Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Dersom mor brukar eit legemiddel og barnet utviklar ADHD, kva er årsaka? Er det faktorar hjå mor eller ved medisinen?

Legemiddelbruk under svangerskapet kan auke risikoen for at barnet utviklar ADHD eller autisme. Det same kan personlegdommen til mor gjera

Kan vi skilja dei to risikofaktorane?

Mange veit at nokre legemiddel fører til risiko for seinskadar på barnet dersom mor har brukt dei under svangerskapet. 

Mange legemiddel vert det dessutan anbefalt å ikkje bruka ved graviditet. Ikkje fordi vi veit at dei er farlege, men fordi vi ikkje veit om dei er farlege eller ikkje. 

Det er etisk problematisk å forska på effekten av legemiddel på ufødde, på grunn av risikoen for å påføra uboteleg skade.

Ved Farmasøytisk institutt på Universitetet i Oslo har ei gruppe forskarar over mange år derfor studert samanhengen mellom ulike legemiddel og ulike uynskte seinverknadar på barnet. Det har dei gjort ved hjelp av såkalla registerdata.

Ved å samanhalda opplysningar frå mellom anna Reseptregisteret, Norsk pasientregister og den store MoBa-undersøkinga, skaffar dei litt etter litt meir kunnskap om kva legemiddel som er trygge å bruka og kva for nokre ein bør vera varsam med.

Hadde liggjande eit datasett

Men registerstudiar har ei svakheit. Spesielt ved samanhengen mellom bruk av psykofarmaka, altså legemiddel mot psykiske lidingar, og nevroutviklinga hjå barnet. 

– Det vil seia risikoen for å utvikla åtferdsvanskar, ADHD, kommunikasjonsvanskar og liknande, fortel professor Angela Lupattelli.

– Dersom mor brukar eit legemiddel og barnet utviklar ADHD, kva er årsaka? spør Angela Lupattelli.

Ho fortel at forskarane til dømes veit at antidepressiva kanskje kan auka risikoen for ADHD hjå barnet.

Samstundes veit dei at personlegdommen til mor òg kan bidra til at barn utviklar ADHD. Spesielt nevrotisisme heng saman med psykiske lidingar og genetisk disponering for psykiske lidingar.

Så dersom mor brukar eit legemiddel og barnet utviklar ADHD, kva er årsaka? Er det faktorar hjå mor eller ved medisinen?

For å undersøkja dette gjekk professoren tilbake til eit datasett ho hadde liggjande frå doktorgradsarbeidet sitt.

Symptom på depressive tilstandar

Nærmare 9.000 gravide eller nybakte mødrer vart spurde om legemiddelbruken sin. Samstundes svarte dei på spørsmål som var utvikla for å plassera dei i den såkalla Femfaktormodellen.

I Femfaktormodellen kan personar karakteriserast etter kor stor grad dei har av dei fem faktorane openheit, planmessigheit, ekstroversjon, omgjengelegheit og nevrotisisme.

Desse faktorane vart så kopla opp mot ulike typar psykofarmaka, som antidepressiva, antipsykotiske legemiddel, roande legemiddel og sovemedisinar, og òg smertestillande legemiddel som paracetamol. 

For det siste var det spesielt utstrekt bruk som var interessant.

Ikkje like sterke samanhengar

– Den tydelegaste forbindelsen var mellom nevrotisisme og bruk av antidepressiva. Kanskje ikkje så overraskande når kjenneteikna på ein nevrose ikkje er så ulike ein del av symptoma på depressive tilstandar, seier Lupattelli.

– Meir overraskande for oss var det at ikkje var nokon samanheng mellom nevrotisisme og bruk av antipsykotiske legemiddel. Det heng antakeleg saman med at dei vert gjevne for andre symptom enn antidepressiva.

Andre personlegdomstypar viste òg samanhengar, om enn ikkje like sterke. 

Her kunne ein finna at dei auka sannsynet for bruk av nokre legemiddel, medan samanhengen med andre typar legemiddel gjekk motsett veg.

God samtale om trygg legemiddelbruk

– Vi må òg ta med at genetiske årsaker kan påverka nevroutviklinga til barnet. Dei vert ikkje fanga opp av registerdata, og vi har ikkje sett på det i denne studien. Men det vil òg vera noko ein må ta omsyn til når vi forskarar skal vurdera risikoen ved bruk av eit legemiddel under graviditet.

Lupattelli seier funna vil vera mest av interessa for forskingsmiljø som ser på større grupper av gravide.

– Modellar er nyttige for å sjå på større grupper. Men den enkelte pasient vil ikkje nødvendigvis passa saumlaust inn i eit sikt skjema. Folk er sette saman på eit utal ulike måtar, seier ho.

– Ein fastlege som kjenner pasienten sin og personlegdommen hennar, er fullt ut i stand til å ha ein god samtale om trygg legemiddelbruk under svangerskapet utan å ha høyrt om Femfaktormodellen.

Referanse:

Angela Lupattelli mfl.: Association of maternal personality traits with medication use during pregnancy to appraise unmeasured confounding in long-term pharmacoepidemiological safety studiesFrontiers in Pharmacology, 2023.  Doi.org/10.3389/fphar.2023.1160168

Powered by Labrador CMS