Annonse
Rektor Marit Boyesen er svært glad for kunngjeringa om at Kunnskapssenter for utdanning vert lagt til UiS. (Foto: UiS)

Senter for utdanning vert flytta frå Oslo til UiS

Publisert

– Vi var glade for vurderinga som låg til grunn då vi vart inviterte til å søke, og når vi nå blir tildelt senteret er vi stolte. Dette er ei fin tillitserklæring til universitetet i Stavanger, seier rektor ved UiS, Marit Boyesen.

Det var i august 2018 Kunnskapsdepartementet kunngjorde at Kunnskapssenter for utdanning skulle flyttast ut av Oslo, som del av ein politisk avtale.

Universitetet i Agder, NTNU, Universitetet i Tromsø og UiS vart inviterte til å søke om å bli vertsinstitusjon for senteret.

Kunnskapssenteret ved UiS skal vere ei nasjonal drivkraft og kraftsentrum for utdanningsforsking. Senteret vil samarbeide med forskarar over heile landet og bygge på spesialkompetanse innan ulike område.

Les heile saka på nettsida til Universitetet i Stavanger.

Powered by Labrador CMS