Denne artikkelen er produsert og finansiert av Norges idrettshøgskole - les mer.

Eiffeltårnet i Paris
Opningsseremonien skal arrangerast på Seinen og i ein park like ved.

Ekspertar trur Gaza-krigen vil påverke OL: – Sannsynleg med protestar på pallen

Paris-OL kan bli hugsa for langt meir enn det sportslege. Redaktør Andreas Selliaas blir ikkje overraska om utøvarar trassar IOC-regelverket og brukar OL som politisk arena.

Kvifor får Israel stille under eige flagg i OL, medan dei få russiske utøvarar som er med, må vere nøytrale? Og kven er desse handplukka russiske utøvarane?

Andreas Selliaas, redaktør i idrettspolitikk.no og professor Sigmund Loland ved Norges idrettshøgskole (NIH) gir deg svar på spørsmåla som er litt større enn akkurat kor mange norske medaljar som blir med heim frå Frankrike. 

For bakteppet for årets sommar-OL som brakar laus 27. juli er spesielt. At arrangørbyen nettopp er Paris, fører også til ekstra spenning, meiner ekspertane.

Podcast: Om OL i Paris som politisk arena

Redaktør Andreas Selliaas og professor Sigmund Loland er gjestar i denne episoden av NIH-podden om OL i Paris.

Høyr heile episoden her.

Hijab-forbodet kan skape protestar

– Arrangørane har lagt lista ganske høgt når det gjeld openheit. Dei skal ha opningsseremonien ute i byen og på elva Seinen. I tillegg skal både triatlon og maratonsymjing bli arrangert i Seinen etter planen. Da må sikkerheitsoppbodet også vere veldig stort, seier Selliaas.

Frankrike har eit hijab-forbod som også omfattar fransk idrett. Det er nok ein konflikt som kan bli synleg under OL. 

– Hijab-forbodet kan fort bli knytt opp mot Israel-Palestina-konflikten. Eg trur nok Israel-Palestina vil vere meir synleg i Paris enn Russland-Ukraina, seier Selliaas. 

Sigmund Loland er einig.

Han peikar på at hijab-forbodet blir forbunde med undertrykking av muslimar av den store muslimske minoriteten i Frankrike.

Han meiner det er sannsynleg at det vil skje markeringar både i bybildet og på tribunen. 

– Israel-Palestina-spørsmålet er så intenst og sterkt at viss eg skal kome med eit tips, så vil eg seie at ja, det trur eg. Kanskje til og med på sigerspallen, seier Loland. 

München-massakren pregar framleis Israel i OL

Sikkerheitstiltaka rundt dei israelske og palestinske utøvarane i Paris kjem til å bli enorme.

Israel stiller mellom anna med eit fotballag for menn.

Selliaas kjem naturleg nok inn på München-massakren under OL i 1972. Der gjekk ei palestinsk paramilitær gruppe til åtak mot den israelske troppen.

Elleve israelske utøvarar og trenarar blei drepne. 

– Den historia som Israel har i olympiske leikar, gjer jo at dei får ein veldig spesiell plass i OL. Det er også noko vi må ta inn over oss i diskusjonen her. Det skal nok ganske mykje til før ein sanksjonerer Israel i OL, basert på den interne eller idrettslege logikken, seier han og legg til:

– Viss ein skulle kasta ut alle land som var i krig, så hadde det vore ganske få land som hadde deltatt i visse periodar av historia. Det er utgangspunktet. Dei behandlar kvar situasjon for seg sjølv. 

Som svar på kvifor Israel ikkje er stengt ute frå OL seier Selliaas at Russland har vore gradvis meir og meir utestengt frå 2016 og fram til nå. 

– Utgangspunktet var at dei har bryte idrettens regelverk og ikkje på grunn av krigen.

Portrett forsker
Andreas Selliaas er mangeårig journalist og for tida redaktør for idrettspolitikk.no.

Korleis vil IOC handtere protestar?

Det olympiske charteret er regelverket utøvarane må følgje under OL. Der står det at inga form for demonstrasjon eller kommersiell, politisk eller religiøs propaganda er lov på olympiske arenaer. 

Det mest kjente eksempelet på ein slik politisk protest er «Black power» i 1968. Der demonstrerte to amerikanske utøvarar på sigerspallen med knytt neve og svart hanske under den amerikanske nasjonalsongen. 

– Dei blei sendt heim, men ikkje fråtekne medaljar. Eg trur det vil bli mange markeringar under OL. Måten IOC handterer det på, vil avgjere kor mykje merksemd det får. Det er mange ting som kan skje, seier Selliaas og trekk fram fleire eksempel.

– Viss ein iranar møter ein israelar i bryting, så har det vore ein tradisjon at dei trekk seg. Ukrainas utøvarar har fått beskjed om at dei ikkje skal omgåst russiske utøvarar. Dei vil ikkje kunne vere på ein eventuell sigerspall saman. Kva skjer viss det kjem Pride-flagg på tribunane? Vil sikkerheitsvakter ta dei vekk som under fotball-VM i Qatar?

Kan bli opp mot 30 russiske utøvarar

Kva så med dei russiske utøvarane? Kva er eigentleg status for dei? Får utøvarane delta og i så fall kvifor?

Portrett forsker
Sigmund Loland forskar på idrett og etikk, og har fylgd IOC tett i mange år.

I dei føregåande leikane i Tokyo og Beijing stilte dei under nøytralt flagg som utøvarar frå den russiske olympiske komitéen. Det var på grunn av dopingskandalen og utestenginga frå WADA.

Det er ikkje tilfelle denne gongen. 

– IOC har innført ein heilt ny kategori av utøvarar, som berre er nøytrale utøvarar. Dei får ikkje lov til å seie at dei kjem frå Russland eller er russiske, forklarer Sigmund Loland. 

Kan ikkje støtte Putin 

Grunnen er at nå er det den russiske olympiske komitéen som er utestengt frå leikane.

Det var fyrst når den russiske olympisk komitéen inkluderte idrettsorganisasjonar i de okkuperte områda i Ukraina at dei blei kasta ut.

– Det har vore særforbund som har bestemt om dei skal la russiske utøvarar få delta eller ikkje. Friidrett har for eksempel sagt heilt nei. IOC har i tillegg innført ein komité som skal vurdere utøvarane som kvalifiserer seg som nøytrale utøvarar.

– Eitt av kriteria er at dei ikkje får lov til å hylle krigen eller ha vore støttande til Putin.

Det skal vere snakk om rundt 30 russiske og 20 belarussiske utøvarar som kan vere aktuelle. 

– Det er mykje fram og tilbake, og denne utsilingsprosessen kjem nok til å gå heilt fram til OL. Det at dei ikkje får lov til å representere landet sitt med sitt eige flagg, gjer nok at nokre russiske utøvarar kanskje vurderer å ikkje dra. Dei føler at dei ikkje er fullverdige deltakarar, seier Loland. 

Høyr meir om konfliktane som kan oppstå under sommarens OL i podcast-episoden her: 

Powered by Labrador CMS