Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Måleinstrumentet på nasen av helikopteret er det fyrste slike magnetometeret i Europa og er utvikla av GREENPEG-prosjektet.

Ny metode brukar helikopter for å finne litium til batteri

Verda har ikkje vunne ut nok litium til det grøne skiftet. Forskarar har utvikla nye leitemetodar for gruveindustrien. 

Europeisk gruvedrift har vore ein bransje i tilbakegang dei siste tiåra. Opparbeida ekspertise har forvitra og blitt borte. Europa er ikkje lenger leiande i å finna og utvikla nye funn.

No har ein innsett at det er risikabelt å basera seg på mineral som vert frakta lange avstandar frå gruver andre stader i verda. I det siste har derfor EU satsa mykje på forsking og innovasjon som skal gjera Europa meir sjølvforsynt med viktige materialar som litium. Litium er viktig både i produksjon av batteri og solceller.

Professor Axel Müller ved Naturhistorisk museum på Universitetet i Oslo (UiO) har leia eit slikt fireårige innovasjonsprosjekt. 

Forskarane har utvikla ei verktøykasse for leiting etter pegmatittar som kan innehalda verdifulle metall og mineral.

Hyperspektrale kamera fangar opp mange fargar

– Pegmatittar er magmatiske bergartstypar som det finst mykje av i Europa, men som ikkje er nok utforska. Målet vårt er å gjera denne utforskinga enklare for gruveindustrien, seier Müller.

– Verktøykassa vår kombinerer eksisterande leiteteknikkar med tre nye, eigenutvikla instrument.

Eit instrument dei har utvikla sjølve, er det som heiter ein piezoelektrisk seismograf. Det vert brukt for å påvisa pegmatittar i bakken raskt og effektivt. 

Eit anna er det fyrste europeiske magnetometeret som er utvikla for å monterast på nasen av eit helikopter.

– Det tredje er eit hyperspektralt kamera montert på ein drone. Auga vårt og tradisjonelle kamera fangar berre opp primærfargane raudt, gult og grønt og kombinasjonar av desse. Hyperspektrale kamera fangar opp mange fleire fargar, forklarar Müller.

Drona har påmontert eit kamera som fangar opp fargar menneskeauga ikkje kan sjå,

Kamera er testa i Irland, Alpane og Tysfjord

– Kamera vårt fangar opp ultrafiolett og infraraudt lys i tillegg til synlege fargar. Bileta gjer oss betre i stand til å studera samansetjinga av bakken. Vi kombinerer dei nye teknikkane med konvensjonelle geofysiske og geokjemiske leitemetodar.

Han forklarar at dei startar på det dei kallar provinsskala. Der utfører dei spektralanalyse av satellittbilete. Så zoomar dei inn til distriktsskala og det Müller omtalar som helikoptergeofysikk. Den finaste skalaen kallar dei prospektskala. Der skjer utforskinga på bakken og med drone.

– Vi har testa metodane våre i to område som er kjende for å vera rike på litium, det sørlege Leinster i Irland og Wolfsberg i dei austerrikske Alpane. Vi har òg vore i Tysfjord i Nordland og undersøkt for silisium. Det er eit anna viktig materiale i det grøne skiftet, fortel Müller.

Feltarbeid i Tysfjord. Müller i midten i raud bukse.

Har funne litium i Sverige

– Målet med prosjektet vårt har ikkje vore å finna mineralførekomstar sjølve. Det har vore å utvikla metodar som set andre i stand til å gjera slike funn. Derfor var det berre ein morosam bonus at vi i Tysfjord faktisk påviste ein ny førekomst av svært rein kvarts, som inneheld silisium.

Müller fortel at det har vore eit innovasjonsprosjekt meir enn eit forskingsprosjekt. Dei har vore 13 partnarar i prosjektet. Ein tredjedel kjem frå akademia, ein tredjedel frå industrien og ein tredjedel frå non-profit-institutt som Norges geologiske undersøkelse (NGU).

– Verktøykassa vår er alt teken i bruk. Eit amerikansk selskap som leitar etter litium, har funne ein ny førekomst i Bergby-området i Sverige. Om ikkje lenge vert alt publisert over 400 sider i det vitskaplege tidsskriftet Economic Geology og kan takast i bruk av ein kvar som måtte ynskja det.

Om prosjektet

Prosjektet GREENPEG har vore støtta med 100 millionar kroner i Horizon 2020-midlar frå EU, og er no inne i sitt siste år. 

Powered by Labrador CMS