Annonse

Vant pris for framifrå bidrag til kjønnsforskinga

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Kan pensjonerte husmødrer tape på at yngre karrierekvinner får betre vern mot diskriminering? Ja, konkluderer jurist Ninja Tollefsen. Masteroppgåva hennar vann nyleg prisen for framifrå bidrag til kjønnsforskinga ved Universitetet i Oslo, melder KILDEN.

enter for tverrfagleg kjønnsforsking (STK) ved Universitetet i Oslo heldt sin årlege nyttårsfest 8. januar og delte, tradisjonen tru, ut studentprisen for framifrå bidrag til kjønnsforskinga. Av seks nominerte masteroppgåver frå fire fakultet var det Ninja Tollefsen ved Avdeling for kvinnerett, barnerett, likestillings- og diskrimineringsrett som stakk av med sigeren.

Juryen besto av forskar Ingeborg W. Owesen (leiar) samt styreleiar ved STK, professor Halvard Vike og professor Beatrice Halsaa.

Powered by Labrador CMS