
Sikrar dei gamle verpehønene
Det er viktig å ta vare på gener frå gårsdagens burhøns, meiner forskarar. Genane kan ha ein stor verdi for framtidas matproduksjon.
Ifølgje Bibelen fylte Noa båten med dyr av alle slag for å sikre at verda kunne gå vidare etter den store flaumen. Behovet for mangfald er ikkje blitt mindre med åra.
Moderne jordbruk har ei slagside som heiter monokultur – det einsidige. Dagens matproduksjon og avl utnyttar maksimalt dei dyra og plantane som yter mest og best under vilkåra som gjeld.
Slik blir jordbruket svært spissa. Gamle slag blir stadig avløyst av nye og meir effektive krysningar. Kva skjer så med dei gamle? Nokre av dei gamle verpehønsrasane har gått inn som levande kapital i Genbanken for verpehøns, skal vi sjå.
I dei seinare åra har mykje endra seg i favør av merksemd på mangfald. Storskala insektdød har gått hand i hand med auka bevisstheit, internasjonale avtalar og nasjonale regelverk for naturmangfald. Mangfald innan og mellom artar er nødvendig.
Populære og friske hobbyhøns
Ved Hvam vidaregåande skule held ein i hevd tolv eldre hønserasar. Skulen på Nes i Akershus har vore genbank for norske verpehøns sidan 1974.
I tillegg til ulike versjonar av den eldre norske produksjonshøna NorBrid er også den norske jærhøna og utvalde rasehøns tatt vare på. Alle er dei populære hos hobbyfjørfefolk. I hobbymiljøet er genbanken kjent for å levere rasereine og sjukdomsfrie kyllingar.
– Daggamle kyllingar reiser med fly til kundar over heile landet. Rundt 3000 kyllingar blir årleg selde til dei mange som ønskjer å stå for eggproduksjon til eige bruk, fortel Nina Sæther. Ho er leiar for Norsk genressurssenter og brenn for å bevara genetisk mangfald i landbruket.
Verdien av moglege gløymde genar og sjukdomsfrie kyllingar lét seg vanskeleg verdsette i kroner og øre. Ifølgje genressursleiaren er dette unike genmaterialet ein del av vår nasjonale matberedskap. Eit stort ansvar å forvalte, med andre ord.

Verdsleiande i fôreffektivitet
I løpet av det siste året er det etablert ein elektronisk slektsdatabase for dei bevaringsverdige norske produksjonshønene på Hvam. Dokumentasjonsarbeidet er gjennomført som ledd i ein tiårig strategiplan for genbanken for verpehøns.
– Genbanken består av levande dyr som er haldne under eit strengt slektskaps- og helseregime. Strengt må det vere for å redusere risiko for at innavl eller sjukdommar skal slå ut desse verdfulle stammene av gamle, norske verpehøns, forklarer Nina Sæther.
NorBrid-hønene var på 1990-talet verdsleiande i fôreffektivitet. Likevel vart dei utkonkurrert av internasjonale rasar som la fleire egg per høne. Sæther kommenterer:
– I dagens diskusjonar om eit meir klimasmart landbruk er evna til å gjere seg best mogleg nytte av fôret ein viktig eigenskap for redusert klimagassutslepp.
– Kanskje var ikkje dei gamle norske hønene så utdaterte likevel, humrar ho.
- Les også: Skal redde høns fra å ende som betong
Potensial å forske på
Høner til hobbybruk er likevel berre ein naturleg følgje av det genbanken eigentleg handlar om: Nemleg å ta vare på arvematerialet til gamle norske verpehønsrasar. Eit nytt strategisk satsingsområde er å levere dyremateriale til forsking.
Å levere genetisk materiale til forsking er gjort mogleg gjennom det nyleg gjennomførte dokumentasjonsprosjektet og etableringa av slektskapsdatabasen Hønseregisteret. Gjennom desse to grunnleggande elementa, er plattforma lagt for at materialet frå Hvam-hønsene kan brukast i nye samanhengar, til dømes i forsking.
- Les også: Fra levende til frossen genbank for høns

Kjerringa mot straumen
– Da vi tok fatt på genetiske bevaringsarbeidet på slutten av 1980-talet, var eg kjerringa mot straumen, seier Sæther.
På den tida var det langt frå opplagt at husdyrrasar og plantesortar mange meinte var utgått på dato, kunne ha verdi i framtida. For enkelte rasar var det berre eit titals dyr igjen.
Sæther fortel om den bevaringsverdige norske kurasen austlandsk raudkolle som var nær utrydda. Takka vere ei eldsjel av ein bonde som heldt fast ved bruk av rasen, er han no i positiv vekst.
– På den eine sida er dette ei glad-historie. På den andre sida fortel eksempelet med raudkolla om kor skjør balansen kan vere i grensa mellom ‘utdøydd’ og ‘få individ igjen,’ seier Sæther.
– Å ha tilgang til både genetisk og biologisk mangfald er avgjerande for all mat- og landbruksproduksjon. Dessutan er mangfaldet ein viktig del av vår kulturarv.
Verdfullt referansemateriale for næringa
Sæther får støtte frå bransje- og dyrehelsehald i synet på verdien av å bevara genetisk mangfald. Spesialrådgjevar Tone Beate Hansen i Helsetenesta for fjørfe i Animalia, seier det slik:
– Bevaringsarbeidet er av særleg stor betydning innan fjørfe der avlsrabeidet er så sentralisert globalt. Verdien av å ha tilgang til genar og høner frå rasar som er mindre utnytta kommersielt, kan bli svært stor, seier ho.
Til dømes kan dette vere verdfullt referansemateriale for å undersøke ulike dyrehelsetema ein står overfor innan kommersiell verpehønsproduksjon. Hansen nemner kjølbeinsproblematikk som eit aktuelt tema ein ikkje veit nok om.
Svakheiter i brystbeinet, kjølbeinet, er eit dyrehelseproblem som treng oppfølging og vil nok bli undersøkt meir systematisk i tida framover.
– Da kan det vere interessant å samanlikne dei eldre verpehønsrasane med nyare, kommersielle hybridar for å få meir kunnskap, seier Animalia-rådgjevaren.
Ein studie i mangfald
Gjennom slektsdata- og dokumentasjonsarbeidet som er gjennomført på Genbanken det siste året, er det lagt eit kunnskapsgrunnlag for vidare bruk. Til dømes er det no utført ein studie av genetisk mangfald basert på dette materialet.
– Resultatet av å samanlikne DNA frå genbankhønene med andre rasar, mellom anna med Lohmann-høner som er ein av verdas mest utbreidde kommersielle rasar, kan tyde på at det norske genbankmaterialet er langt nok frå dei kommersielle linjene til å representere interessant genetisk variasjon for desse, kommenterer genressursleiar Sæther.
– Det norske genbankmaterialet kan og vere eit interessant utgangspunkt for aktørar som ønskjer å starte nye avlslinjer med andre avlsmål enn dei finn hos dei store internasjonale avlsselskapa.
Styrken til det norske genbanksmaterialet kan derfor vere at det ikkje er altfor langt unna dei kommersielle linjene samtidig som tilgangen til data om dyrematerialet på genbanken er open for alle. Det er vanlegvis ikkje tilfelle for informasjon frå dei kommersielle verksemdene.
Forsikring for framtida
Generelt snakkar Nina Sæther engasjert og overtydande om moderne foredlings- og produksjonsmetodar som har redusert genetisk variasjon kraftig:
– Uansett landbruksproduksjon er det viktig at produsentar og forbrukarar har eit genetisk mangfald å hauste av i framtida når mat skal produserast under endra klima- og rammevilkår.
Variasjon og breidde har ein eigenverdi som er uavhengig av forretningsverdi.
– For vi veit ikkje kva utfordringar som møter oss i morgon, seier ho.
Referanse:
Strategiplan for verpehøns 2018-2027 frå Norsk genressurssenter