Her går det galt når åttandeklassen multitasker
Ungdom er gode til å multitaske, men lærer mindre når dei gjer det, viser test.
Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.
Ingrid, Brage og Miriam ved Blusuvold ungdomsskule i Trondheim fortel at dei gjerne ser på TV, høyrer på musikk, eller held på med datamaskina samtidig som dei gjer lekser.
Men klarar ungdom å lære samtidig som dei har så mange ballar i lufta?
Saman med professor i psykologi Annika Melinder testa NRK-programmet Schrödingers katt evna til læring under multitasking i ein åttandeklasse.
Melinder er leiar for forskingsgruppa Enhet for kognitiv utviklingspsykologi, EKUP, ved Universitetet i Oslo.
_____________________