Annonse

Vil ha strategi for verdsleiande havforsking

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Regjeringa lanserer Hav21, ein strategi for at Noreg skal ha ein globalt leiande posisjon når det gjeld kunnskap knytt til hav og havforvaltning.

– Noreg er eit havland, og vi er gode på marin forsking. Men vi skal bli endå betre. Difor startar vi Hav21, ein strategi for at Noreg skal ha ein globalt leiande posisjon når det gjeld kunnskap knytt til hav og havforvaltning.

Det sa fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen då ho tirsdag lanserte starten av arbeidet med strategien under Havdagen i Oslo.

– Havet vårt har et enormt potensiale og spelar ei nøkkelrolle for alt fra framtidig tilgang til trygg og sunn mat, fornybar energi, helse og velferd og endringar i miljøet nasjonalt og internasjonalt. Samtidig er det uutforska mulegheiter i havet som kan bli særs viktige gjennom blant anna marin bioprospektering, sa Berg-Hansen.


Powered by Labrador CMS