Annonse

Etterlyser gravejournalistikk på forskingsprogram

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

– Norske journalistar bør driva meir undersøkjande journalistikk på dei store forskingsprogramma. I dag er for mange artiklar om forsking basert på berre ei kjelde, meiner kulturredaktør Knut Olav Åmås i Aftenposten.

Det var i ein debatt om forskingsformidling i regi av Vitskapsakademiet kulturredaktør Knut Olav Åmås etterlyste meir undersøkjande journalistikk om resultata frå dei store forskingsprogramma til Forskingsrådet.

– Dei kostar mange hundre millionar kroner, så det er viktig å gå grundigare inn i kva forsking som har kome ut av dei og kva typar forsking som har fått pengar frå dei. Når journalistar skriv om forsking i dag, er artikkelen i hovudsak basert berre på ei kjelde, nemleg forskaren sjølv. Media må bli betre til å sjå kritisk på forskingsverda også, vedgjekk Åmås.

Powered by Labrador CMS