Nye sjukdomar trugar norsk natur
Import og handel av grøntanleggsplanter fører også med seg nye plantesjukdommar. Forskarane er spesielt uroa over at den svært skadelige eggsporesoppen Phytophthora no er funnen i skogs- og naturområde.
Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Omfattande internasjonal handel med planter gjer at Phytophthora spreier seg til stadig nye område i verda. Det fins mange ulike artar, men felles for dei er at dei er svært skadelege for plantene dei angrip.
Her i landet er det dei siste åra gjort funn på treaktige planter både i planteskular, hagesenter, frukthagar, klyppegrøntfelt, juletrefelt, grøntanlegg og lauvskog.
Smitten kjem frå importerte planter, og her er det gjort fleire funn, sjølv om plantene kjem med ”sunnhetssertifikat”!
Fleire sjukdomar
Planteklinikken ved Bioforsk Plantehelse får stadig inn prøvar med plantesjukdomar som er nye for landet. Seinast i august vart det stadfesta store skadar av ein ny soppsjukdom på hekkplanten buksbom frå ein privathage i Oslo.
I september vart han funnen i Rogaland og seinare også på importerte planter i fleire hagesenter i Akershus.
– Denne skadegjeraren er eit omfattande problem på buksbom i mange europeiske land, og er nok eit døme på korleis handel med planter spreier skadeorganismar.
– Vi fryktar at sjukdomen kan vera spreidd over eit større område, seier forskar Venche Talgø ved Bioforsk Plantehelse.
Det er ikkje enkelt å få bukt med slike nye sjukdommar. Bruk av kjemiske middel er uaktuelt i privathagar, parkar og anlegg, og det finnes heller ikkje resistente sortar av buksbom. Dermed har planteskular og hagesenter eit stort ansvar ved import, samtidig som hageeigarar må vera ekstra merksame.
Phytophthora-bekymring
Noreg har vore skåna for mange av plantesjukdomane som fins i andre land. Men auka handel aukar faren for spreiing også her i landet.
På verdsbasis er det så langt rapportert 67 Phytophthora-artar, og stadig nye arter vert funne. Det mest alvorlege funnet dei siste åra er ein ny Phytophthora-art på spisslønn og bøk i eit skogholt ved Byhaugen i Stavanger i 2009.
Men også funn av ein annan nyleg innført Phytophthora-art på ville blåbær er skræmande.
– Funnet i skog er spesielt alarmerande, og vi må gjera alt for å hindra at artar av Phytophthora får etablera seg i naturen, meiner Talgø.
Denne sjukdommen er kjent frå 46 lauvtreartar i Europa og USA og vert sett på som ein stor trussel mot skogar og andre økosystem i Europa. Difor er Talgø redd for konsekvensane ved ytterlegare spreiing i Noreg.
Aktuelle tiltak
Har ein først fått inn smitte av Phytophthora, er det svært vanskeleg å få bukt med problemet. Kvilesporar kan nemleg liggja i jorda i årevis i påvente av gunstige tilhøve og rett vertplante.
Tradisjonell sprøyting med soppmiddel vil heller ikkje fungera. Sidan Phytophthora er ulik ekte soppar, er det få av dei tilgjengelege soppmidla som har nokon verknad. Ingen av dagens kjemiske preparat kan utrydda Phytophthora.
– Handteringa av situasjonen med ein Phytophthora-art i sypress på vestkysten av USA gir likevel håp. Der har dei innført strenge restriksjonar på ferdsel både til fots og med køyretøy for å hindra smitte til nye område.
Talgø fortel at dei også har lukkast med å få fram sypressplanter som er resistente, og at skogen no er byrja å veksa opp att på ny.
Kontroll ved import

Uansett sjukdom er det viktigaste tiltaket å bruka friskt plantemateriale. Her har planteskulane ei viktig oppgåve, då det er lettare å kontrollera plantematerialet der enn ute i felt.
I høve til Phytophthora meiner Venche Talgø det bør gjennomførast ei grundig kartlegging av situasjonen både i Stavanger og andre aktuelle område i Norge. Det bør seinare bli ei vedvarande overvaking, slik at ein kan setja inn tiltak på tidleg stadium for å hindra spreiing av sjukdomen.
– Når det gjeld det infiserte skogholtet i Stavanger, ligg det isolert til i høve til annan skog, men det beste vil vera å sanera dei sjuke trea og innføra restriksjonar på ferdsel i området. Fylgjer vi ”føre var” prinsippet, har vi håp om å koma problemet i forkant.
SE OGSÅ
-
Sykdom truer kastanjetrærne
-
Julestjerne-bakterie påvist i Norge
-
Frisk juletre-eksport
-
Kamp mot ugrasversting
-
Angriper flere år på rad
-
Har funne årsaka til vissen ask
-
Spøkelsesaktig spinn på hegg
-
Skummel sopp dreper rhododendron
-
Soppvarsel gir mindre sprøyting
-
Mye lauv i Troms – men grana er på vei
-
Syk julestjerne får hjelp på klinikken