Annonse

Industriell arkeologi - nytt emne i Tromsø

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Frå hausten kan du for første gong studere industriell arkeologi vedUniversitetet i Tromsø (UiT). Det står på UiTs nettsider.

- Det er såvidt eg veit også einaste staden i Noreg der du kan ta eit slikt emne, seier professor Hans Petter Blankholm ved Institutt for arkeologi og sosialantropologi.

Emnet er på 10 studiepoeng, blir tilbode på 2000-nivå og heiter ARK-2028 Industriell arkeologi.

Fagfeltetet industriell arkeologi er særleg vorte utvikla i Storbritannia.

Naturleg nok, det var det førande landet i den industrielle revolusjonen, og dei har sterke tradisjonar for industri og materiell kuturarv knytt til industrien.

- Men me har mykje industrielle kulturminne også her, seier Blankholm.

- Gruver i Birtavarre og Sulitjelma, nikkelverk i Hamn på Senja, skiferbrot i Alta og jernverket i Salangen, for å nemne nokre.

Men ikkje berre jern-, stål- og annan metallproduksjon vil bli tematisert - også ull, skog og havressursar, som har drive spinneri, skogsdrift og prosessanlegg for fiske og kvalfangst får stor plass. Utbygginga av kommunikasjonar likeså.

Powered by Labrador CMS