Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Klokketårnet i den belgiske byen Gent spelar førehandsprogrammert musikk for innbyggjarane. Det kan klinge vakkert, men musikken blir spelt akkurat på slaget – og gjev deg ikkje lyst til å danse.

Før i tida var utfordringa å få maskiner til å spele musikk på slaget. I dag er utfordringa det motsette

– Rytmiske ideal har endra seg, seier forskar.

Maskiner har laga musikk i fleire hundre år. I Belgia og Nederland kan ein framleis høyre musikken frå eldgamle klokketårn. Tårnklokkespel (carillonar) blir programmerte ved at små pinnar stikkast i hol i ein stor sylinder.

Tårnklokkespela har noko til felles med din eigen mobiltelefon: Dei kan spele musikken som menneske programmerer, og dei kan spele av seg sjølve.

– Vi tenkjer lett at den digitale teknologien er ein revolusjon og at alt er nytt. Men menneske har til alle tider vore interesserte i korleis teknologiar kan tilby kontroll over tidsdimensjonen i musikk, seier Bjørnar Sandvik.

Han er musikkforskar ved RITMO Senter for tverrfaglig forsking på rytme, tid og bevegelse på Universitetet i Oslo.

Musikken blir materialisert

I forskinga si har han sett på ulik praksis av det han kallar tidsflikking. Det er teknikkar for å eksperimentere med tid, struktur og rytme når musikken blir produsert i maskiner.

– Det er lett å få ei moderne datamaskin til å spele rytme på slaget. Utfordringa er å få han til å gjere det på ein menneskeleg og kreativ måte, seier Bjørnar Sandvik.

– Tilnærminga mi er basert på eit enkelt, men ofte oversett, premiss: Sjølve konseptet maskinrytme føreset ein prosess der musikken blir festa til, eller representert på, eit fysisk materiale og slik «fryst» i tid. Tida i seg sjølv flyt utan stans, men medieteknologiar gjer det mogleg å eksperimentere med plasseringa av lydar langs tidsaksen, seier Sandvik.

Menneske har gjort dette heilt sidan antikken, påpeikar han. Rutenett, såkalla grids, har vore heilt avgjerande.

– Skal du få tårnklokkespel eller speledåsar til å spele rytmisk musikk, må du setje pinnar i rett avstand til kvarandre. Då treng du eit rutenett, ein tidsakse å feste hendingane til.

Slik er det også i dag, påpeikar han.

– Mange av teknikkane som brukast for å komponere og klippe i musikk med digitale verktøy er moglege fordi musikken blir presentert til oss visuelt og grafisk. Slik har vi ting å flytte på langs ein tidsakse eller organisere i eit rutenett på skjermen.

Idealet har endra seg

Sandvik har både sett på den historiske utviklinga og på tidsflikkinga i maskinmusikk i dag. Rutenettet har påverka måten rytmar er blitt programmerte og forstått på i ulike teknologiske epokar, forklarer han.

– Før i tida var ofte utfordringa å få maskinene til å spele musikk som allereie var komponert som notar på papir. Dermed vart idealet å overgå menneske sin evne til å følgje notasjonen og treffe slaget. I den digitale tidsalderen er det motsett, seier Sandvik og utdjupar:

– Det er lett å få ei moderne datamaskin til å spele rytme på slaget. Utfordringa er å få han til å gå av griden og å gjere det på ein menneskeleg og kreativ måte. 

Programma brukt i musikkproduksjon i dag tilbyr heilautomatisk tidskorreksjon av innspelingar. Det finst også ei rekke andre funksjonar som kan synkronisere hendingar i nøyaktig same tempo på ein felles grid.

– Dette gjer det meir interessant å flytte enkeltelement for å skape rytmisk friksjon.

Har alltid eksperimentert

Menneske har alltid eksperimentert med ulike typar mikrorytmikk ved å avvike frå ei notebasert norm, ifølgje Sandvik. Dette har forma utviklinga av rytmiske sjangrar innan populærmusikk som jazz, rock, blues, funk og soul dei siste hundre åra.

– Men det var lenge komplisert, ressurskrevjande og tidkrevjande å utforske slik mikrorytmikk i programmeringa av maskinar. Dette er ein av grunnane til at maskinrytme har hatt ord på seg for å vere mekanisk og perfekt sjølv om vi i dag ikkje lenger har slike avgrensingar.

Den nye standarden

Rundt tusenårsskiftet skjedde det ei endring: Digital innspelingsteknologi gjorde det mogleg å flytte på tida i musikken på ein ny og langt meir fleksibel måte. 

Ein begynte for alvor å eksperimentere med mikrorytmikk i popmusikk.

I dag er manipulasjon av tid på mikronivå heilt sentralt i komposisjonspraksisen til musikkprodusentar – faktisk den nye standarden, ifølgje Sandvik.

– Digital innspelingsteknologi gjer det mykje lettare å prøve igjen og igjen med ulike plasseringar i tid. Ein kan gjere gjentekne innspelingar utan å tape originalen eller lydkvaliteten. Ein kan gjere intrikat programmering, og ein kan også plassere lyden der ein vil langs tidsaksen på skjermen.

Du merkar det (nesten) ikkje

Som del av forskingsprosjektet Timing and Sound in Musical Microrhythm (TIME) har Sandvik intervjua fleire produsentar av elektronisk dansemusikk (EDM) og analysert musikken deira.

– Det at nettopp denne musikken blir karakterisert som dansemusikk, kan for enkelte verke som eit paradoks. Ifølgje rytmeforsking bør musikk nemleg avvike frå slaget dersom han skal gje groove og danselyst. Rytmane i EDM blir gjerne opplevde som føreseielege og strengt on-grid, seier Sandvik.

Men det trengst berre nokre få millisekund avvik for å skape groove – så lite at du ikkje alltid merkar det ved vanleg lytting. 

I analysar av EDM har Sandvik og kollegaene slått fast at produsentar gjer mange grep for å skape groove og engasjere til rørsle.

– Låtskrivarane jobbar hardt for å oppnå rytmisk friksjon mot rutenettet anten ved å flytte lydane sitt anslag i tid eller ved å endre på lyden og intensiteten. Dette er heilt avgjerande for at musikken lykkast.

Referanse:

Bjørnar Ersland Sandvik: Time Tinkering: On Grids, Waveforms, and Techniques of Machine Rhythm. Doktoravhandling ved Universitetet i Oslo, 2023. Samandrag.

Powered by Labrador CMS