Denne artikkelen er produsert og finansiert av UiT Norges arktiske universitet - les mer.

Nordmenn i Sverige vender heim: Dei som kom før oss, har på mange vis skapt verda vi lever i. Handlingane deira er grunnlaget for kor vi er no, og dei skapte historiene som vi attfortel om oss sjølve.

Har vi framleis noko å lære av andre verdskrigen?

Fortida er ikkje avslutta, seier historieprofessor Stian Bones. Difor har historia mykje å lære oss.

Bones trur at det er viktige svar i historia og at samfunnet treng dei. Men då må vi først avlive ein vanleg myte: at fortida er avslutta.

Fortida lever framleis, meiner han. Det gjer ho ved at vi stadig finn nye kjelder, kombinerer kjelder på nye måtar eller stiller nye spørsmål. Forståinga vår av fortida endrar seg. 

– Dei som kom før oss, har på mange vis skapt verda vi lever i. Handlingane deira er grunnlaget for kor vi er no. Dei skapte historiene som vi attfortel om oss sjølve. Men vi ser verda litt annleis enn dei. Vi formar verda vår vidare. 

Bruker fortida

Stian Bones legg ikkje skjul på at fortida vert brukt, heile tida og til alle slags formål: 

– I Russland brukar Putin fortida til å legitimere ein forferdeleg og folkerettsstridig krig mot Ukraina. Han snakkar om at han må avnazifisere leiinga i Ukraina, og at andre verdskrigen viste at Russland sigra då og vil sigre igjen. 

– Når vi bruker fortida, må vi bruke ho med empati og respekt. Samstundes må vi vere kritiske og søkje etter sanning – vi må ta til oss fakta, seier han.

Andre verdskrigen er heller ikkje eit avslutta kapittel sjølv om han tok slutt for over 80 år sidan. 

– For oss på universitetet er det viktig å bruke han vitskapeleg og få ny kunnskap, slår Bones fast.

Podcast: Om kva krigen kan lære oss

I denne episoden av podcastserien Lørdagsuniversitetet frå UiT kan du høyre Stian Bones snakke om korleis vi den dag i dag har mykje å lære frå andre verdskrigen.

Høyr hele podcast-episoden her.

Forstår oss sjølve

– Andre verdskrigen utvidar òg perspektiva våre. Han får oss til å forstå oss sjølve som menneske. Vi lærer når vi tek inn over oss det som andre menneske har vore nøydd til å oppleve. Det hende kanskje med folk eller slekt ein veit kven er. Det skjedde jo her kor vi bur no, seier han.

Ifølgje historieprofessoren vert vi trente i empati. Og det trengst når vi ser korleis enkelte leiarar kan ta skjebnesvangre val som sender millionar av menneske ut i naud og lidingar. 

– Evna vår til å forstå konsekvensane av krig aukar når vi kan sjå det i samanheng med korleis krig påverkar oss.

Terror og fridom

Menneske som opplevde krigen, visste kva eit terrorvelde var, kva fridom tyder og kor viktig ein rettsstat og tryggleik er. Slik historisk kunnskap, eller slike måtar å bruke historia på, gjer oss moglegheit til å vise kva slags verdiar og interesser vi set pris på og kva for verdiar og interesser vi ønskjer å kjempe imot. 

Når det gjeld kampen om ideologiar og kva som står på spel i verda, meiner Bones at det er klart at andre verdskrigen må få ein sentral plass på grunn av nazismen og rasismen. 

– Jødane vart forsøkt utrydda, òg i Noreg. Vi skal òg hugse på at rasekrigen i Noreg ikkje berre var mot jødar, men og mot andre folkeslag og mot fangar som tyskarane tok rundt i Europa og førte hit og utrydda. Til dømes vart sovjetiske krigsfangar og jugoslavar sende til Noreg for å gå til grunne, seier han. 

Reflekterer over val

– Krigen er òg ein konkret læringsprosess. Han gjev oss moglegheit til å reflektere over dei vala vi kan verte nøydde til å ta. Kva ville du gjort? spør Bones.

Han seier krigshistoria er full av dilemma og vanskelege val. For politikarar har desse spørsmåla stor betydning for korleis dei bestemmer kva vi som stat, samfunn og nasjon skal gjere.

– For vi vil jo ikkje oppleve noko slikt igjen. Vi vil sørgje for at den kampen vi vann i 1945, skal stå ved lag. Då må nokon ta vanskelege avgjerder på vegner av oss som samfunn og nasjon.

Bones ser på andre verdskrigen som eit kjempestort reservoar av eksemplar på korleis vi kan forstå og løyse vanskelege spørsmål og kva store, internasjonale problemstillingar tyder for Noreg. 

– Heile historia til Noreg etter andre verdskrigen og dei vala vi har teke på vegner av Noreg som nasjon, har vore prega av krigen. Om vi skal forstå korleis stormakter vil forhalde seg til Noreg i notida, er det viktig å forstå andre verdskrigen, meiner Stian Bones.

Høyr heile episoden med Stian Bones her:

Powered by Labrador CMS