Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Når vi høyrer om antibiotikaresistente bakteriar ved norske sjukehus, er det som regel stammar av Gule stafylokokkar. Her forstørra 20.000 gonger og kunstig fargelagt.

Forskarar driv kjemisk detektiv­arbeid for å kjempa mot antibiotika­­resistens

Syntetisk tilverka utgåver av stoff som finst i kroppen, gjev håp om nye, målretta legemiddel mot betennelsar som ikkje går over.

Ein betennelse er ein reaksjon som immunforsvaret set i verk for å kjempa mot infeksjonar. Når kroppen lukkast med å slå tilbake angrepet, skal betennelsen helst gå over av seg sjølv og alt vera ved det normale.

Men nokre bakteriebetennelsar gjev seg ikkje og då har antibiotika lenge vore eit mykje brukt legemiddel for å få has på dei. Så mykje brukt, har det vist seg, at stadig fleire sjukdomsframkallande mikrobar har utvikla resistens, altså blitt motstandsdyktige mot antibiotika.

Utan nye behandlingsmetodar kan farlege smittsame sjukdommar bli langt vanskelegare å behandla i framtida.

Amalie Føreid Reinertsen er forskar ved Farmasøytisk institutt på Universitetet i Oslo.

Må framstellast i langt større mengder

I ein tidlegare artikkel har vi skrive om korleis forskar Amalie Føreid Reinertsen har lukkast i å framstilla molekylet RvE4 i laboratoriet ved Farmasøytisk institutt på Universitetet i Oslo.

– RvE4 høyrer til ei gruppe stoff som vi veit kan dempa betennelsar. Kroppen vår produserer dei sjølv, men i mengder som er altfor små til å forska på, forklarar Reinertsen.

– Skal vi utvikla legemiddel på grunnlag av desse stoffa, må vi derfor framstilla dei i laboratoriet, i langt større mengder.

Upraktisk i legemiddelproduksjon

No har ho gått gjennom den same prosessen med eit nært slekta stoff, RvD2n-3 DPA. Dette stoffet har ho og kollega Karoline Primdahl òg testa biologisk. Eksperimenta vart utførte i samarbeid med professor Jesmond Dalli ved Queen Mary-universitetet i London.

– RvD2n-3 DPA har god effekt mot bakterien Staphylococcus aureus, betre kjent som gule stafylokokkar. Når vi høyrer om antibiotikaresistente bakteriar ved norske sjukehus, er det som regel stammar av desse bakteriane som er dei skuldige, fortel Reinertsen.

Det er for tidleg å spretta champagnen og starta samlebandet endå. RvD2n-3 DPA-molekylet er så kjemisk komplekst at det er upraktisk å bruka i legemiddelproduksjon.

Nyttar molekyl for å leita fram reseptorar

– Men no kan vi framstilla nok av molekylet til å starta detektivarbeidet for å finna ut korleis det verkar.

Reinertsen forklarar at denne typen molekyl, signalmolekyl som dei heiter, verkar på ei celle ved å binda seg til ein stad på cellemembranen som vert kalla reseptorar.

Eit molekyl som RvD2n-3 DPA kan berre binda seg til ein bestemt reseptor.

– Derimot kan det godt finnast andre, enklare molekyl som kan binda seg til den same reseptoren, og som kan eigna seg betre i framtidige legemiddel. RvD2n-3 DPA er sporhunden vår i jakta på den rette reseptoren, seier forskaren.

Målretta behandling

Ho har omtalt bygginga av RvE4 og RvD2n-3 DPA som kjemiske puslespel, men no er det eit litt anna puslespel som skal skje:

– Vi jaktar på reseptor-«brikka» som passar saman med RvD2n-3 DPA-«brikka». Når vi så har funne ho, startar jakta på ei anna molekyl-«brikke» som passar til reseptoren. Den ynskjer vi då altså at skal vere kjemisk mindre kompleks, slik at ho vert meir anvendeleg for industrien.

I tillegg til at forskarane håpar at dette vil redusera antibiotikaresistens, er det ein stor fordel at ein kan sette inn målretta behandling som verkar på ein bestemt stad.

Vil løyse opp betennelsar ved å aktivera reseptorar

– Dette blir presisjonsskyting, i motsetning til dagens antibiotikabehandling som snarare kan samanliknast med teppebombing. Det er ikkje uvanleg at venlegsinna bakteriar, til dømes i tarmen, kan bli råka, seier Reinertsen.

– Vi brukar òg miljøvenlege metodar gjennom heile synteseprosessen. Med andre ord framstiller vi på ein berekraftig måte det vi håpar skal bli berekraftige legemiddel som eit supplement til dagens antibiotika.

– Prinsippet ved å løyse opp bakterielle betennelsar ved å aktivera reseptorar som er ein del av immunforsvaret til kroppen, er eit relativt nytt prinsipp innan livsvitskapen, seier Reinertsen.

Referanse:

Amalie F. Reinertsen mfl.: Stereoselective Synthesis, Configurational Assignment and Biological Evaluations of the Lipid Mediator RvD2n-3 DPA. Chemistry – A European Journal, 2021. Doi.org/10.1002/chem.202103857

Powered by Labrador CMS