Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Interessa for realfag kan vekkjast tidleg. Men det er stor forskjell på barnehagane

Det er store sprik mellom barnehagar i kva naturfagmateriell dei har, og kor lett barna har tilgang til det.

Guri Langholm, Asbjørn M. Hov og Unni Vik viser fram leikefigurar og naturmateriale som kan brukast i barnehagen.
Publisert

Kva leiker og utstyr finn du i ein barnehage? Om du tenkjer på blant anna plastdyr, byggjeklossar og sandkasse, har du ganske sikkert rett. I ei kartlegging av 81 Oslo-barnehagar har nesten alle desse tre tilboda.

Kartlegginga er gjort av tre forskarar frå Naturfagsenteret ved Universitetet i Oslo. Ein av dei er fyrsteamanuensis Unni Vik, som òg er tilsett ved Institutt for barnehagelærarutdanning, OsloMet.

– Desse leikene er veldig vanlege på norske barnerom, med unntak av sandkassa. Ofte vert kanskje ungane overlatne til seg sjølv i leiken med dei. Men dei kan òg brukast som utgangspunkt for fine samtalar der ein inviterer barnet til å reflektera over omgrep og fenomen innan biologi og fysikk, seier Vik.

Kostbart utstyr

Saman med fyrstelektor Guri Langholm og universitetslektor Asbjørn M. Hov har ho sett saman ei liste over naturfagmateriell som kan brukast i barnehagen. 

Dei bad dei 81 deltakarane i undersøkinga å oppgje kva på lista dei hadde i sin barnehage, og kor lett tilgjengeleg det var for barna.

– Vi delte respondentane i småbarnsavdelingar (0–3 år) og storbarnsavdelingar (3–6 år). Vi fann ingen forskjell mellom små- og storbarnsavdelingar i tilfanget av naturfag utstyr, eller rettare sagt Natur, miljø og teknologi, som fagområdet heiter i Rammeplanen for barnehagen, seier Langholm.

– Men utstyret var noko lettare tilgjengeleg for dei store barna. Det kan ha samanheng med at noko av utstyret kan vera for kostbart til at dei minste kan få handtera det åleine. Noko utstyr er òg slik at ein må ha hjelp frå ein vaksen til å bruka det.

Utgangspunkt for vidare diskusjonar

Om ikkje forskjellane var så store mellom små og store barn, var dei desto større på tvers av barnehagar.

– Tilfanget på og tilgangen til naturfagmateriell strekkjer seg frå barnehagar med mykje naturfagmateriell til barnehagar som er ganske fattige på naturfagmateriell, seier Hov.

– Men undersøkinga vår gjev ikkje nødvendigvis heile biletet. I naturbarnehagar er barna meir utandørs enn i andre barnehagar. Då har dei mindre behov for naturfagutstyr til innandørs bruk. Dei brukar og mykje materiell som dei sjølve finn i naturen.

Det finst få undersøkingar som har undersøkt tilfanget av naturfagutstyr i barnehagen, verken her til lands eller internasjonalt. Dei tre forskarane seier kartlegginga deira er eit utgangspunkt for vidare diskusjonar.

Varierer frå barnehage til barnehage

– Kartlegginga er ein del av Språksterkprosjektet 1-6, som undersøkjer korleis barnehagar i fleirspråklege område kan bidra til ei god språkutvikling for alle barn. Alle dei 81 deltakarane er dermed frå såkalla levekårsutsette område i Oslo, fortel Vik.

– Er dei representative for alle barnehagane i Oslo? Korleis er Oslo samanlikna med andre kommunar? Er det forskjell på private og offentlege barnehagar? … og så vidare. Her er det mykje som kunne vera interessant å sjå nærare på.

Langholm trekkjer òg fram barnehagepersonalet sin rolle i fagområdet Natur, miljø og teknologi.

– Ein ting er at det vil variera frå barnehage til barnehage kor mykje kompetanse på og interesse for naturfaga personalet har. Og så har jo mange barnehagar ein vanskeleg bemanningssituasjon. Det spelar òg ein rolle, seier ho.

Ta med seg naturfag inn

– Drar ein fram masse utstyr, så må det jo ryddast på plass igjen òg. Eller sorterast, som personalet seier når dei skal ha barna til å hjelpa til. Det høyrest mykje hyggjelegare ut.

Hov understrekar at studien deira går rett inn i ein pågåande diskusjon på barnehagefeltet.

– Det er i vinden å snakka om varierte leikemiljø eller leikeområde i barnehagen. Då trengs òg ein variasjon i materiell, og då må vi vita kva som finst, seier han.

– Mange tenkjer kanskje at i barnehagen er naturfag noko som skjer ute i skogen. Vi ynskjer at ein òg tek det med seg inn, og jobbar med det inne.

Referanse:

Vik, Hov, Langholm: Stor variasjon i naturfagmateriell i Oslo-barnehagar. NorDiNa, 2025. (Sammendrag) Doi.org/10.5617/nordina.11402

Powered by Labrador CMS