Ein notis frå Universitetet i Stavanger - les mer.

Tal for 2019 viser at forskarane ved Universitetet i Stavanger er produktive.

Rekordår for Universitet i Stavanger

Tellekantsystemet: Forskarar ved Universitetet i Stavanger publiserte i fjor meir forsking enn nokon gong, med 1,36 publikasjonspoeng per vitskapleg tilsett. Av universiteta er det berre forskarar ved Universitetet i Oslo og Universitetet i Bergen som er meir produktive. For 2019 har UiO 1,86 poeng, UiB 1,49 poeng. NTNU ligg på 1,26.

Tala refererer til tal som er levert inn til det nasjonale forskingsinformasjonssystemet Cristin og Database for statistikk om høgare utdanning (DBH).

Data frå Cristin blir nytta til å rekne ut poeng for vitskapelege publikasjonar. Poeng for vitskapelege artiklar er ein vekta størrelse. Denne er basert på kombinasjon av kvalitetsnivå for publiseringskanal, publikasjonsform (bok, artikkel), internasjonalt samarbeid og forfattar-andelar frå institusjonen.

Les meir om rekorden på nettsidene til Universitetet i Stavanger

Powered by Labrador CMS