Å binde CO2 gjennom skog er billig. Få andre tiltak kan få så mykje å seie for det framtidige klimarekneskapet som skogskjøtselen. Feilgrep basert på missoppfattingar og manglande kunnskap vil difor kunna koste det norske samfunnet mykje i framtida, skriv Harald H. Kvaalen i denne kronikken.
Harald H.Kvaalenforskar, Skog og landskap
Publisert
Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.
Det har ei tid vore eit ordskifte om det er best klimapolitikk å drive skogen eller å la den stå. Og om det er betre å auke hogsten enn å minke den.
Nokre har meina at det er mogeleg på grunnlag av Klimakur rapporten å rekne seg fram til at auka hogst vil føre til mindre CO2 binding i skogen i lang tid framover. Forskar Bjart Holtsmark ved SSB gjeng enno lenger og meiner å kunna syne at hogst til energiføremål aldri er klimanøytral.
Holtsmark syner til at ein får maksimal opplagring av karbon (CO2) på landskapsnivå dersom skogen får stå til noko etter at middeltilveksten har kuliminert. For ein skog med optimalt tretal i kvar aldersklasse ville dette i prinsippet vera rett fordi det tek tid å bygge opp biomassen til maksimalt nivå, men det vil samstundes føre til at middeltilveksten og den årlege karbonbindinga går ned.
Sjølvsåing etter uthogstar
Men når Holtsmark og andre tek dette som eit prov på at me vil få maksimal karbonlagring ved å la den eksisterande gamle granskogen i Noreg stå til den vert 200-250 år gamal tek dei fullstendig feil. Her er nokre av grunnane til det:
1. Det meste av skogen som er eldre enn 80 år er komen opp som fylgje av sjølvsåing etter harde uthogstar i tidlegare tider. Her finst sikre tal for at i 1920 åra var cirka 97-99 prosent av skogarealet i skogfylka hardt avvirka, medan Vestlandet langt på veg var avskoga.
Plukkhogsten gav attvekst som var flekkvis, fleiraldra og fleirsjikta. Skog som er ujamn, fleiraldra og glissen når sjeldan det same tilvekstnivå som jamn, tett og einsaldra skog. Dette er mellom anna synt i forsøksplantingar av eukalyptus i Brasil og i urskog av svartgran i Kanada. Med data frå den fyrste Landskogtakseringa kan ein syne at det same var tilfelle i den plukkhogne skogen her i landet.
Modell for alder
2. Der er for lengst utvikla ein avgangsmodell som tek omsyn til alderen. Avgangen aukar mykje når skogen vert gamal, sjølv i glisne bestand. Samstundes minkar tilveksten med auka alder.
La oss ta eit døme frå middels bonitet, såkalla G14, i granskogfylket Oppland, og framskrive denne med nemnde modell for avgang og ein tilvekstmodell basert på same datagrunnlag. Der står ca 30 kubikkmeter per dekar og skogen er i middel 108 år gamal. Om denne skogen får stå endå i 44 år til den er 152 år, vil ståande volum auke til cirka 40 kubikkmeter per dekar. Deretter vert avgangen større enn tilveksten slik at ståande volum går nedover.
3. Dersom me høgg den gamle skogen og plantar ny, vil det ikkje ta 108 år å bygge opp att like myke biomasse som der står i dag. Kor lang tid det tek er avhengig av mange faktorar: Kor tett me plantar, kva slag plantemateriale me brukar og ikkje minst vekseplassen sin reelle produksjonsevne eller bonitet.
I mange høve gjev ikkje måling av høgde og alder i den gamle skogen rett bilete av kva planta skog kan produsere på same staden. Her er eit par døme som illustrerer dette. I 700 meters høgde i Oppland ligg eit avkomforsøk planta i 1975. Attmed forsøket står det att litt av den gamle skogen der høgde og alder tilseier at boniteten er G11 til G14. Det er låg til middels bonitet. I avkomforsøket er boniteten G16-G18 som er middels til høg bonitet. Dersom me framskriv målt produksjon i dei delar av plantefeltet som har 250 tre per dekar med same modellar som nytta under punkt 1, finn me at den nye skogen vil ha ca 40 kubikkmeter per dekar i ståande volum 40 år etter at den vart planta. Det er same volum som den gamal skogen vil få om den ikkje vert hoggen. Men bunde CO2 i biomasse vil vera høgare i den nye skogen, vel 60 tonn per dekar, mot ca 52 tonn i den gamle skogen fordi den har meir greiner og røter i høve til stammevolumet.
Let me den nye skogen stå lenger vil det etter 58 år vera bunde 85 tonn CO2 i biomassen i levande tre, etter 123 år vil ein koma opp i 130 tonn per dekar, deretter går det nedover. Tilførsel til jord av daude tredelar er då ikkje medrekna. I den gamle skogen som hadde 30 kubikkmeter per dekar var samla bunde CO2 mengde, medrekna 13 tonn reint karbon i jorda, ca 80 tonn CO2 per dekar. Med andre ord; om alt karbon i den gamle skogen, tre, stuvar, strø og jord, brann opp, vil det ta maksimalt 60 år å fange inn att like mykje CO2 i den nye skogen, såframt ikkje boniteten går ned på grunn av næringstap.
Eit anna døme; i eit vel 50 år gamalt forsøk i Steinkjer er ståande volum over 90 kubikkmeter per dekar med det beste plantematerialet. Det er tre til fire gonger så høgt volum som ein finn i gamal skog på god mark i Trøndelag. Feltet er neppe det einaste jordstykket Nordafjells med slikt produksjonspotensial. Skal ein finrekne på konsekvensane av auka hogst er det heilt naudsynt å klarlegge skilnaden i boniteten i ung versus gamal på same staden. Det er ikkje gjort så langt.
Mykje rote i gammel skog
4. Resultata frå Skogfrøverket sine avkomforsøk og nyleg publiserte resultat i andre bartre tyder på at volumproduksjonen og CO2 bindinga vil auke meir ved å etablere tette bestand med foredla plantemateriale enn me har lagt til grunn i Klimakur rapporten. Nokre av desse tilhøva, og konsekvensane av dei, skreiv eg om i Norsk Skogbruk 6/2009.
Det nye plantematerialet er meir arealeffektivt og kan og bør difor stå tettare. Det gjev auka produksjon, men skulle og tilseie at konkurransen om lys slår inn seinare, slik at biomasseoppbygginga vil gå snøggare og nå høgare nivå enn me har rekna med. Dette er viktig også i høve til modellering av karbonet i jorda fordi det i stor grad er tilførsla av karbon frå daude plantedelar som styrer opplagringa i jord.
Annonse
5. Der er mykje rote i den gamle skogen. I Oppland er 16 prosent av tømmervolumet i den gamle skogen infisert med rotrote. I dei andre fylka er det noko mindre. Omfanget av rote aukar med alderen. Når rotesoppen bryt ned veden fører det til utslepp av CO2. Det kan og tenkast at roten fører til produksjon av metan, slik russiske forskarar har funne i lauvtre.
Strålingspådrivet frå metan er om lag 20 gonger større enn for CO2. Sjølv om ein ser bort frå eventuelle metanutslepp kan ikkje nettobindinga av CO2 i gamal skog vera så høg som me reknar med om me føreset at skogen er fri for rote. Skal me taka temaet karbonlagring og skog alvorleg er det viktig å kvantifisere omfanget av denne karbonlekkasjen og klarlegge om det vert danna metan frå rotnande ved.
Kan fange og lagre mer karbon
6. Forlenga omløpstid som tiltak for å binde og lagre CO2 kan likevel ha mykje for seg i fulltette høgproduktive bestand. I Skog og Landskap sin allment tilgjenglege database over feltforsøk er der fleire døme på middelaldra og eldre kulturbestand av gran, sitkagran, hemlokk og andre bartre som har ståande volum frå 50 til heilt opp i 200 kubikkmeter per dekar, med årleg løpande tilvekst frå 1,5 til over 6 kubikkmeter per dekar.
Dette tilsvarar eit CO2 lager i biomassen på mellom 80 og over 300 tonn per dekar og årleg binding frå 2,5 til opp i mot 10 tonn per dekar. Desse døma demonstrerar til fulle kva ein kan oppnå av karbonbinding og lagring i skog dersom ein vil.
Poenget er nettopp at skogane kan fange og lagre mykje meir karbon enn dei gjer no, eit potensial den gamle skogen aldri kan nytte. Holtsmark sitt poeng med at ein oppnår maksimalt lager ved å la skogen stå fleire år etter at middeltilveksten har kuliminert er dermed irrelevant i høve til det meste av den gamle skogen me faktisk har.
Å binde CO2 gjennom skogkultur er billig samstundes som få andre tiltak kan få så mykje å seie for det framtidige klimarekneskapet som skogskjøtselen. Skogpolitiske feilgrep basert på missoppfattingar, manglande kunnskap og innsikt vil difor kunna koste det norske samfunnet mykje i framtida.