Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Isaak Babel skildra konfliktane mellom russarar, ukrainarar, polakkar og jødar under omveltingane i det førre hundreåret. Skildringane er like urovekkande i dag som dei var då dei kom ut første gong, seier professor i polsk Knut Andreas Grimstad.

Beundra av Hemingway: Krigen i Ukraina har gitt Isaak Babels forteljingar ny relevans

For hundre år sidan skreiv den ukrainske forfattaren Isaak Babel om groteske valdshandlingar i den polsk-sovjetiske krigen. I dag er forfattarar som Babel viktige når ein ny krig herjar i same område.

I Noreg er Isaak Babel mest kjend for novellesamlinga «Fortellinger fra Odessa», ei realistisk, men også humoristisk og eksotisk framstilling av underverda i byen Odesa, der Babel vaks opp.

«Fabelaktig om Odesa», skreiv Aftenposten då den norske pocket-versjonen kom i 2022. 

Men det er «Rytterarméen», om den polsk-sovjetiske krigen i 1920, som har blitt ståande som Babel sitt hovudverk, ifølgje professor i polsk Knut Andreas Grimstad ved Universitetet i Oslo. 

Denne novellesamlinga er inspirert av Babel sine opplevingar som krigsreporter. Mange av slaga vart utkjempa i det vestlege Ukraina, i regionen Galicja

FORSKAR PÅ BABELS FORFATTARSKAP: Knut Andreas Grimstad har sett på kva som kjenneteiknar Isaak Babel og novellene hans.

– Babel sine truverdige, eksplisitte skildringar av dei stadig meir groteske valdshandlingane skilde seg sterkt frå den revolusjonære propagandaen. Dette var den første eksponeringa mange russiske lesarar hadde for krigens realitetar, fortel Grimstad. 

I Vesten vart Babel av mange kalla Sovjetunionens Hemingway. Hemingway, som sjølv alltid var på jakt etter ei god historie, beundra Babels forfattarskap. Etter å ha lese «Rytterarméen» uttalte han: «Babels stil er enda meir konsis enn min».

Lengta etter å få innpass 

I den vitskapelege artikkelen En «jødebolsjevik» rapporterer fra Ukraina: Isaak Babels mangfoldige minoritetsspråk, som er publisert i Norsk litteraturvitenskapelig tidsskrift, ser Grimstad nærmare på kva som kjenneteiknar Isaak Babel og novellene hans i «Rytterarméen». 

Babel vart fødd i ein fattig bydel i Odesa i 1894. Den ukrainske byen var den gongen del av det russiske imperiet.

Han vaks opp i ein jødisk, russifisert middelklassefamilie. Frå første stund skreiv han om jødar med kløkt, humor og varme, men han identifiserte seg nok mest med å vere «odesit», ifølgje Grimstad.

– Som dei fleste jødar med erfaring frå russiske skular, litterære miljø og venekretsar, lengta Babel etter å få innpass. Det fekk han, ikkje som forkjempar for judaismen, men som åndsfelle med tru på Pusjkin og den russiske kulturelle kanonen så vel som på revolusjonen, fortel han. 

Aleksandr Pusjkin var ein av dei fremste russiske diktarane og har i Russland posisjon som nasjonalpoet. 

Følgde Den raude arméen som reporter 

På starten av 1900-talet vart det russiske sosialdemokratiske arbeidarpartiet splitta i to, og bolsjevikane utgjorde den radikale fløyen.

Dei var leia av Vladimir Lenin og kalla seg seinare kommunistar. Under oktoberrevolusjonen i 1917 tok dei makta og etablerte ei ny statsmakt i Russland. 

Kommunistane ønskte å spreie ideologien sin utover i verda, og dei ville begynne med Polen. Dette førte til den polsk-sovjetiske krigen, der Babel var krigsreporter.

Under aliaset Kirill Vasiljevitsj Ljutov følgde han dei bolsjevikiske kosakk-kavaleristane gjennom hardt prøva landsbyar i det austlege Polen og det vestlege Ukraina. 

Novellene hans uttrykkjer den identitetskonflikten som Babel stod i, ifølgje Grimstad. 

– På den eine sida står jøden som har slutta seg til den russiske revolusjonen og no registrerer alle dei grufulle handlingane som blir gjort mot jødar og Galicja-kulturen deira. På den andre sida står den bolsjevikisk-litterære stilisten, som aldri er heilt komfortabel med bolsjevismen og det aukande kravet frå Russland om å vere kompromisslaust eintydig. 

Eit flytande offentleg sjølvbilete

Det Babel skriv, er langt ifrå eintydig, ifølgje Grimstad. Han har ein jobb å gjere som krigsreporter, men han er den totale motsetnaden til dei erkemacho soldatane med store, fyldige mustasjar som han er i følgje med. 

– Vi kan sjå for oss Babel som ein liten, spinkel intellektuell med briller. Han var ein feminin og sart skikkelse. For han handla det om å få innpass og bli godkjent. I «Rytterarméen» skildrar han dilemmaa som dette førte med seg. Mellom anna skriv han om ei manndomsprøve der han sjølv må leggje hovudet til ei gås på bakken og tråkke på det, seier Grimstad.

I opningsnovella «Overgang over Zbrutsj» skildrar Babel kosakkane sin heroiske styrke, men også dei lidingane jødane opplever:

(Jeg) oppdager at skapene var brutt i stykker, og at gulvet er strødd med dotter av pelskåper, menneskeekskrementer og sundslåtte hellige kar, av det slaget som jødene bruker en gang i året – ved feiringen av Pesach.

– Babel tar ofte avstand frå den jødiske fortida si. Men i opningsnovella gjer han ikkje det. Etter mitt syn kan Babel seiast å gå inn og ut av ein bolsjevikisk identitet. Han framfører eit flytande offentleg sjølvbilete som aldri festar seg.

Vart avretta som 45-åring 

Kravet om å vere eintydig i skrivinga vart etter kvart sterkare i Russland, noko som passa Isaak Babel dårleg. I 1932, under Stalin, vart den ideologisk baserte skrivemåten innført som dogme.

Det betydde at andre måtar å skrive på var forbodne. 

– Uheldigvis for Babel var alt i Sovjetunionen under Stalin politisk og muskuløst. Dessutan var problemet ikkje berre at Babel sin stilistiske smak var politisk vag. Han var også ubestemmeleg med tanke på etniske og kjønnsrelaterte stereotypiar, seier Grimstad. 

I Babel sin raude armé-prosa viskar han ut grensene mellom det dominerande maskuline og det underdanige feminine. Det første er primært forbunde med kosakkane og bolsjevikane si tapperheit, medan det siste er knytt til det jødiske og polske. 

Desse flytande grensene, som prega mange av Babel sine forteljingar utover på 1930-talet, vart til slutt for mykje for det sovjetiske etablissementet.

Babel vart fengsla av sovjetiske styresmakter i 1939, skulda for antisovjetisk verksemd og avretta dagen etter arrestasjonen, 45 år gammal. 

Ein av dei mest kjende ukrainske forfattarane 

Russland lukkast ikkje med å leggje under seg Polen i 1920. Men Isaak Babel gjekk inn i historia som ein av dei mest kjende jødisk-ukrainske forfattarane, saman med namn som Sholem Aleichem, mannen bak historia i musikalen «Spellemann på taket». 

Når Ukraina igjen er i krig, er det ekstra viktig for det ukrainske folket å framheve eigen kultur – sjølv om Babel i si tid såg på seg sjølv som ein sovjetborgar, poengterer Grimstad.

– Er du fødd og oppvaksen i det som i dag er Ukraina, er du ukrainsk. I desse områda har grensene og folka som bur der, blitt skalta og valta med i fleire hundre år. 

– Å fortelje ei breiare sanning enn den offisielle kan ha sin pris, og det hadde det også då Sovjetunionen var i emning: Etter at Babel var avretta, vart han bannlyst. Først i 1954 blei han reinvaska for alle skuldingar. Då kunne lesarane på ny gå inn i den irrasjonelle brutaliteten som blir skildra i tekstane hans, seier Grimstad. 

Referanse: 

Knut Andreas Grimstad: En «jødebolsjevik» rapporterer fra Ukraina: Isaak Babels mangfoldige minoritetsspråk. Norsk litteraturvitenskapelig tidsskrift, 2023.

Powered by Labrador CMS