innverknad på folk rundt seg og få dei til å stemme slik du gjer, då har det òg ein rasjonell verdi. Og som min tidlegare kollega Frank Aarebrot sa: Å ikkje stemme er ei halv stemme til dei du likar minst, forklarar Broderstad.

Podcast: Kva er veljarframferd?

Lørdagsuniversitetet har populærvitskaplege foredrag frå forskarar ved UiT Noregs arktiske universitet. I denne episoden snakkar Troy Saghaug Broderstad om kvifor og korleis folk stemmer. Du finn podcasten nederst i denne artikkelen.

Politikken har vorte ein marknad

Han meiner det er vanskeleg å slå fast ein gong for alle kvifor folk stemmar som dei gjer. Men forskaren har hypotesar.

– Tidlegare hadde ein sterk parti-identifikasjon, og ein stemte etter klasse og stand, altså på partiet som kjempa for din klasse sine vilkår. Då byta ein sjeldan parti. Men no er folk mindre tru mot ein ytre ideologisk kamp, og meir oppteken av enkeltsaker eller eigne interesser, til dømes lommeboka, seier Broderstad.

Forskarane meiner politikken i Europa har gått frå å vere eindimensjonal langs ein økonomiske akse frå høgre til venstre, til å vere fleirdimensjonal og handle om andre verdiar, til dømes miljø eller globalisering. Og derfor ser ein at det poppar opp nye, mindre parti som slår seg opp på sakar dei etablerte kanskje ikkje har nok fokus på.

– Ein kan seie at det finst ein marknad for veljarar, kor partia kan trekkje til seg veljarar på andre saker en dei klassiske som omfordeling og velferd. Og det gjer det nok meir krevjande å lokke til seg veljarar enn det var før, seier Broderstad.

Truløyse forbrukarar kastar parti

Borderstad forklarar mange av partia sine stigande og søkkjande oppslutnad med slitasje og at ein kanskje lovar litt mykje til veljarar på politisk shopping.

– I politiske system som vårt har ein som regel nokre få store styringsparti rundt sentrum, og fløyparti som prøver å drege dei i ein eller annan retning. Då får jo ingen av partia gjort alt på programmet sitt, og det gjer at mange veljarar vert skuffa eller sinna, så då leitar dei etter eit nytt parti, seier han.

Færre følgjer slike piler om det regnar.
Færre følgjer slike piler om det regnar.

Han seier at blant menneske som har politisk interesse og følgjer med i samfunnsdebattane, er det ein viss forståing for at det politiske systemet vårt er retta mot konsensus og kompromiss. 

Dei er derfor meir trufaste mot sitt parti, for dei skjøner at sjølv om deira preferansar ikkje vert heilt fullbyrda, så er det tross alt betre med å få litt enn å få det som dei andre vil ha. For det er truleg endå mindre i samsvar med preferansane deira.

– Men for dei som ikkje er så heldige som meg, som får betalt for å følgje med på politikk, kan nokre få negative oppslag i avisa gjere at ein mister trua og byter. Eller vel sofaen, seier han.

Sofaen vert fort òg eit alternativ om ein ikkje synest det står noko særleg på spel.

– Då orkar ein gjerne ikkje. Det er og forsking som syner at om det regnar på valdagen, så går deltakinga ned, seier Broderstad.

Lokalval har «rare» marknadar

I kommunane er det «mykje rart som skjer» i følgje Broderstad. 

Nye, lokale lister kan verte starta på grunn av kranglar eller småting, det kan vere særs få parti som stiller til val, og det er ein kjensle hjå mange av at det ikkje står så mykje på spel. I tillegg kan det vere ganske små sakar som vert avgjerande for valresultata.

– Undersøkingane viser at det er veldig mykje forskjellig som ligg bak folks stemmegjeving. Men du kan ha tilfelle kor enkeltsaker vert fullstendig dominerande, som til dømes i Harstad i 2011. Då fekk FrP, som var det einaste nei-partiet, 34 prosent. Harstad vart derfor den beste FrP-kommunen i heile landet det året, seier han.

Borderstad seier at i kommunar med få parti eller kor eit parti har mykje makt, kan ein sjå at demokratiet kjem under press. Han trekkjer fram Bø i Vesterålen, kor Høgre har 60 prosent oppslutning, og ein særs karismatisk og målretta ordførar i Sture Pedersen.

Sture Pedersen sin ordførar-side er litt annleis enn vanleg.
Sture Pedersen sin ordførar-side er litt annleis enn vanleg.

– Der synest ikkje opposisjonen at det er så kjekt å drive med politikk. Det er ikkje den vanlege konsensus-politikken, men ein personfokusert og til dels overkøyrande politisk kvardag. Då kan folk miste entusiasmen for politikk, seier Broderstad.

Han peiker på at situasjonar som i Bø er ganske uvanlege, og at personfokus er mindre viktig enn kva mange trur. Og som regel vert det mindre og mindre viktig jo større kommunen er.

Protestpartia er veljarar på leit etter eit produkt

I dei siste vala har vi sett at såkalla protestparti som MDG, Folkeaksjonen nei til bompengar, og no i år, Industri og næringspartiet, gjer det ganske bra. Borderstad seier det er eit sunnheitsteikn for demokratiet vårt:

– I motsetnad til i andre land kor det vert opptøyar og mykje uro, finn ein i Noreg saman i det politiske systemet og nyttar dei tradisjonelle kanalane når ein kjenner at viktige saker ikkje får merksemd, seier han.

– Og det heng igjen saman med at politikken ikkje lenger berre har ein dimensjon, og om det er mange nok som meiner at dei ikkje vert høyrt, då kjem det ein reaksjon.

Broderstad trur vi no har ein gruppering i befolkninga som protesterer mot det etablerte ved å stemme inn rebellar, sjølv om partia har hatt ein tendens til å gå i oppløysning. Det er òg ein trend i heile Europa at dei store styringspartia vert mindre og mindre, og det veks fram ein rekkje nye éisaks- eller protestparti rundt dei.

– Eg trur vi vil sjå det meir i Noreg framover, med veljarar på vandring mellom partia og at dei store vil verte mindre. Og då får ein eit vanskeleg politisk utgangspunkt, slik det til dømes ligg an til å verte i Bergen no. Med mindre Høgre og Arbeidarpartiet slår seg saman. Dei mot røkla, det hadde vore ein kjempeide for dei, seier Broderstad og peiker på at slik har det vore i Tyskland i mange år.

Powered by Labrador CMS