Denne artikkelen er produsert og finansiert av Høgskolen i Innlandet - les mer.

Artisten Claudia Scott på scenen frå jubileumskonsert på Rockefeller i 2017 med musikarane Olav Torgeir Kopsland og Jørun Bøgeberg.

Country-musikken har gjort ei klassereise i Noreg

Damene har hatt ei viktig rolle i å gjera countrysjangeren stuerein her til lands. Det viser ny forsking på den norske countryhistoria.

Dei har dykka ned i ein tidvis uglesett sjanger, dei to forskarane Stian Vestby på Høgskolen i Innlandet og Kristin Solli på OsloMet.

Dei har sett på vesentlege trekk ved den historiske utviklinga, den skiftande statusen og eigenarten til countrymusikken i Noreg.

– Medan country lenge har vore populært på grasrota og i det breie laget av folket, har appellen til sjangeren gradvis vorte utvida til nye lyttarsegment og andre klassesjikt, fortel Stian Vestby.

Mykje av æra for det skal altså dei kvinnelege artistane som har prega sjangeren, ha.

Frå Det ville vesten til den hippe kretsen

Etter krigen handla mykje av det vi i dag kallar countrymusikk, om eksotiske figurar frå Det ville vesten og syngjande cowboyar.

Artisten Arne Bendiksen regjerte med sin karakteristiske twang-vokal. Han song om Davy Crockett på bergensk. Bendiksen bidrog sterkt til å etablere cowboy som ei populær musikkform blant det norske publikummet, skriv forfattarane.

Country fanst ikkje som allment kjent omgrep om ein type musikk i Noreg før på slutten av 1960-talet. På 1970-talet og utover kom dette for fullt.

Nokre namn som peikar seg ut her, er Teddy Nelson, Johannes Kleppevik og Bjøro Håland. Tre karar som er med på å setja norsk country på kartet.

I dei neste tiåra går country frå å vera synonymt med cowboyar på prærien til å like gjerne handla om livet i norske bygder og til sjøs. Norske musikarar byrja å fortolka musikkforma som ein eigen sjanger.

Det oppstår eit mangfald av musikalske retningar frå festcountry, til Bjøro Hålands mjuke tonar og til meir rocke- og folkinspirert roots, bluegrass og countryrock.

Etter tusenårsskiftet og framover skjer det endå meir med countryen.

– Legitimiteten og statusen til sjangeren auka i takt med utviklinga av stadig fleire uttrykksformer og retningar. Det utvida appellen sin til nye lyttarar, fortel Stian Vestby.

I seinare tid har det vore snakka mykje om nordicana. Det er ei musikkform som hentar inspirasjon frå mellom anna country. I spissen for denne hippe musikkscena stod artistar som Malin Pettersen, Darling West, The Northern Belle og Signe Marie Rustad.

– Dei første på nordicana-scena var i overveldande grad kvinnelege artistar. Dei leverte musikk på øvste hylle. Dei våga å eksperimentera og vera innovative, men med ordentleg respekt for country som sjanger, for handverket og for formidlarane opp gjennom åra, seier Vestby.

Blir tilpassa og blir forfina

Vestby og Solli har funne to parallelle hovudtendensar som pregar utviklinga dei siste 70 åra.

Den eine tendensen kallar dei musikalsk gentrifisering.

– Gentrifisering handlar om at ei musikkform får større aksept blant den utdanna middelklassen og kultureliten. Dermed får ho høgare kulturell status, forklarer Vestby.

Dei utdanna, ressurssterke og hippe byrjar å interessera seg for lågkulturen til dei mindre privilegerte klassane.

– Legitimiteten og statusen til country-sjangeren har auka i takt med utviklinga av stadig fleire uttrykksformer og retningar, fortel Stian Vestby.

– Country er eigentleg eit ganske godt døme. Han har eit solid rotfeste i arbeidarklassen, seier forskaren.

Prosessane med gentrifisering har spelt ei sentral rolle i framveksten og legitimeringa av sjangeren.

Den andre hovudtendensen dei ser, er at sjangeren blir gjenstand for såkalla glokalisering.

Det betyr rett og slett at det globale møter det lokale. Det vil seia at musikk går frå å vera ei importvare til å tilpassa seg lokale forhold og tradisjonar. Ho utviklar eigne særprega uttrykk.

– Her får du hardingfele og pedalsteel i skjønn foreining som viser at også country er ein internasjonal sjanger og ikkje berre eit fenomen isolert til USA og det erkeamerikanske, seier Stian Vestby.

Stian Vestby og Kristin Solli har saman studert country-sjangaren i Noreg. Her Solli på scena.

– Musikalsk gentrifisering og glokalisering er to teoretiske konsept me bruker som forskarar for å forklara nokre djupe strukturar i utviklinga av country i Noreg, forklarer Vestby.

Damene lagar veg i vellinga

Det er mange som kan dela på «skulda» for at vi har fått dei to utviklingstrekka forskarane dreg opp i oversikta si over countryhistoria.

Mykje av skulda har damene. Og ei som blir trekt fram som sentral her, er artisten Claudia Scott.

– Ho har vore veldig viktig. Trioen ho spelte i med Casino Steel og Ottar «Big Hand» Johansen var del av det nye elitelaget av countrymusikarar. Dei gjorde country framført av norske utøvarar kjempepopulært, fortel Vestby.

Som i mange andre sjangrar har det lenge vore stor mannsdominans i country. Damene har vorte utsette for fordommar og nedsetjande kommentarar. Gjerne frå mannlege musikarar eller frå fans som rynkar på nasen og meiner dei ikkje har noko å fara med.

Artist Malin Pettersen er ein av dei nye artistane innan sjangaren nordicana.

– Når ei dame heng på seg ein gitar av typen Fender Telecaster, er det med oddsa mot seg. Men dei har stått i det og vist at dei har mykje å fara med. Damene er med på å driva sjangeren i nye og meir innovative retningar, seier ein engasjert countryforskar.

Claudia Scott er ein songar og låtskrivar som står side om side med to svært erfarne og anerkjende herrar. Ho var eit fullverdig medlem av den trioen tidleg.

– Innsatsen som nokon av desse pionerane legg ned, banar veg for dei som pregar bransjen i dag.

Og då treng me ikkje leita lenge. Ida Jenshus er eitt døme. Ho vart historisk då ho fekk Spellemannpris for dei tre første albuma sine. Ingen har klart det bortsett frå DumDum Boys.

– Ida Jenshus representerte ein ung, kvinneleg utøvar og låtskrivar. Med sofistikert låtskriving og ei blanding av country, folk, pop, rock og jazz hausta ho anerkjenning frå dedikerte musikkelskarar, den generelle befolkninga og frå eliten, skriv forskarane i historikken sin.

Så har dei komme som perler på ei snor. Malin Pettersen, Embla and the Karidotters, Signe Marie Rustad, Silver Lining og så vidare. Artistar som treffer nye generasjonar, samfunnslag og nisjar.

– Dei kvinnelege artistane tek affære, jobbar på og bevis igjen og igjen at jentene er vel så dyktige som gutane. Dei har mykje å bidra med i sjangeren. Det er klart dei har vore kjempeviktige for utviklinga opp gjennom åra, seier Stian Vestby.

Referanse:

Stian Vestby og Kristin Solli: Fra cowboy til nordicana. 70 år med countrymusikk i NorgeStudia Musicologica Norvegica, 2023. Doi.org/10.18261/smn.49.1.9

Powered by Labrador CMS