Annonse

Dalai Lama: – Dagens studentar må skapa fred i dette hundreåret

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

– De som er generasjonen av det 21. hundreåret må jobba hardt for å skapa fred, var oppfordringa fredsprisvinnaren og menneskerettsaktivisten Dalai Lama kom med på eit møte for studentar og akademikarar på Chateau Neuf ved UiO i dag. Det skriv Uniforum.

Det var kø frå Chateau Neuf og heilt ned til Politihøgskulen over ein time før Dalai Lama skulle delta på møtet i Arne Næss-symposiet. Storsalen i Chateau Neuf var difor stappfull då Tibets 79 år gamle fridomssymbol, den 14. Dalai Lama kom inn i rommet. Folk reiste seg, før han gjekk opp på scena og bad  UiO-rektor Ole Petter Ottersen setja seg i sofaen, medan han sjølv sette seg i stolen i midten. Der fekk Dalai Lama gode ord frå prosjektleiar ved Senter for utvikling og miljø Nina Witozsek og Håkon Søiland frå Kulturutvalet ved Studentersamfundet Chateau Neuf.

Det var UiO-rektor Ole Petter Ottersens oppgåve å helsa fredsprisvinnaren frå Tibet velkommen.

– Det  er ei stor ære for oss å ha med oss Dalai Lama i dag. Då du kom til Noreg i går, kom du som ei rockestjerne, ifylgje Aftenposten,  og i dag er du her som ein utsending for menneskeverdet  slo Ole Petter Ottersen fast.

– Arne Næss var ein filosof med stor påverknad på oss alle. Han sette spor etter seg i det norske samfunnet i så stor grad at me følte me vaks opp med han. Næss var internasjonalt kjent som miljøvernforkjempar, naturvernar og talte om naturen som ein verdi i seg sjølv. Mange av desse karakteristikkane passar også for Dalai Lama. Og Arne Næss var påverka av Dalai Lama, og han skreiv artiklar om gestalttenking og buddhisme, trekte han fram.

– Å ta ansvar for morgondagens verd er viktig. Me utdannar morgondagens leiarar. Globale utfordringar står framfor oss, og dei må universiteta ta ansvar for. Me må ta ansvar for ei berekraftig utvikling både når det gjeld miljø og andre spørsmål på jorda, sa Ottersen.

Powered by Labrador CMS