DENNE ARTIKKELEN ER PRODUSERT OG FINANSIERT AV STAMI - LES MER.

Støy på jobben heng saman med tinnitus hos høyrselshemma
Yrkesstøy heng saman med tinnitus hos høyrselshemma
Ein ny studie frå Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI) tyder på at høyrselstap er eit viktig mellomledd i samanhengen mellom støy og tinnitus.
Eksponering for sterk og langvarig støy i yrkessamanheng kan gi høyrselsskadar. Det kan igjen vere funksjonsnedsetjande og bidra til kommunikasjonsproblem.
Arbeid som kan skade hørselen
Tal frå ein fersk publikasjon frå STAMI viser at mellom anna folk i bygg- og anleggsbransjen i Noreg er mest utsett for å få nedsett høyrsel på grunn av arbeidet.
No har forskarane undersøkt samanhengen mellom yrkesstøy og tinnitus – eller øyresus – i norsk arbeidsliv.
Forskarane ville også sjå på om samanhengen er avhengig av om arbeidstakarane har nedsett høyrsel eller ikkje.
Data frå stor folkeundersøking
Forskarane brukte data frå Helseundersøkelsen i Trøndelag (HUNT) og informasjon frå Statistisk sentralbyrå om yrke og arbeidsstatus.
I tillegg brukte dei informasjon om støy i ulike yrke frå ei dansk jobbeksponeringsmatrise, som er eit verktøy for å kategorisere eksponering.
Forskarane undersøkte fleire mål på livstidseksponering for yrkesstøy. Eitt mål var basert på den danske jobbeksponeringsmatrisa og eitt var basert på spørsmål om yrkesstøy som deltakarane hadde svart på.
Deretter såg dei på samanhengen mellom desse støymåla og risikoen for å ha tinnitus meir enn éin time dagleg.
Høyrselstap er viktig mellomledd
– Vi fann ingen samanheng mellom støyeksponering gjennom arbeidskarrieren, rekna ut frå ei jobbeksponeringsmatrise, og risiko for å ha tinnitus over ein time dagleg. Dette tyder på at yrkesstøy ikkje er ein viktig faktor i Noreg i dag for utvikling av øyresus. Men – vi justerte ikkje for bruk av høyrselsvern. Det kan ha hatt betydning, seier forskar Ina Molaug ved STAMI.

Forskarane såg også på samanhengen mellom sjølvrapportert støyeksponering og risiko for tinnitus. Her var det ein samanheng, men berre for deltakarar som også hadde eit høyrselstap.
– Mange har lurt på om ein kan få tinnitus sjølv om ein ikkje har ein høyrselsskade. Funnet vårt tyder på at høyrselstap er eit viktig mellomledd i samanhengen mellom støy og tinnitus, konkluderer Molaug.
Referanse:
Ina Molaug mfl.: Occupational noise exposure and tinnitus: the HUNT Study. International Journal of Audiology, 2023. Doi.org/10.1080/14992027.2023.2211735
Les også disse sakene fra STAMI
-
Bygg og anlegg: Hvordan forebygge arbeidsulykker og dødsfall i en utsatt næring
-
Slik kan arbeidsgivarar redusere sjukefråværet blant gravide
-
Kulde kan påvirke de indre klokkene i kroppens celler
-
Hjemmestjenesten: Hvordan påvirker Arbeidstilsynets virkemidler arbeidsmiljø og helse?
-
Hørselstap gir høyere risiko for å falle ut av arbeidslivet. Men noe har endret seg
-
Slik kan ledere beskytte sine ansatte mot emosjonelle belastninger i jobben
forskning.no vil gjerne høre fra deg!
Har du en tilbakemelding, spørsmål, ros eller kritikk? TA KONTAKT HER