Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Bergen - les mer.

Kronprinsen bidrog til klimaforsking på Grønland
Midt i isødet på Grønland ligg forskingsstasjonen EastGRIP. Boring av kjerner viser isen 100.000 år tilbake i tid.
Korleis fann eigentleg nokon på å studere isen på Grønland for å lære om klimaet?
«Det er ei forteljing om sære idear, regnvatn, eventyrlege ekspedisjonar, og frykta for atomkrig,» skriv forskar Anne Katrine Faber, om Grønlandsforskinga sin spede start på 50-talet.
I dag er Grønland ein sentral stad for mange arktiske prosjekt.
The East Greenland Ice-core Project, eller EastGRIP, er ein base der hovudarbeidet er å bore iskjerner ut av verdas raskaste isstraum.
Målet er å sanke ny viten om korleis isstraumane oppfører seg og bidreg til framtidig havnivåstigning. Det er også ei god kjelde til kunnskap om fortidsklimaet tilbake til forrige istid.

Tunnelsystem under isen
Forskarane hentar opp iskjerner frå djupt nede i isstraumen. Dette gjer dei ved å grave ut store tunnelar under isen.
Sjølve tunnelsystemet blir laga ved å frese ut djupe grøfter i isen. Deretter blir store ballongar blåste opp før dei blir dekt av snø.
Når snøen er fast, blir lufta sloppen ut av ballongen. Ballongane lagar nyttige strukturar, ventilasjonsrør blir innstallert og djupe renner må til for å skape eit perfekt miljø for boring.

Snøen som fall for 100.000 år sidan
Gjennom forskingsprosjektet ice2ice frå 2014-2019 har forskarar ved Universitetet i Bergen bidratt til å sikre klimaarkiv på over 100.000 år frå isen på Grønland i form av iskjerner.
Innelukka i iskjernene frå djupet finst luftbobler som fortel om lufttemperaturen då isen fall som snø for mange tusen år sidan.
I 2019 fekk også ein legofigur vere med forskarar til Grønland.

Kronprinsen bidrog
Kva skjer frå snøen fell på toppen av isen til den blir lagra som is nedover i isbreen?
Dette spørsmålet er sentralt i SNOWISO-prosjektet som er leia av Hans Christian Steen-Larsen. Saman med kollegaer vil han samle over fem tusen prøvar frå snøoverflata for å finne koblingar mellom målingane i atmosfæren og klimasignalet i snøen.
Kronprins Haakon deltok nyleg på ein ekspedisjon over Grønlandsisen. Undervegs bidrog kronprinsen med å ta snøprøvar som dei overleverte til forskarane på EastGRIP, som var eit viktig delmål for ekspedisjonen.
Få ei 360 graders omvisning på EastGRIP med denne videoen.
Les også disse sakene fra UiB:
-
Gjennombrudd for varsling av El Niño-fenomen i Atlanterhavet
-
Overraskende funn om fødselsangst
-
Slik takler du mørkeredsel, sceneskrekk og bekymringer
-
Statistikk om hjemmefødsler kan gi falsk trygghet
-
Aktiv dødshjelp: – Oppsiktsvekkende at man straffes så mildt
-
Dypvannet i Grønlandshavet synker ikke lenger. Hva har skjedd?