Annonse

Abel skal løysa verdas forskingsgåter

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Tungrekneanlegget Abel blei offisielt opna av UiO-rektor Ole Petter Ottersen i Ole-Johan Dahls hus på torsdag. Abel er mellom dei 100 kraftigaste rekneanlegga i verda og kan få mykje å seia for forskinga på UiO, melder Uniforum.

– Det finst truleg ikkje eit einaste fakultet ved Universitetet i Oslo som ikkje vil ha nytte av tungrekneanlegget Abel, sa UiO-rektor Ole Petter Ottersen då han opna det nye tungrekneanlegget i Ole-Johan Dahls hus.  Han viste til korleis det kan koma til nytte for medisinsk forsking.

– Når det gjeld lidinga utposing i hjernen, vil det bli mogleg å simulera ein mogleg operasjon med dette anlegget for å  sjå om ein bør operera pasienten eller ikkje, konstaterte Ottersen.

Tungrekneanlegget Abel har kosta 27 millionar kroner og er finansiert av Noregs forskingsråd gjennom UNINETT Sigma og Universitetet i Oslo. Det er også ein del av den nasjonale infrastrukturen for forsking. Rekneanlegget vil også bidra med reknekraft til CERN og PRACE (Det europeiske programmet for tungrekning). Det er det nest raskaste anlegget i Noreg, og det tredje raskaste i Norden.

Powered by Labrador CMS