Annonse

Høgt radonnivå: Må flytta frå Tøyen hovedgård

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Denne veka må seksjonssjef Jon Lønnve og elleve andre i administrasjonen ved Naturhistorisk museum på UiO flytta ut frå andre etasje i Tøyen hovedgård. Grunnen er at radonnivået er for høgt i bygningen som var ferdig restaurert i 2008, melder Uniforum.

I andre etasje i Tøyen hovedgård held delar av administrasjonen til Naturhistorisk museum til. I fjor sommar fekk dei vita at arbeidslokala deira inneheld dobbelt så høgt radonnivå som den tilrådde maksimalgrensa som er sett av Statens strålevern. Tidlegare var denne grensa på 400 bequerel, men for vel eitt år sidan blei grensa halvert til 200 bequerel. I andre etasje i Tøyen hovedgård er radonnivået målt til om lag 400 bequerel, og det må difor setjast i verk tiltak for å få redusert radonnivået.

 

Powered by Labrador CMS