Utdøydd mennesketype kan ha laga klede
Pekingmennesket kan ha pynta seg med skinnklede og ha meistra elden, ifølgje nye funn.
Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Fossilar av den utdøydde mennesketypen Pekingmennesket vart funne i Kina i 1920. Mennesketypen er ein representant for Homo erectus som levde for mellom 200 000 til 750 000 år sidan.
Forskarar utfører no nye undersøkingar på funnstaden for Pekingmennesket for å finne gjenstandar som kan gi svar på korleis desse menneska levde.
Blant funna forskarane har gjort er det som kan vere ein eldstad, teikn til at dei har arbeidd med skinn for å lage klede, og at dei har sett saman steinar og pinnar til våpen. Dette kom fram då forskarar redegjorde for dei nyaste funna ved Torontos Royal Ontario Museum i desember i 2012, ifølgje Live Science.
Saman tyder dette på at Homo erectus pekinensis er meir sofistikert enn ein har trudd til no.
_____________________
SE OGSÅ
-
Når ble europeerne hvite?
-
Kjøttvant for 1,5 millioner år siden
-
Tre typer fortidsmennesker
-
Nytt blikk på menneskets utvikling
-
Ansiktet fra fortida
-
Fant finger fra fortidsmenneske
-
Missing links - hvor viktige er de?
-
1,5 millioner år gamle fotavtrykk
-
Peking-mannen mye eldre enn antatt
-
Kinesisk kjeve utfordrer teorier
-
Tidlige mennesker kan være samme art