Substantiv, hokjønn
1.
a. over- og understein som til saman er reiskap brukt til å mala el knusa noko med (t d korn); kvernstein (1) (A2; Litterære kjelder: ÅrbFrøya 1976,50, ÅrbTrl 1972,80, HellemoNARyf 137)
i folkeviser: *eg skal geva deg ein liten myllardam, der genge dei femten par kvennir (Litterær kjelde: FvLa. 344)
i folkeviser: *femten kvennar i manneblo gjekk (Litterær kjelde: Fv II,111)
hogga kverna; sjå hogga (1)
b. innretning til å mala el knusa serl korn, med to (runde, skiveforma) steinar der den nedste steinen ligg i ro medan den øvste blir driven rundt (med hand-, vind-, vasskraft el l), slik at (det turka) kornet, som kjem inn gjennom eit hol i midten av den øvste steinen, blir findelt; (lita) mølle
tvo kvinnor skal mala på same kverni; den eine skal hentast, og hi setjast att (Litterær kjelde: Luk 17,35)
c. serl om hus, bygning med kvern (i tyd 1b) der korn blir mali til mjøl med vasskraft og ved hjelp av kvernkall (1a); kvernhus (A; Litterære kjelder: NoAllk VII,764, HardOp. II,14)
mest kvart gardsbruk hadde ei kvern, ved ein bekk eller ei å i nærleiken (Litterær kjelde: MinneBuTel 146)
ei god kvern (var) den likaste eignalut på ein gard ved sida av ei god kone og ein fulldrøg øyk (Litterær kjelde: ÅrbTrl 1972,89)
i folkeviser: *i gjår sto eg på kvenni og mol (Litterær kjelde: Fv II,121)
ordtak
med ill kjering og gamall kvern er det alltid noko som tryt (Litterær kjelde: NFL35Rog 25)
den som kjem fyrst til kverna, får fyrst mala (Litterære kjelder: jfr Ri.Oppdal I,307, IleØyer IV,170); sjå mølle
gen.
vera 'te kvednar' vera med kverna og mala (Heimfestingar: Shl R, Hard R)
køyra 'te kvenns' (Heimfesting: Flesberg)
skal du 'te kvednars'? (Heimfesting: Ål)
so tok eg sekken på nakken og labba tungt og seint til kvernar (Litterær kjelde: Løl.H 175)
til kyrkjes og til kverns til helg og kvardag; jfr I kyrkje (1a)
2.
a. (mindre) reiskap, oftast driven med handkraft (el elektrisk), brukt til å mala el knusa serl ymse matvarer (kaffi, kjøt, poteter, krydder o a)
rosinune bør ein mala på kvern (Litterær kjelde: H.Ga.H 162)
mal dei (potetene) … ein eller to gonger på kvern med litt salt i (Litterær kjelde: Å.Kostv.TFL 61)
*lånte jorde dæm stoler, og lånte jorde dæm bol, og lånte jorde dæm kaffen som dæm på kvæinna mol (Litterær kjelde: Vard 40)
kverna på havsens botn (Litterær kjelde: Liest.NF I,135); sjå I hav (1a)
b. maskin brukt til å mala el knusa noko (for industriell framstelling) i fabrikkar o l
3.
a. i sml, om ei(n) som snakkar mykje (og snøgt)
munnen gjekk som ei kvern på han
ho mol som ei kvern (Heimfesting: Leirfjord)
b. overførd tyding, institusjon el l med langsam og omstendeleg sakshandsaming (og stor produksjon av skriv)
den byråkratiske kverna
den offentlege kverna mel seint (Litterær kjelde: GulaT 1979)
c.
i uttr vatn på kverna
vatn på mølla (Litterære kjelder: ÅrbDøl 1931,89, NesV 54)
4. steinvori bein i fiskehovud; kvann (I) (C)
Kilde: Norsk Ordbok