Annonse

Lanserer kanon for sosiologi

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Noregs 25 viktigaste sosiologiske artiklar skal plukkast ut fram til nyttår 2011, melder Uniforum.  Sosiologiprofessor Willy Pedersen leier uttakskomiteen. – Me håpar å skapa provokasjonar, seier initiativtakar Jon Rogstad som er redaktør for Sosiolognytt.

– Tanken bak dette er å gå gjennom alle tekstane i norsk sosiologi og finna fram til dei 25 viktigaste. Me har alle ein idé om ein norsk sosiologisk gullalder. Difor er det viktig å få til ein fagleg sjølvrealisasjon. Dei 25 tekstane blir publiserte i kvart nummer av tidsskriftet fram til første nummer i 2011. Hovudformålet vårt er å setja faget under debatt, fortel Jon Rogstad.

– Me håpar at det blir ein debatt ut av det faktum at me vågar å laga ein kanon av sosiologiske tekstar. Det er heilt sikkert mange som vil vera ueinige i våre val, men då får me ein debatt om sosiologifaget, og det er nettopp det me vil ha, seier Willy Pedersen.

Den 18. mai klokka 16.00 skal fem av tekstane kunngjerast i Georg
Sverdrups hus.  

 

Powered by Labrador CMS