Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Det er viktig å styrke administrasjonen i Stortinget, slik at dei er betre rusta til å halde orden i eige hus, meiner professor Cathrine Holst.

Trass skandalane: Tilliten til det norske demokratiet kan styrkast, meinar forskarer

Først kom reiserekningane, så pendlarbustadane. Eit solbrilletjuveri markerte starten på sommarferien, og sidan har habilitetsskandalane rulla ut av skapet. Kor mykje toler tilliten til demokratiet vårt?

– Tillit som fenomen flyttar seg sakte. Så det er vanskeleg å måle effekten av ei enkelt sak. Generelt er det norske samfunnet prega av høg tillit, og den høge tilliten til det politiske systemet heng saman med dette, seier professor i statsvitskap Carl Henrik Knutsen 

Knutsen er ikkje bekymra for at den siste tidas hendingar er i ferd med å bryte ned det norske demokratiet, men meiner dei likevel kan ha negativ effekt.

Professor i statsvitskap Carl Henrik Knutsen er ikkje bekymra for at den siste tidas hendingar er i ferd med å bryte ned det norske demokratiet, men meiner dei likevel kan ha negativ effekt.

– Ei skandale har i seg sjølv kanskje ikkje så stor effekt for tilliten, men når det blir mange saker som kjem tett etter kvarandre risikerer vi å tape noko. Ein kan også frykte at debattklimaet blir prega av meir personfokus, eller at den norske konsensuspolitikken med brei einigheit mellom partia blir vanskelegare å gjennomføre, seier Knutsen.

Forskjell på tillit

Professor i vitskapsteori og demokrati, Cathrine Holst, påpeikar at ein metaforisk gjengangar er å snakke om tilliten som sjølve limet i det norske samfunnet.

– Altså skapar vi ei forståing for at tillit alltid er bra. Og tillit kan vere eit godt verktøy for implementering av effektiv politikk, som vi såg under pandemien, seier Holst.

– Men det er no likevel sånn at det er forskjell på tillit og det å ha fortent tillit. Så det sentrale spørsmålet om myndigheitene fortener vår tillit, og det synast eg at vi burde snakke meir om.

At det over tid kjem saker der ein kan mistenke folkevalde for å sette eigne interesser framfor fellesskapet, meiner Holst er problematisk.

– Ein kan argumentere for at dette vil kunne svekke tilliten over tid, fordi handlingane ikkje er tillitsverdige, seier Holst.

Cathrine Holst er professor i vitskapsteori og demokrati. Ho forskar i skjeringspunktet mellom filosofi og samfunnsvitskap.
Cathrine Holst er professor i vitskapsteori og demokrati. Ho forskar i skjeringspunktet mellom filosofi og samfunnsvitskap.

Vil ha endringar

Under arrangementet «Undergraves tilliten til det norske demokratiet?» ved UiO:Demokrati i midten av oktober presenterte Holst fleire forslag til endringar, for å redusere omfanget av liknande saker i framtida.

– Det er viktig å styrke administrasjonen i Stortinget, slik at dei er betre rusta til å halde orden i eige hus. Eit anna forslag er at Stortinget set ned ein kommisjon for å granske habiliteten til statsrådane, seier Holst.

– Eg trur også at det ville vore bra for demokratiet om utredningskapasiteten på Stortinget blei styrka, slik at dei folkevalde hadde ein uavhengig stad å søke kunnskap. Dette kan demme opp mot press frå lobbyistar.

Tidlegare denne hausten tok også forfattarane av rapporten «Tilstandsanalyse av det norske demokratiet» til orde for at Noreg bør innføre eit eige lobbyregister som eit demokratistyrkande tiltak. 

Holst rettar også søkjelyset inn mot forskarmiljøas ansvar i storsamfunnet.

– I desse sakene som har kome fram ser vi at media avdekker svikt i systemet. Det er bra, men eg meiner vi også kan stille spørsmål om vi forskarar har vore gode nok til å gjere det same, seier Holst.

Her snakkar professor Cathrine Holst til ein full sal på Litteraturhuset, om korleis tilliten til det norske demokratiet kan styrkast.

Avviser krise

Så kva gjer det med samfunnet vårt om sak etter sak får vektskiva til å tippe frå tillit til mistillit?

Ifølgje tillitsforskar Signe Bock Segaard ved Institutt for samfunnsforsking, er det ikkje krise i seg sjølv om tilliten fell for ein periode.

– Lågare tillit kan vere uttrykk for ein sunn reaksjon. Problema oppstår når tilliten er ulik mellom forskjellige grupper, og utviklinga mellom gruppene går i ulik retning. Ulikheit i tillit avspeglar ofte meir underliggande konfliktar og misnøye i samfunnet. Forskinga viser at det er dei i samfunnet som har minst frå før, som mister mest tillit når slike saker som habilitetsskandalane kjem fram, seier Segaard.

Statsviter Signe Bock Segaard.
– Eg har tru på at desse sakene vil bli rydda opp i på ein god måte, seier Signe Bock Segaard, statsviter ved Institutt for samfunnsforskning.

Som Holst meiner Segaard at tendensen vi har til å snakke opp tillit som noko utelukkande positivt er problematisk.

– Vippepunktet for samfunnet er når vi går frå generell tillit til mistillit. Men eg har tru på at desse sakene vil bli rydda opp i på ein god måte, både fordi dei blir granska gjennom kritisk journalistikk og i Stortingets kontroll- og konstitusjonskomité.

– Og så er det eit sunnheitsteikn at sakene kom ut i lyset. Viss vi aldri fekk vite om dette, då kunne vi heller snakka om ei krise for det norske demokratiet, seier ho.

Kva er eit demokrati?

Korleis fungerer demokrati i praksis? Korleis kan dei underminerast, og korleis kan dei vedlikehaldast og styrkast? Dette er spørsmål som blir undersøkt i det tverrfaglege prosjektet UiO:Demokrati.

forskning.no vil gjerne høre fra deg!

Har du en tilbakemelding, spørsmål, ros eller kritikk? TA KONTAKT HER

Powered by Labrador CMS