Denne artikkelen er produsert og finansiert av UiT Norges arktiske universitet - les mer.

Få stader er urettferd så tydeleg som på bustadmarknaden, meiner professor Torill Nyseth.

Urettferdig bustadmarknad: – Vanlege folk med grei økonomi, har ikkje sjanse til å kjøpe seg ein stad å bu

Professor Torill Nyseth kallar bustadmarknaden for omvendt Robin Hood-politikk.

Ifølgje Nyseth finst det urettferd mange stader i det norske samfunnet. Men få stader er den så tydeleg som i bustadmarknaden.

Det pressa middelsjiktet

I Noreg er det ein stor draum for dei fleste å eige sin eigen bustad. Det er knytt til historie, kultur, identitet, til eit ønske om fridom. Faktisk eig 82 prosent av nordmenn sin eigen bustad. Men for nokre vert draumen aldri ein realitet.

Nyseth snakkar om det pressa middelsjiktet. Det er dei som ligg i skvisen mellom dei som har god nok økonomi til å skaffe seg sin eigen bustad og dei som har det så dårleg at dei får bustad av det offentlege.

– Her finn vi heilt vanlege folk som har ein grei økonomi, men som ikkje har sjanse til å kjøpe seg ein stad å bu, seier ho.

Torill Nyseth snakkar om dei som ikkje har nok penger til å kjøpe eigen bustad, men som har for mye til å få bustad av det offentlege.

Frå heim til spekulasjonsobjekt

Kravet om 15 prosent eigenkapital er ofte det som stoppar dei unge, fortel Nyseth. Dei som ikkje kan få hjelp frå foreldre eller besteforeldre, klarar ikkje halde tritt med historisk aukande prisar, spesielt i byane. 

Auka vert forsterka av urban bustadmangel i tillegg til at stadig fleire bustader vert brukt til korttidsleige som til dømes Airbnb. Då vert marknaden endå meir pressa.

Verdien på bustadane har auka kraftig. Det forsterkar biletet. Det gjer òg skattelette for utgiftene til bustadlån.

Podcast: Urettferd på bustadmarknaden

Torill Nyseth meiner at den norske bustadmarknaden er djupt urettferdig. Spesielt for dei unge. I denne episoden av podcastserien Lørdagsuniversitetet frå UiT snakkar ho om kvifor det er slik og kva vi kan gjere med det.

Høyr heile episoden her.

Sjukepleiarindeksen

For å illustrere kor dårleg situasjonen er, hentar Nyseth fram sjukepleiarindeksen. Indeksen syner kor stor del av dei bustadane som er selde i eit område, som ein einsleg sjukepleiar kan få finansiering til å kjøpe. 

Ein sjukepleiar tener i snitt litt over 600.000 kroner i året, men vil berre ha råd til 1,7 prosent av bustadane i Oslo eller 16,5 prosent i Tromsø.

– Men sjukepleiarar er jo ikkje dei som tener minst, seier Nyseth.

– Kva med butikkarbeidarar? Reinhaldarar? Om du hadde laga ein indeks for reinhaldarar, trur eg det hadde stått null, seier ho.

Det fører til at mange må ut på leigemarknaden, som Nyseth kallar ustabil, dårleg og dyr. Det igjen gjer at dei ikkje kan spare til eiga bustad, mens prisane galopperer av garde og eigenkapitalkravet vert endå høgre. 

Ein vond sirkel som gjer at mange må leige heile livet.

Den tredje vegen

Nyseth seier Noreg treng ein tredje bustadsektor der folk får hjelp inn i eigarmarknaden. Noko kan marknaden og folk gjere sjølv, som å ta i bruk ulike formar for sameige, minihus eller sjølvbyggarløysningar.

– Men det offentlege må på bana. Først og fremst må dei sjå på korleis skattesystemet gjer problemet verre. Men dei må òg kome med konkrete, politiske løysingar, meiner ho.

– Det finst fleire ulike «leige til eige»-modellar som det offentlege kan satse på. Det offentlege kan òg sjå på planprosessar og bustadfinansiering eller tilby billige tomter frå, seier Nyseth.

Høyr heile episoden her:

Powered by Labrador CMS