Denne artikkelen er produsert og finansiert av Vestlandsforsking - les mer.

Flom over vei i Hallingdal
Ein del fylkeskommunar prioriterer arbeidet med klimatilpassing og legg ned ein stor innsats for at kommunane skal få den støtta og rettleiinga dei treng.

Klimatilpassing: – Fylkeskommunane er nok viktigare enn mange trur 

Ein aktiv fylkeskommune er avgjerande for arbeidet med klimatilpassing i kommunane.

Meir tørke, styrtregn og skredfare er berre noko av det kommunar pliktar å ruste innbyggarar og lokalsamfunn mot. Nivået over kommunane, altså fylkeskommunane, har eigentleg ikkje noko formell rolle i arbeidet med klimatilpassing.

– Likevel er det ein del som prioriterer dette arbeidet og legg ned ein stor innsats for at kommunane skal få den støtta og rettleiinga dei treng, seier Torbjørn Selseng, forskar ved Vestlandsforsking.

No kan han slå fast at det har mykje å seie. Kommunane som har ein aktiv fylkeskommune i ryggen, får til meir, viser ein ny studie. Dette gjeld spesielt dei minste kommunane i landet.

– Fylkeskommunane er nok viktigare enn mange trur, seier Selseng.

Portrett forsker
– Kommunane bør få den støtta og rettleiinga dei treng, seier Torbjørn Selseng, forskar ved Vestlandsforsking.Torbjørn Selseng.

Viktige funn

Saman med ein annan forskar har han lagt fram nye funn om lokal klimatilpassing i det vitskapelege tidsskriftet Sustainable Development.

Dette er funna forskarane reknar som spesielt viktige:

  • Støtte frå det regionale nivået er viktig for alle, men heilt avgjerande for dei minste kommunane.
  • Det er graden av rettleiing og støtte som betyr noko for kommunane, ikkje kva type støtte dei får.
  • Kommunestorleik, risikosyn, politisk støtte, deltaking i nettverk og samarbeid med innbyggarar og næringsliv er òg viktige føresetnader for arbeidet med klimatilpassing.
  • Kommuneøkonomi og bemanning har lite å seie for kor langt framme ein er i arbeidet.
  • Å ha lokalsamfunnet og politikarane i kommunen på laget er ein viktig føresetnad for å få prioritert og gjennomført klimatilpassing. Men for å få til ei berekraftig innretning på arbeidet står kommuneadministrasjonar friare.

Gjer mykje nytt

– Me klarar å avdekke desse funna fordi me gjer fleire ting som er heilt nytt, seier Selseng. 

Mellom anna gjer dei eit viktig grep knytt til spørsmålet «kva er klimatilpassing?».

– Det er ikkje sånn at klimatilpassing blir forstått og gjennomført likt alle stader. Forskinga så langt har ikkje vore god nok til å sjå på samanhengen og nyansane i arbeidet med klimatilpassing, seier Selseng.

Forskarane deler opp klimatilpassing i ulike aktivitetar: kor god ein er på måling og rapportering, kor viktig framtidsklima er i arbeidet, kor god ein er på å ta omsyn til andre politikkfelt, kor god ein er til å ta klimatilpassing inn prosessar og planar i kommunen og i kor stor grad ein gjennomfører faktiske tiltak.

Fritt fram å velje berekraftig klimatilpassing

– Nokon kan vere gode på å planlegge godt. Andre kan vere gode på å stikke spaden i jorda og gjennomføre tiltak.

Og der er det ein viktig skilnad. 

For å gjennomføre tiltaka treng ein støtte frå lokalpolitikarane og lokalsamfunnet. Dei må godta at kommunen brukar pengar, og at kommunen gjer endringar i til dømes bustadfelt og vegar.

– Men å planlegge på ein god måte krev ikkje i same grad at politikarane og næringslivet seier at det er greitt.

Forskarane meiner det betyr at kommuneadministrasjonar i stor grad kan bestemme sjølv om dei vil drive klimatilpassing på ein meir berekraftig og heilheitleg måte. 

Der kan dei tenkje samspel og vinn-vinn med andre fagområde, som utsleppsreduksjon, naturtap og energi.

– Men det betyr verkeleg ikkje at kommunar bør tone ned dialogen med innbyggarane. Det går ikkje. Alle må med, som det heiter i FNs berekraftsmål. Men kommunetilsette kan ikkje bruke mangel på politisk støtte eller støtte frå lokalsamfunnet som argument for at dei ikkje klarar å sjå klimatilpassing i eit berekraft-perspektiv, seier Selseng.

Referanse:

Torbjørn Selseng og Arild Gjertsen: What drives sustainable climate change adaptation at the local level? Approaching three knowledge gaps. Sustainable Development, 2024. Doi.org/10.1002/sd.3043

Powered by Labrador CMS