Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Nevroutvikling er den biologiske modninga av sentralnervesystemet hjå barn og unge.

Internasjonal einigheit om forsking på legemiddel og nevroutviklinga til barn

Alle er einige om at det er viktig å forska på korleis legemiddelbruken til påverkar barnet, men tilnærmingane har sprikt. No har ekspertane kome med ei felles anbefaling.

I mange år har 25 forskarar frå 13 land diskutert korleis dei bør gjera forskinga på korleis legemiddelbruken til mora påverkar nevroutviklinga til barnet. 

Nevroutvikling er den biologiske modninga av sentralnervesystemet hjå barn og unge. Ho har mellom anna betydning for den motoriske og kognitive utviklinga til barnet.

Dei fremste forskarane i verda på området var med i gruppa. To av deltakarane er professorar frå Universitetet i Oslo: Hedvig Nordeng frå Farmasøytisk institutt og Eivind Ystrøm frå Psykologisk institutt. 

Dei har over mange år samarbeida om å kartleggja korleis ei rekkje legemiddel tekne under svangerskapet påverkar hjernen til barnet.

Sprikande oppfatningar

– Utfordringa med denne forskinga har vore sprikande oppfatningar av kva det er viktig å forska på, når og kva metodar me bør bruka. Det har ført til sprikande resultat som har vore vanskelege å tolka og samanlikna. Dermed vert råda til gravide i praksis usikre, fortel Nordeng.

– Forstyrringar i nevroutviklinga kan gje seg utslag på fleire ulike måtar, seier Hedvig Nordeng.

Forskarar i akademia, behandlarar i klinikk, helsemyndigheiter som skal gje anbefalingar, farmasøytisk industri som utviklar nye legemiddel – alle treng solide datagrunnlag for å kunna ta vitskapelege avgjerder. 

– Men fordi det finst så mange ulike tilnærmingar blant forskarane, har det teke gruppa årevis med fysiske møte og spørjeundersøkingar og diskusjonar for å koma i mål.

Men no ligg endeleg anbefalingane føre. Dei er elleve i talet, og til saman dekkjer dei seks område som Nordeng framhevar.

1. Når skal ein forska?

– Her gjev me kriteria for i kva tilfelle forsking bør utførast, seier Nordeng.

Forskarane anbefalar at det skjer når det er biologisk sannsynleg at legemiddelet kan påverka nevroutviklinga. 

Om verkestoffet kan passera frå morkaka til fosteret og kryssa den såkalla blod-/hjernebarrieren i fosteret, vil det vera ei moglegheit for at normal utvikling av barnehjernen vert forstyrra. Då må forskarar òg kunna krevja legemiddelstudiar og oppfølging av barna.

Nordeng fortel at dersom verkestoffet til dømes ikkje kan passera frå morkake til foster, og det heller ikkje finst andre biologiske teikn på at det kan påverka hjerneutviklinga, kan det vanskeleg gjera skade heller. 

– Då skal det vera unødvendig med meir forsking. Vi må prioritera forskinga der biologien og farmasien tilseier at behovet er reelt.

2. Moglege skadeverknadar

Forstyrringar i nevroutviklinga kan gje seg utslag på fleire ulike måtar, ifølgje forskaren. 

Det kan gje redusert IQ, ADHD, autisme, motoriske forstyrringar, kjenslemessige avvik, åtferdsforstyrringar, psykologiske avvik, svekka læringsevne og andre kliniske forstyrringar.

– Alle desse bør ein undersøka for å få eit komplett bilete av kor trygt legemiddelet er i fosterlivet.

3. Vurdering av skadeverknadar

Her var gruppa først delt i to tydelege leirar. 

Den eine gruppa meinte at det viktigaste kriteriet skulle vera om barnet fekk ein klinisk diagnose eller ikkje. Det skjer ved forstyrringar av ein viss alvorsgrad og er ofte vurdert av spesialist.

– Den andre gruppa meinte dette ikkje var nok. Dei meinte at ein klinisk diagnose ikkje ville kunne fange opp meir subtile problem hjå barnet. Dei stolte meir på testskalaar, seier Nordeng.

Til dømes vil ein IQ-test lettare fanga opp svekte kognitive evner hjå barn som har blitt eksponert for eit legemiddel under svangerskapet. Ein diagnose på kognitiv forstyrring blir derimot berre gitt i dei mest alvorlege tilfella.

Dei viste òg til at andre faktorar enn barnet sjølv kan medverka til om barnet får ein diagnose. Ulike foreldre kan til dømes gjera ulike vurderingar av om barnet skal bli tatt med til lege for vurdering. 

Og i nokre norske fylke vert det stilt tre gonger så mange ADHD-diagnosar som i andre. Det er ein indikasjon på at det å gje ein ADHD-diagnose vert praktisert ulikt.

– Begge leirane har rett. Vi vert einige om at det er ikkje finst eitt rett svar. Vi må registrera åtferdsforstyrringar og andre symptom sjølv om dei ikkje har leia fram til ein diagnose. Me må bruka alle dei verktøya som er tilgjengelege sidan dei måler og fangar opp forskjellige ting. 

Samla gir dei forskarane eit bilete på vurdera skadeverknadar på hjernen til barnet.

4. Alder på barnet

– Nokre studiar undersøkjer berre utviklinga hos småbarn. Det er altfor kort oppfølgingstid. Hjernen held fram med å utvikla seg langt opp i ungdomsåra, seier Nordeng. 

Problem som kanskje ikkje var tydelege i småbarnsalder, kan bli synlege seinare når oppgåvene hjernen skal løysa blir meir komplekse. 

– Vi bør derfor fylgja barnet heilt frå dei er små til dei er ferdigutvikla. Langtidsstudiar er sjeldne, men svært viktige.

5. Handtering av feilkjelder

– Nevroutviklinga kan sjølvsagt verta påverka av andre faktorar enn legemiddelbruken til mor under svangerskapet. Årsakene kan vera genetiske eller dei kan liggja i oppvekstmiljøet på ulike måtar, seier Nordeng.

Ho seier forskarar må anstrenga seg så mykje som råd for å redusera effekten av slike feilkjelder. 

6. Fullstendig rapportering

– I forlenginga av dei førre punkta er det viktig at forskarane legg fram alle forhold som kan ha betyding for tolking av resultata, seier Nordeng.

Det gjeld òg korleis ein vurderer funna og diskuterer risiko.

– Samla sett gjev artikkelen myndigheiter, legemiddelfirma og akademia ei tydeleg samla retning framover. Forhåpentleg vil han bidra til å tetta kunnskapshol om korleis mors legemiddelbruk påverkar barnet.

Referanse:

Rebecca Bromley mfl.: Expert consensus on neurodevelopmental outcomes in pregnancy pharmacovigilance studies. Frontiers in Pharmacology, 2023. Doi.org/10.3389/fphar.2023.1094698

 

Powered by Labrador CMS