Annonse

NTNU og UiO best i Norden

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet i Trondheim hamnar på 4. plass og Universitetet i Oslo på 6. plass på ei rangering over dei beste universiteta i Europa. I Norden tar NTNU og UIO dei to øvste plassane. Harvard er verdas beste.Det viser januarmålinga til den spanske forskargruppa Webometrics.

Det er universiteta i Cambridge og Oxford som tar gull og sølv på det spanske byrået Webometrics januarrangering av dei universiteta i Europa som er mest synlege på webben. Det skriv Uniforum,som har lese rangeringa etter at den blei offentleggjort i går.

På tredjeplass ligg det sveitsiske toppuniversitetet ”Swiss Federal Institute of Technology i Zürich, rett over NTNU på fjerdeplass. Klemt mellom NTNU og Universitetet i Oslo ligg University of Edinburgh på ein femteplass. Helsingfors universitet tar åttandeplassen, medan Kungliga tekniska høgskolan i Stockholm er på 18.plass og Uppsala universitet endar på ein 21. plass. På denne rangeringa er altså NTNU og UiO dei to beste universiteta i Norden.

Webometrics blir publisert av den spanske forskargruppa Internet Lab. Den er knytt til Spanias forskingsråd og informasjonssenter om forsking og utdanning.

Powered by Labrador CMS