Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Svangerskapsdiabetes kan bety auka risiko for å utvikla diabetes type 2 seinare i livet.

Nyare anti­depressiva aukar ikkje risikoen for svangerskaps­diabetes

Både svangerskap og legemiddel mot depresjonar kan utløysa diabetes kvar for seg. Likevel aukar ikkje risikoen når dei vert kombinerte.

Fem prosent av europeiske kvinner vert råka av for høgt blodsukker, eller svangerskapsdiabetes, medan dei er gravide. Det kan ha konsekvensar for barnet. Til dømes at det vert født for tidleg, eller har auka fødselsvekt.

Og sjølv om tilstanden er forbigåande, er mora meir utsett for å utvikla sjukdomar som høgt blodtrykk eller diabetes seinare i livet.

Samstundes er det kjend at bruk av antidepressiva òg aukar risikoen for at pasienten utviklar diabetes.

– Dermed er det nærliggjande å tenkja at risikoen aukar ytterlegare dersom mora brukar antidepressiva under svangerskapet, seier forskar Angela Lupattelli ved Farmasøytisk institutt på Universitetet i Oslo.

– Tidlegare studiar har vore motstridande om det er ein samanheng eller ikkje, seier Angela Lupattelli.

Samanlikna to typar antidepressiva

– Heldigvis ser det ikkje ut til at det er tilfelle, i alle fall ikkje for nyare antidepressiva. For eldre typar er biletet meir uklart, men desse er ikkje så vanlege i bruk lenger, seier ho.

Lupattelli tok utgangspunkt i det norske fødselsregisteret og data frå den norske MoBa-undersøkinga, som er ei av verdas største helseundersøkingar. Den inneheld opplysningar frå 95.000 mødrer, i tillegg til barn og fedrar.

– Vi samanlikna to grupper antidepressiva: dei nyare, av typane SSRI eller SNRI, og såkalla trisykliske, som altså ikkje vert så mykje brukt lenger, forklarar Lupattelli.

– Dei to gruppene skil seg frå kvarandre i kor mykje eller lite dei interagerer med ein bestemt reseptor i kroppen.

Mange skeptiske

For SSRI/SNRI fann ikkje forskarane nokon auka risiko for svangerskapsdiabetes. Dei eldre antidepressiva kunne derimot sjå ut til å auka risikoen noko, men her var datagrunnlaget for lite til å trekkja nokon konklusjon.

– Tidlegare studiar har vore motstridande, men no har vi slått fast at samanhengen ikkje kan påvisast, seier Lupattelli.

Ho seier funnet er viktig, fordi mange er skeptiske til bruk av legemiddel under svangerskapet. Det kan det vera gode grunnar til, for som ho seier, legemiddel skal behandlast med respekt.

Rådføra seg med lege

– Vi brukar legemiddel for å påverka biologiske prosesser i kroppen, og vi kan ikkje sjå bort frå at dei kan ha uynskte biverknadar på både mor og barn, seier ho.

Samstundes meiner forskaren at vi skal anerkjenna behovet for å behandla psykisk sjukdom med antidepressiva, òg i svangerskapet. Då vert det ei vurdering av kva som er mest uheldig: risikoen for biverknadar eller konsekvensen av at mor er umedisinert.

– Derfor er det viktig at ein alltid rådføra seg med lege om ein skal halda opp med, halda fram med, eller for den saks skuld starta opp legemiddel under svangerskapet, seier Angela Lupattelli.

SSRI og SNRI

Forkortingane står for «selective serotonin reuptake inhibitor» og «serotonin and norepinephrine reuptake inhibitor», eller på norsk «selektive serotoninreopptakshemmarar» og «selektive serotonin- og noradrenalinreopptakshemmarar».

Referanse:

Angela Lupattelli mfl.: Association between antidepressant use in pregnancy and gestational diabetes mellitus: Results from the Norwegian Mother, Father and Child Cohort Study. Pharmacoepidemiology & Drug Safety, 2021. Doi.org/10.1002/pds.5388

Powered by Labrador CMS