Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Nyretransplanterte treng ofte mange covid-vaksinar
Vaksinane skal styrkja immunforsvaret, men samstundes får pasientane legemiddel som skal hemma det same immunforsvaret.
Når nokon får transplantert inn ei nyre eller eit anna donororgan, vil immunforsvaret oppfatta det nye organet som ein inntrengjar og prøva å hindre det i å etablera seg i kroppen.
Pasientane får
derfor legemiddel som hemmar immunforsvaret, slik at det ikkje skal støyta bort
det nye organet.
Men dermed klarar heller ikkje immunforsvaret å gjera den vanlege jobben sin så godt som før, slik at kroppen er meir mottakeleg for infeksjonar. Det fekk alvorlege fylgjer då pandemien kom.
– Før vaksinane kom, var dødelegheita blant nyretransplanterte smitta med covid svært høg i Europa. Vi erfarte heldigvis at mange av våre pasientar her til lands i stor grad isolerte seg sjølve ved å dra på hytta eller minimera kontakta med andre på andre måtar.
Kolliderer med oppgåve
Det seier Anders Åsberg, professor II ved Farmasøytisk institutt på Universitetet i Oslo. Han er dagleg leiar av Nyrefysiologisk laboratorium ved Rikshospitalet. Det er sjukehuset der alle nyretransplantasjonar på norsk jord vert utførte.
Rundt 250–300 slike operasjonar vert gjorde kvart år.

Etter at vaksinane kom, har situasjonen for nyretransplanterte blitt betre. Sjølv om dødelegheita framleis ligg over gjennomsnittet, er ikkje forskjellen like dramatisk som tidlegare.
– Men vaksinane verkar jo ved å få immunforsvaret til kroppen til å produsera antistoff sjølv. Det kolliderer med oppgåva til dei immundempande medisinane pasienten får, seier Åsberg.
92 prosent av pasientane har teke prøve
Det betyr ikkje at alt håp er ute for nyretransplanterte, men dei har behov for tettare oppfylging for å kontrollera kor godt vaksinen har fungert.
Sidan Rikshospitalet har oversikt over alle nyretransplantanterte – det er som nemnt der operasjonane vert utførte – har dei kunna fylgja opp alle pasientane.
– Dei har fått tilsend rekvisisjon for blodprøve slik at dei kan gå til nærmaste stad prøvar kan takast og få de sendt til oss. Prøvane frå heile landet vert så analyserte ved Immunologisk institutt på OUS Rikshospitalet. I tillegg kan vi bruka opplysningane i forskinga vår, fortel Åsberg.
Han legg til at så mange som 92 prosent av pasientane har teke prøve på eitt eller anna tidspunkt undervegs.
– Men svarprosenten har naturleg nok dabba av etter kvart som covid ikkje pregar samfunnet i like stor grad lenger.
Dei fyrste i verda
Blodprøvane viste at medan nokon av nyretransplanterte hadde god effekt av vaksinen og utvikla antistoff mot pandemiviruset, var det andre som ikkje responderte på fyrste, andre eller tredje vaksinedose.
– Men det vi såg, var at blant dei som ikkje hadde effekt av fyrste to dosane, hadde rundt ti prosent noko effekt av dose tre. Blant dei som ikkje hadde effekt av dose tre, fekk ti prosent igjen noko effekt av dose fire og så vidare, fortel Åsberg.
– Og når du fyrst har hatt litt effekt av ein dose, vil neste dose gje ein boost. Slik aukar mengda av antistoff i kroppen. Slik kan ein etter kvart få beskyttelse, ikkje så mykje mot å bli smitta, men risikoen for innlegging i sjukehus eller død vert betydeleg redusert. Det ifølgje ein studie frå Oslo universitetssykehus.
Åsberg fortel at dei er dei fyrste i verda som har undersøkt effekten av dosane seks og sju. Mønsteret er det same som andre tidlegare har funne opp til fjerde og femte vaksinedose.
Utvikling i rasande fart
Han opplyser at ein av pasientane deira har fått så mange som ti vaksinedosar, medan fire har fått ni. Frekvensen av biverknadar frå vaksinen er likevel uendra sjølv etter så mange dosar.
– Dersom kroppen absolutt ikkje kjem i gang med å produsera antistoff sjølv, finst det eit alternativ. Det er antistoff som vert produserte i laboratoriet. Men det er kanskje hundre gonger så dyrt som ein vaksinedose. Vaksinane er òg lettare tilgjengelege rundt om i landet, seier Åsberg.
– Og uansett verkar ikkje dei syntetiske antistoffa på den nyaste covid-varianten. Sjølv om utviklinga skjer i rasande fart, vil vi ikkje ha effektive syntetiske antistoff mot den nyaste varianten før rundt påsketider neste år.
Referanse:
Anders Åsberg mfl.: Humoral Response After 6 or More Successive Doses of SARS-CoV-2 mRNA Vaccines in Kidney Transplant Recipients – Should We Keep Vaccinating? Transplantation, 2023.
Les også disse sakene fra Universitetet i Oslo:
-
Hjerneforsker advarer mot ukritisk bruk av smertestillende opioider
-
Kvinner isoleres oftere enn menn under fengsling i Norge
-
Forskning møter barrierer: – Jeg er ganske bekymret over utviklingen
-
Slik kan sensorer fra smarttelefoner brukes til å ta bilde av antimaterie
-
Jordskjelv, snøskred og glass som knuser, har noe til felles
-
Digitale verktøy kan gi lærerstudenter bedre veiledning
forskning.no vil gjerne høre fra deg!
Har du en tilbakemelding, spørsmål, ros eller kritikk? TA KONTAKT HER